Københavns Universitet må spare 375 millionar

Budsjettkutt gjer at Københavns Universitet må byrje 2016 med å seie opp folk.

KUTT: "Coelestem adspicit lucem", den ser det himmelske ljos, står det over inngangen til Københavns Universitet. Men med kutt i budsjettet vil truleg færre sjå ljoset.

Foto: Jens Fink-Jensen/Københavns Universitet

Den danske regjeringa har vedteke eit statsbudsjett med kraftige kutt for forsking og utdanning: Forskningsløyvingane er kutta med 1,75 milliardar norske kroner, eller 8,5 prosent av løyvinga, og det er og kutt i utdanning. Kutta vil merkast gradvis på universiteta, og i 2018 ventar Københavns Universitet (KU) eit kutt på ca. 5 prosent. 

– Det er lagt opp til store innsparingar. Og vi er svært overraska over at regjeringa vil stikke frå ei rekning på husleiga til universitetsbygget på Amager. Vi vil i vidast muleg omfang freiste å skjerme kjerneaktivitetar, som til dømes forsking og studiemiljø, men omfanget av dei varsla innsparingane tyder at vi ikkje kan unngå å spare over heile linja, seier KU-rektor Ralf Hemmingsen, ifylgje På Høyden.

Universitetet har allereie avlyst den årlege vårfestivalen, som har vore eit samlande arrangement i universitetsmiljøet. KUs utdanningssatelitt for informasjonsvitskap og kulturformidling i Aalborg skal stengjast, og det blir ein stor reduksjon i talet på doktorgrader, skriv universitetsavisen.dk

Kor dei endelege kutta kjem er ikkje sikkert, men nær 200 millionar norske kroner skal sparast i felles- og fakultetsadministrasjonane, meir enn 130 millionar kroner på doktorgradsprogramma, og 57 millionar kroner på forsking og utdanning. 

Og det heile skal altså starte i byrjinga av 2016, med ein oppseiingsrunde på alle nivå i organisasjonen. 

Regjeringa har lagt opp til eit kutt på to prosent kvart år framover, noko som i 2019 vil utgjere eit kutt på 200 millionar norske kroner for KU.

I tillegg fryktar universitetet å gå glipp av over 300 millionar kroner på grunn av kutt i forskingsløyvingar. Eit kutt i løyvingar til husleige på KUs nye bygg på Amager kan bli på kring 88 millionar kroner frå 2017. 

Rektor Hemmingsen er oppgitt over politikarar som hevdar at det «berre» er å kutte i administrasjonen. 

– Mykje av administrasjonen universiteta har er skapt av reglane til staten. Københavns Universitet har difor i det siste gjort framlegg om at regjeringa fjernar detaljstyringa av universiteta, noko som skaper byråkratiske vilkår for forskarar og studentar. Universitetet har foreslått fem konkrete tiltak for avbyråkratisering, men ventar framleis på ei oppfølging frå regjeringa, seier han på KUs nettsider. 

Emneord: Danmark, Universitetspolitikk, Økonomi Av Dag Hellesund/ På Høyden
Publisert 3. nov. 2015 13:55
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere