Krev at UiO trekkjer åtvaring

Førsteamanuensis Vibeke Roggen gav ein rektor og politikar i Aserbajdsjan råd om å få endra opptaksreglane for regionstudiet. Han klaga til UiO. Seinare fylgde han rådet, medan Vibeke Roggen fekk ei tenestleg irettesetjing.

KREV ÅTVARING FJERNA: Førsteamanuensis Vibeke Roggen krev at UiO trekkjer tilbake ei åtvaring som blei gitt henne etter å ha send eit brev til ein universitetsrektor i Aserbajdsjan utan å ha fått formell godkjenning frå Institutt for lingvistiske og nordiske studium.

Foto: Ola Sæther

Fakta om Skandinavia-studiet i Aserbajdsjan: 

  • i 2005 inviterte rektor Samad Seyidov ved Aserbajdsjan University of Languages Noreg til å vera med på starta ein bachelorgrad om Skandinavia. Han var også leiar for utanrikskomiteen i parlamentet.
  • undervisninga starta formelt opp i 2006 av Universitetet i Agder i samarbeid med Senter for internasjonalisering av utdanning (SiU).
  • i 2007 tok  Samad Seyidov personleg kontakt med Vibeke Roggen for å be om at Universitetet i Oslo blei med på samarbeidet.
  • Universitetet i Agder  fekk ansvaret for norskfaget, medan Institutt for filosofi-, idé- og kunsthistorie og klassiske språk (IFIKK), der Roggen er tilsett, fekk ansvaret for regionsfaga.
  • frå 2010 dreiv UiO prosjektet åleine, men gjennom Institutt for lingvistiske og nordiske studium (ILN). Vibeke Roggen heldt fram som prosjektleiar, noko ho held på med fram til prosjektet vart avslutta sommaren 2013.
  • i dag står Skandinaviastudiet ved Aserbajdsjan University of Languages på eigne bein.

– Eg har lenge kravt at UiO trekkjer tilbake denne tenestlege tilrettevisinga, men utan hell, fortel førsteamanuensis Vibeke Roggen til Uniforum. For henne inneber det å ha ein flekk på det akademiske rullebladet som ho meiner ho absolutt ikkje fortener. No ynskjer ho å dela historia si, slik at ikkje andre hamnar i det same uføret som ho opplevde.

I 2005 inviterte rektor Samad Seyidov ved Aserbajdsjan University of Languages Noreg til å vera med på å starta ein bachelorgrad om Skandinavia. To år seinare fekk Vikeke Roggen jobben som prosjektleiar.

– Hovudmålet hans var at det skulle bidra til demokratibygging. Sjølv om eg hadde mange kontroversar med Samad Seyidov fordi me hadde ulike oppfatningar, klarte me likevel å roa ned situasjonen når me hadde diskutert oss gjennom problema.

– Raserianfall

Situasjonen endra seg brått for henne i 2012.

– Då fekk Samad Seyidov eit raserianfall som enda opp i eit klagebrev til UiO på grunn av eit brev han hadde fått frå meg. Der tillét eg meg å kritisera endringa av opptakssystemet til alle universiteta i Aserbajdsjan. Det skjedde utan at universiteta fekk lov til å uttala seg. Resultatet var at framandspråkkompetanse ikkje lenger talde med ved opptak til regionstudium. Dermed fekk Skandinavia-studiet eit kull med studentar som ikkje kunne engelsk og som norsklæraren ikkje kunne kommunisera med. Og det var derfor eg tok opp dei prinsipielle spørsmåla i eit brev til Seyidov, hugsar ho.

Av 200 nye studentar ved fakultetet for regionstudium og internasjonale relasjonar hausten 2011 strauk om lag 80 til eksamen etter første semester. Likevel ville ikkje den statlege opptakskommisjonen snu.

I brevet peika ho på behovet for opne og transparente, demokratiske prosessar i samband med opptak.

Kalla inn på teppet

Ganske straks etter at brevet var levert på rektoren sitt kontor, blei Roggen kalla inn til Seyidov. – Då fortalde han meg at han var svært «oppbrakt» over brevet og ville klaga til norske styresmakter. Det gjorde han; han sende eit brev til den norske ambassadøren med kopi til Instittut for lingvistiske og nordiske studium. Det viste seg at han først og fremst var fornærma over påpeikinga mi av at mangel på transparens i opptakssystemet ville kunna gi grunnlag for korrupsjonsmistankar og at norske pengar «not seem to be well spent». Men sjølv fekk eg ikkje kopi av klagebrevet, seier Vibeke Roggen. – Korkje ambassadøren eller instituttleiaren ville gi meg det.

I Baku ba Seyidov Vibeke Roggen om å halda fram som leiar for prosjektet. Om lag samtidig blei ho kalla inn på kontoret til instituttleiar Bente Christensen. På grunnlag av hennar brev og Seyidovs klagebrev blei ho tildelt ei munnleg åtvaring for å ha gått ut over dei fullmaktene ho hadde som prosjektleiar og skapt vanskar for rektor Seyidov og norsk UD. Også denne gongen blei ho nekta tilgang til Seyidovs brev.

– Eg var ikkje klar over kor klar Offentleglova er, at eg hadde ein sjølvsagt rett til å sjå brevet som var ein klage på meg. Men underleg er det at rektor, dekan og instituttleiar ikkje visste det, eller valde å sjå bort frå lova.

 «Manglende rolleforståelse»

I svaret frå instituttet går det fram at Roggen har sendt det omtalte brevet til Seyidov utan klarering med instituttleiar Bente Christensen, som også var representant for prosjekteigaren:  «hun hadde vist en manglende rolleforståelse da brevet av 22. februar 2012 ble sendt uten klarering med henne».  

Etter at prosjektet formelt var avslutta i 2014, fekk Roggen kontakt med pensjonert høgsterettsadvokat Ketil Lund. Han bistod henne i møte med instituttleiinga og sa mellom anna at ein føresetnad for ei åtvaring er at den tilsette har gjort noko klanderverdig. Han meinte at noko slikt ikkje hadde skjedd i denne saka, og gjentok kravet om at åtvaringa måtte trekkjast tilbake og at Roggen måtte få dekt advokatutgiftene sine. Krava blei avslått av instituttleiinga.

Tilbydd 20 000 kroner

4. desember 2014 fekk Vibeke Roggen eit svarbrev med tilbod om 20 000 kroner som ei «minnelig løsning», om instituttet kunne få ei stadfesting frå henne på at ho ville gjera seg ferdig med saka om «den muntlige advarselen og kravet på saksomkostninger». Der gjer dei det også klart at grunnen til den tenestlege åtvaringa var at ho som prosjektleiar hadde sendt eit viktig brev til rektor Seyidov utan å ha vore i dialog med prosjekteigar, altså instituttleiinga.

Kritikken førte fram

– Kva kom ut av kritikken din av endringane i opptakssystemet?

– Seyidov fylgde rådet mitt og tok kontakt med leiaren for opptakskommisjonen. Ho gjekk med på å endra opptaksreglane til Aserbajdsjan University of Languages. Det førte til at framandspråkkompetanse blei innført som eit krav for dei ca. 200 studentane som årleg blei tatt opp på fakultetet for regionstudium og internasjonale relasjonar. Dette er noko eg er stolt av.

Etter hennar meining kunne det meste ha blitt løyst om ho hadde fått lese Seyidovs brev tidlegare. – Då kunne me i fellesskap ha forfatta eit svar til han. Då kunne me også ha rydda bort ein del misforståingar. I staden blei han svært irritert over at han aldri fekk noko svar frå UiO.

– Kvifor tar du likevel opp denne saka no?

– Det er ikkje berre av omsyn til meg sjølv, men fordi det reiser viktige prinsipielle spørsmål ved behandlinga av universitetstilsette som kan hamna i liknande situasjonar.

Ho har enno ikkje gitt opp håpet om at åtvaringa mot henne blir oppheva. Samtidig er ho glad for at denne konflikten ikkje har sabotert arbeidet ho var prosjektleiar for.

– Skandinaviastudiet ved Aserbajdsjan University of Languages i Baku står fint på eigne bein i dag, konstaterer ho.

Leiinga uttaler seg ikkje om personalsaker

Uniforum har også tatt kontakt med tidlegare instituttleiar Bente Christensen ved Institutt for lingvistiske og nordiske studium for å få hennar versjon av det som skjedde då Vibeke Roggen fekk ei munnleg åtvaring.  Me fekk fylgjande svar frå Bente Christensen: «– Jeg gikk av med pensjon i 2013, og anser at jeg hverken har rett eller plikt til å uttale meg om personalsaker ved ILN.» 

I tillegg bad Uniforum om å få ein kommentar til det som hadde skjedd frå administrasjonsleiar Jan Halvor Undlien ved Institutt for lingvistiske og nordiske studium. Svaret kom til slutt frå fakultetsdirektør Monica Bakken ved Det humanistiske fakultetet:  – Vårt svar på dine spørsmål er at arbeidsgjevar ikkje kan uttala seg om enkeltsaker innanfor personalområdet, skriv Monica Bakken i ein epost.

Les meir om UiO og Aserbajdsjan:

Deltar i Aserbajdsjans utdanningsrevolusjon

Thor Heyerdahl som helt, huggestabbe og brobygger

I Thor Heyerdahls aserbajdsjanske fotspor

- Uheldig at ambassaden reduserer sin deltakelse

UiO på stram line i Aserbajdsjan

UiO overlater skandinaviastudium til Aserbajdsjan

 

 

 

 

Emneord: Internasjonalisering, Arbeidsforhold, Arbeidsmiljø, Aserbajdsjan Av Martin Toft
Publisert 23. sep. 2016 05:00
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere