Deltar i Aserbajdsjans utdanningsrevolusjon

- Aserbajdsjan skal bruka mykje av olje- og gassinntektene til investering i forsking og utdanning. Det sa utanriksminister Elmar Mammadyarov i eit foredrag i Oslo i desember i fjor. - Det var eg glad for å høyra, seier Vibeke Roggen, som no leier UiOs del av eit samarbeid med Azerbaijan University of Languages i Baku.

TRENG UiO-FORSKARAR: - Lærarane i Aserbajdsjan treng vidareutdanning for å undervisa studentane sine om dei politiske, sosiale og økonomiske forholda i Skandinavia, seier Vibeke Roggen.
Foto: Ola Sæther

Det var eit besøk hos ein kollega i Baku og ein invitasjon til å halda gjesteforelesing på universitetet i Baku, som var bakgrunnen for at førsteamanuensis i latin, Vibeke Roggen, no leier UiOs samarbeid med Azerbaijan University of Languages.

Då fortalde kollegaen hennar at universitetsrektoren Samad Seyidov gjerne ville møta henne. Han er ein av dei leiande politikarane i landet, og er leiar for Aserbajdsjans parlamentsdelegasjon til Europarådet, der han no er visepresident.

- Etter 70 år som del av Sovjetunionen er Aserbajdsjan eit relativt sekularisert muslimsk land, og målet er å utvikla landet slik at det kan tena som eit døme for andre muslimske land i regionen, som til dømes Iran og Afghanistan. Vil du hjelpa til med dette? spurde han Vibeke Roggen under deira første møte for eitt år sidan.

- Kva anna enn ja, kunne eg svara? spør Roggen.
- Aldri før har nokon spurt meg om noko slikt! Rektoren oppmoda meg til å prøva å få UiO til å vera med på samarbeidsprosjektet som universitetet hadde med Universitetet i Agder, fortel ho.

Skandinavia-kunnskap

Prosjektet går ut på å byggja opp eit studium om Skandinavia.

- Språkuniversitetet har sett i gong eit bachelorstudium i Skandinavia-kunnskap med vekt på Noreg. Gjennom fire år skal studentane studera ei rekkje fag som har å gjera med Noreg og Skandinavia, men dei skal også læra seg norsk.

- Universitetsrektor Seyidov meinte at slike regionstudium gjer det mogleg for dei å læra andre kulturar å kjenna og samanlikna dei og vurdera kva som er godt og kva som er dårleg. No satsar Aserbajdsjan på å gi ungdomen betre utdanning og på den måten utvikla landet på alle vis, understrekar ho.

UD gir 1,6 mill. kr

Heime i Noreg tok Vibeke Roggen kontakt med HF-leiinga, instituttet ho høyrer til og rektor Geir Ellingsrud.

Resultatet blei at Institutt for filosofi, idé- og kunsthistorie og klassiske språk tok på seg å husa samarbeidsprosjektet, og no er Roggen blitt koordinator for UiOs del av prosjektet. I ryggen har prosjektet 1,6 millionar kroner frå Utanriksdepartementet via Senter for internasjonalisering av høgare utdanning (SiU). Men ho meiner prosjektet treng meir pengar og tenkjer å senda ein søknad om økonomisk støtte til Statoil/Hydro.

- Selskapet er den nest største utanlandske investoren i Aserbajdsjan, eit land som dei siste åra har hatt ein økonomisk vekst på 30 prosent i året. Det er ikkje få milliardar selskapet har investert i landet, og no kjem avkastinga. Statoil/Hydro er positiv til prosjektet vårt, seier Roggen.

Far og son Aliyev

Ho er klar over at landet ikkje er noko godt demokratisk førebilete i dag.

- President Ilham Aliyev er son av den førre presidenten, som tidlegare også leidde den lokale avdelinga av KGB. Vestlege auge trivst ikkje så godt med å sjå plakatar av desse to alle stader, inne som ute. Fleire journalistar sit også i fengsel, peikar ho på.

- Korleis vil UiO og Universitetet i Agder fordela oppgåvene?

- Universitetet i Agder har ansvaret for språkopplæringa i norsk og litteraturfaget. UiO har fått oppdraget med å undervisa studentane i norsk og skandinavisk historie, kunst og kultur, det juridiske systemet i Noreg, frivillige organisasjonar, massemedium i Skandinavia og norsk økonomi. Til saman rundt 12 fag.

- Ein norsk lærar underviser i norsk, medan lokale lærarar tar seg av alle dei andre faga, fortel ho. Det aserbajdsjanske universitetet ynskte seg samarbeids-partnarar frå Noreg for å få dette til.

Jaktar på norske førelesarar

- Aserbajdsjanske historikarar, litteraturvitarar og økonomar har ikkje studert Noreg spesielt, og om me skal vera ærlege, er ikkje vesle Noreg særleg synleg i vershistoria, verdslitteraturen eller i verdsøkonomien.

- Dei lokale lærarane treng vidareutdanning for å undervisa studentane sine om dei politiske, sosiale og økonomiske forholda i Skandinavia. Der ligg det oppgåver for forskarar frå UiO, understrekar Roggen. No er ho på jakt etter folk frå forskjellige fagområde som kan tenkja seg å bli med på prosjektet, finna faglitteratur og blant anna utvikla kurs for lærarar.

- Nordmenn spør meg kvifor dei ynskjer eit slikt studium og mest av alt kvifor nokon vil læra seg språket til det vesle landet vårt som ligg så langt borte. Men Noreg er ikkje eit lite og uviktig land i Aserbajdsjan, seier Roggen entusiastisk.

- Alle har høyrd om Thor Heyerdahl og er glade i teoriane hans, baserte på Snorres Ynglingesaga, om at me skandinavar opphavleg kom frå landa aust for Svartehavet, fortel ho.

- Blir oppfordra til kritisk tenking

Aserbajdsjan er også blitt med i Bologna-prosessen, som kort fortalt går ut på å harmonisera gradsystemet for høgare utdanning i alle land i Europa.

- Det stiller også strenge krav til undervisningsmetodar. Då nyttar det ikkje lenger å skriva eit heilt korrekt referat av ein tekst, slik dei var vande til frå den tida landet var ein del av Sovjetunionen. No skal det oppfordrast til kritisk tenking og tolking av fagstoff og tekstar. Noko som me kan læra av dei, er å pugga, peikar Roggen på. Ho blir misunneleg når ho seg kor utruleg fort dei lærer eit språk som norsk, fordi dei har forstått kor viktig det er å pugga grammatiske reglar og glosar.

I dag er det rundt 17 studentar på dette studiet, åtte på første årskull og ni på andre. I september kjem studentane på eit to veker langt besøk til Noreg. Fem av dagane skal dei vera i Oslo, og dei skal også besøkja UiO.

Denne veka er ho tilbake i Aserbajdsjan.

- Eg vil gjerne vera til stades når utanriksminister Jonas Gahr Støre kjem på besøk til universitetet tysdag den 29. april, seier ho. Tittelen på Støres foredrag i Baku er "Norway and Azerbaijan - a partnership for Europe".

Emneord: Internasjonalisering, Aserbajdsjan Av Martin Toft
Publisert 28. apr. 2008 15:20 - Sist endra 10. des. 2008 14:50
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere