Vil ha fleire UiO-studentar til Buenos Aires

Ordføraren i Buenos Aires vil lokka fleire UiO-studentar til Argentinas hovudstad. Tango, fotball og litteratur er blant dei tinga studentane kan nyta godt av under opphaldet.

SIGNERTE AVTALE: UiO-rektor Svein Stølen og ordførar Horacio Rodriguez Larreta i Buenos Aires, skreiv under ein intensjonsavtale der dei skal samarbeida for å leggja forholda endå betre til rette for UiO-studentar som vil ta eit studieopphald i Buenos Aires.

Foto: Martin Toft

Byregjeringa i Argentinas hovudstad, Buenos Aires og UiO skal i fellesskap hjelpa UiO-studentar til å få ei endå betre oppleving av studieopphaldet i millionbyen. Det  går fram av ein avtale som rektor Svein Stølen og ordførar Horacio Rodriuez Larreta skreiv under på sist fredag.

I dag har Buenos Aires rundt 50 000 utanlandske studentar ved dei offentlege og private universiteta i byen. 

– No har me ambisjonar om å dobla det talet fram til 2021, stadfestar ordførar Horacio Rodriguez Larreta. Han og byregjeringa lovar studentane som drar dit eit studentmiljø som er blitt kåra til Latin-Amerikas beste, og ein storby som er klassifisert som Latin-Amerikas  tryggaste. Sjølvsagt trekkjer dei også inn at Buenos Aires er verdas tangohovudstad og samtidig kan skilta med 36 fotballstadionar.  Dessutan har det vore byen til kjende argentinske forfattarar som Jorge Luis Borges og Julio Cortázar.  

Formålet med intensjonsavtalen er  å få til auka studentutveksling mellom UiO og universiteta i Buenos Aires. Dei siste åra har det vore frå 13 til 4 studentar frå UiO i Buenos Aires, medan det har vore frå 4 til 1 studentar frå Buenos Aires ved UiO. 

– Eventyrbyen

– For meg har Buenos Aires alltid vore eventyrbyen, sa rektor Svein Stølen då han ynskte ordførar Hector Larreta Rodriguez velkommen. 

Etter eitt døgn i Oslo hadde ordføraren i Buenos Aires også observert likskapar mellom dei to hovudstadane. – Akkurat som Oslo vil me ha endå fleire utanlandske studentar til universiteta våre. Me håpar dei kan vera der anten for å ta eit fullstendig akademisk studium der, eller for eit kortare opphald. Og me vil gjerne at fleire argentinske studentar drar utanlands, understreka han.   – Buenos Aires har store problem med for mange bilar og for mykje forureining. No arbeider me for å redusera desse problema, lova han.  

Og Svein Stølen viste til at UiO arbeider med slike utfordringar:  – Me arbeider med å sjå på samanhengen mellom utvikling og miljø, peika han på.

Vil auka studentutvekslinga

I intensjonsavtalen som byregjeringa i Buenos Aires og Universitetet i Oslo har skrive under på, går det fram at dei skal oppmuntra til internasjonalt samarbeid mellom UiO og partnaruniversiteta i Buenos Aires på grunnlag av vennskap, likeverd og felles assistanse. Byregjeringa i Buenos Aires vil gjerne ha fleire utanlandske studentar fordi den meiner det er svært positivt for den lokale kulturen, og viktig for den internasjonale studentutvekslinga. 

I dag har Universitetet i Oslo fire studentutvekslingsavtalar med universitet i Argentina, tre av avtalane er med universitet i Buenos Aires, medan den fjerde avtalen er med universitetet i byen Córdoba, 70 mil lenger nord i Argentina.

Dette er utvekslingsavtalane som Universitetet i Oslo har med universitet i Argentina:

 

By

Nivå

Universidad de Buenos Aires og Det humanistiske fakultetet

Buenos Aires

Bachelor, Master og Ph.d.

Universidad de Buenos Aires og Det medisinske fakultetet

Buenos Aires

Profesjonsstudium

Universidad del Salvador og Institutt for statsvitskap

Buenos Aires

Bachelor

Universidad Nacional de Córdoba og Institutt for litteratur, områdestudium og europeiske språk

Córdoba

Bachelor

 

 

 

 

 

 

Emneord: Latin-Amerika, Internasjonalisering, Studentforhold Av Martin Toft
Publisert 9. apr. 2018 13:04 - Sist endra 9. apr. 2018 13:04
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere