– President Bashar al-Assad er rota til alt som går gale i Syria

– President Bashar al-Assad er rota til alt som er gale i Syria. Heldigvis ser det ut som både USA og EU avviser ei fredsløysing som involverer Assad. Det sa forskar Thomas Hegghammer ved Forsvarets forskingsinstitutt under ein debatt om terrorismen i Paris i går.

IKKJE VELLYKKA: – Konklusjonen er at ingen av terroristane var spesielt vellykka, men nokre få er meir ressurssterke enn dei andre. Dei er entreprenørane, slo forskar Thomas Hegghammer fast i ein debatt om terrorismen i i går.

Foto: Martin Toft

Er det mogleg å kjempa ned terrorismen? Det var tema for debatten som SV-fakultetet ved Universitetet i Oslo skipa til på Litteraturhuset i går kveld. Forskar Thomas Hegghammer frå Forsvarets forskingsinstitutt var den første som slapp til, og han var ikkje særleg optimistisk etter dei siste terroråtaka frå ISIL i Paris.

– Det ser mørkare ut enn nokon gong. Eg har aldri vore meir uroa enn det eg er no. Mange av dei same karakteristikkane av terroristane kjenner eg igjen frå tidlegare. Det er unge menn mellom 20 og 30 år med kulturell bakgrunn frå Nord-Afrika. Reint økonomisk er dei lågt, presterande, konstaterte han.

 – Ingen av dei er vellykka

Hegghammer viste til at mellom Paris-terroristane var det fleire småkriminelle, ein bussjåfør, ein røyrleggjar og fleire arbeidsledige.

– I media blei det publisert saker som peika på at den eine terroristen hadde gått på ein prestisjetung, vidaregåande skule i Belgia. Når den påstanden blei undersøkt grundigare, blei det avslørt at han hadde gått der berre eitt år, før han slutta. Han fullførte aldri den vidaregåande skulen, og den einaste grunnen til at han begynte der var etter press frå faren, som var blitt butikkeigar etter at han først hadde jobba i gruveindustrien i Belgia. Konklusjonen er at ingen av terroristane var spesielt vellykka, men nokre få er meir ressurssterke enn dei andre. Dei er entreprenørane, slo Hegghammer fast.  

– Litt over gjennomsnittet intelligent terrorist

Terrorekspert og professor Tore Bjørgo frå Politihøgskulen peika på likskapen mellom Paris-terroristane frå ISIL og den norske terroristen Anders Behring Breivik.

– Ingen av dei klarte å oppnå det dei ville med liva sine. I biografien til Breivik står det at han var ein vellykka forretningsmann. Ved nærare undersøkingar viste det seg at det var svært langt frå sanninga. Den einaste gongen han var nøgd med meg som ekspertvitne i rettssaka mot han, var då eg sa at han var ein litt over gjennomsnittet intelligent terrorist, mintest Bjørgo.

Eit verdsbilete snudd på hovudet

Dagleg leiar for Minotenk, Linda Noor, understreka i sitt innlegg i kor stor grad framandkrigarane er normale, vestlege ungdommar med dei same håpa og problema som andre ungdommar har.

– Dei er opptatt av kjærleik, hårfrisyre og spenning. Mange av dei har konservative, muslimske foreldre, medan andre er konvertittar med ikkje-muslimske foreldre. Heile verdsbiletet deira er snudd på hovudet. For dei er Vesten i krig med islam. Dei er dei sanne forsvararane av islam og den islamske fellesskapen, trekte ho fram. Linda Noor synte til forsking som reknar talet på framandkrigarar frå Europa som har slått seg ned hos ISIL i Syria eller Irak til rundt 3000 personar. I tillegg har 2000 andre gått inn i andre, liknande organisasjonar.

– Ein av sju er kvinner med ein gjennomsnittsalder på 21 år, medan mennene har ein gjennomsnittsalder på 25 år. Slik har ISIL nesten blitt ei ungdomsrørsle. Den er også lite hierarkisk samanlikna med andre organisasjonar. I Noreg har også Profetens Ummah insistert på å vera egalitære, sa Linda Noor.

Svekka ISIL-støtte i Noreg

Etter hennar oppfatning er støttemiljøet til ISIL i Noreg sterkt svekka og nesten i ferd med å gå i oppløysing.

– Mange av dei norske framandkrigarane er drepne, medan nokre er blitt arresterte. Difor er det ikkje lenger dei mest ressurssterke som er ISIL-sympatisørar i Noreg. TV2-reporter Kadafi Zamanis reportasjar om korleis dette ekstremistiske miljøet behandlar kvinnene sine, kan også vera ein av grunnane til det. Dei står ikkje akkurat fram som gode muslimar i dei reportasjane, slo ho fast.

– Ikkje nok ressursar til overvaking

Når det gjeld terroråtaka i Paris, meinte Thomas Hegghammer at dei ber varsel om ein ny strategi frå ISIL.

– I beste fall er dei utførte av sympatisørar som har fått frie hender til å gjera det dei vil når dei vil. I verste fall er dei utførte på ordre frå den sentrale leiinga til ISIL i Raqqa. Etterretningstenestene hallar meir og meir til den siste teorien. Då blei avgjerda truleg tatt for over eitt år sidan. I dag har heller ikkje dei franske etterretningstenestene nok ressursar til å overvaka alle dei dei burde ha overvaka. Og med meir vestleg intervensjon i Syria blir det berre verre, frykta han.

– President Assad er rota til alt som er gale i Syria. Heldigvis ser det ut som både USA og EU avviser ei fredsløysing som involverer Assad, la han til.

– Krigsretorikk gir ISIL legitimitet

Terrorforskar Tore Bjørgo meinte at for ISIL var formålet med terroraksjonane også å provosera fram aksjonar frå franske styresmakter.

– Eitt av måla er at dei franske styresmaktene innfører så strenge tryggingstiltak at dei får folk flest i mot seg. Den beste motreaksjonen frå Frankrike er ikkje å lata seg provosera til å gjera det ISIL helst ynskjer. Bodskapen er at om Frankrike går til krig mot ISIL i Syria og Irak, vil ISIL ta krigen til forstadane til Paris.

– Krigsretorikken til president Francois Hollande har gitt ISIL akkurat den legitimiteten og reaksjonen terrorgruppa var ute etter. Når dei fleste terroristane er døde eller sit trygt i ISIL-områda, blir det vanskeleg å etterforska og straffa nokon for terroraksjonane. Det enklaste blir derfor å svara militært, sa Tore Bjørgo.

– Den militære reaksjonen vil passa godt inn i ISILs forteljing. Då vil ISIL blanda seg med sivile innbyggjarar og sivile vil døy i områda som er kontrollerte av organisasjonen. ISIL vil skapa skepsis mot muslimar i Europa frå dei andre innbyggjarane. Dei som brukar terroraksjonane i Paris til å gi alle muslimane skulda, går utan at dei er klare over det sjølve i ISIL sitt ærend, meinte Tore Bjørgo.

Fryktar meir makt til Nasjonal Front

UiO-professor i statsvitskap, Raino Malnes såg også mørkt på situasjonen i Frankrike i samband med regionvala i desember.

– Då kan det høgreekstremistiske partiet Nasjonal Front få makta i to av dei 14 regionane, ein i nord og ein i sør. I nord vil truleg partileiaren Marine le Pen bli regionpresident, medan niesa hennar, Marion Maréchal-Le Pen kan bli regionpresident i sør.

– Mange veljarar vil truleg bruka stemmeretten på feil måte. For det er gale å stemma på eit parti som ikkje har ei løysing på dei problema som dei som bur i Frankrike har i dag. Nasjonal Front kan få opptil 40 prosent av stemmene i dei to regionane i nord og sør. Det er ingen fare for demokratiet, men det vil bli ei påkjenning, trudde han.

FULLSETT: Det var fullsett sal i Litteraturhuset, då Det samfunnsvitskaplege fakultetet ved UiO inviterte til debatt om det er mogleg å kjempa ned terrorisme. (Foto: Martin Toft)

 

Emneord: Frankrike, Midtøsten, Terrorisme, Syria Av Martin Toft
Publisert 1. des. 2015 13:19 - Sist endra 1. des. 2015 17:52
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere