UiO kan truleg få merka fylgjene av ny betalingsmodell for universitetsareala på sjukehusa

Den nye modellen for finansiering av nye universitetsareal  på sjukehusa kan få økonomiske konsekvensar for Universitetet i Oslo. Det er temaet for det ekstraordinære møtet bak stengde dører i universitetsstyret klokka 15.30 i dag.

NY SAMARBEIDSMODELL: Rektor Anne Husebekk (i midten) ved UiT overrekkjer rapporten "Samordning mellom universiteter og helseforetak" til statssekretær Anne Grethe Erlandsen i Helse- og omsorgsdepartementet og statssekretær Bjørn Haugstad i Kunnskapsdepartementet den 5.desember 2016. (Arkivfoto)

Foto: Martin Toft

I statsbudsjettet for 2019 er det komen inn ein ny hovudmodell for finansiering av nye universitetsareal i sjukehus. Den går ut på at helseføretaka skal eiga lokala medan universiteta skal leiga. Kunnskapsdepartementet skal dekkja maksimalt 75 prosent av dei årlege leigekostnadene.

Etter det Uniforum kjenner til, skal styremedlemane i dagens styremøte drøfta kva økonomiske konsekvensar dette får for Universitetet i Oslo. Uniforum har vore i kontakt med rektor Svein Stølen om denne saka, men han vil ikkje bli intervjua før etter at universitetstyret har gjort eit endeleg vedtak. 

Forslag frå Husebekk-utvalet

Bakgrunnen for saka er fleire forslag som blei lagt fram av eit utval leidd av rektor Anne Husebekk ved Universitetet i Tromsø. Utvalet la fram rapporten sin 5 .desember 2016, og den inneheldt fleire forslag til finansiering av nye sjukehus. Eit viktig punkt var nettopp eit forslag om at det blir laga ein samordna modell for finansiering, vedlikehald, drift og bruk for universitet/universitetssjukehus.

• Les meir i Uniforum: Ynskjer betre samarbeid mellom universiteta og helseføretaka

UiO ville ikkje spleisa på nytt klinikkbygg

Allereie sommaren 2017 hadde forholdet mellom Universitetet i Oslo og Kunnskapsdepartementet spissa seg til når det galdt finansieringa av undervisning og forskingslokale i det nye klinikkbygget til Radiumhospitalet. Der hadde UiO bede om til saman 504 kvadratmeter til undervisning og forsking. Det vil utgjera rundt 4 prosent av det totale arealet i klinikkbygget, som skal stå ferdig i 2022. Etter planen vil klinikkbygget på 16 000 kvadratmester kosta  over 3,1 milliardar kroner. Det er Helse Sør-Aust som bestemmer over korleis prosjektet skal bli. Nettopp derfor ville UiO sleppa å ta delar av rekninga.

Kunnskapsdepartementet meinte at UiO måtte finansiera desse lokala frå den eksisterande budsjettramma. UiO gav klar beskjed tilbake om at det absolutt ikkje var mogleg innanfor den faste ramma.

 • Les meir i Uniforum: UiO vil ikke spleise på nytt klinikkbygg

Dette tilfellet var truleg berre opptakten til diskusjonen om den hovudmodellen som regjeringa no ynskjer å innføra. Den byggjer i stor grad på forslaga i rapporten til Husebekk-utvalet.

I ein presentasjon av den nye modellen på nettsidene til Helse- og omsorgsdepartementet med tittelen Planlegging, finansiering og eierskap til universitetsarealer i sykehus frå januar 2018, går det fram at finansieringa vil ha fylgjande hovuddelar:

  •  Helseføretaka har ansvaret for å finansiera totalprosjekta

  • Sjukehusdelen blir finansiert på vanleg måte gjennom eigenkapital og 70 prosent låneopptak

  • Universitetsdelen av prosjektet skal finansierast med 100 prosent lån.

  •  Løyving til husleigekompensasjon for universitetsareala blir handsama samstundes med lånesøknad frå regionalt helseføretak (RHF). Det kan søkjast om maksimalt 75 prosent husleigekompensasjon.

  • Kvart helseføretak får trekt eit beløp som svarar til dagens utgifter til forvaltning, drift og vedlikehald av universitetsareal, til delfiansiering av husleigeutgifter, går det fram av presentasjonen Helse- og omsorgsdepartementet gir av den nye hovudmodellen.

Helseføretaka skal eiga medan universiteta leiger

Hovudprinsippet bak den nye modellen er at framtidige sjukehusutbyggingar med universitetsareal skal planleggjast som felles prosjekt mellom helseføretak og universitet.

I hovudmodellen skal det opprettast ein leigeavtale der helseføretaka eig bygningane medan universiteta leiger lokala av helseføretaka, går det fram av presentasjonen frå Helse- og omsorgsdepartementet.

Modellen inneber også at universiteta og helseføretaka skal inngå langsiktige avtalar som regulerer ansvar og forpliktingar for begge partar. I avtalen inngår også husleige som dekkjer kostnadene for universitetsareala. Eit anna viktig prinsipp er at universiteta skal eiga alt utstyret dei brukar.

Møtet i universitetsstyret startar klokka 15.30 og skal vera over ein time seinare. 

Dette er den korte saklista til dagens ekstraordinære møte i universitetsstyret:
 

Møte nr. 1/2019 i universitetsstyret - ekstraordinært møte

Tid og sted: 14. jan. 2019 15:30 - 16:30, Rom 921, Lucy Smiths hus

Legg til i kalender

Saker til behandling i lukket møte

Ordinære saker


V-SAK 1 Leie av nye sykehusarealer - konsekvensvurdering

Saken er unntatt offentlighet etter offl § 14

 

Av Martin Toft
Publisert 14. jan. 2019 03:00
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere