– Universitetet er samfunnsbyggjande

– Universitetet kan med kunnskap og rasjonalitet demma opp for utviklinga mot meir ekstremisme og fanatisme. Det sa UiO-rektor Ole Petter Ottersen då han talte til dei nye studentane på Universitetsplassen måndag ettermiddag.

STOR FORSAMLING: Mange tusen studentar deltok på velkomstseremonien på Universitetsplassen i dag og fekk med seg talane til UiO-.rektor Ole Petter Ottersen, kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen, Oslo-ordførar Fabian Stang og Julie Sørlie Paus-Knudsen, som er leiar for Studentparlamentet.

Foto: Ola Sæther

Mange tusen førsteårsstudentar fylte opp Universitetsplassen då Universitetet i Oslo inviterte til den tradisjonelle velkomstseremonien for nye studentar. Denne gongen stod også kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen i tillegg til UiO-rektor Ole Petter Ottersen og Oslos ordførar Fabian Stang.

Etter innleiande klassiske tonar frå Universitetets symfoniorkester, tok universitetsrektor Ole Petter Ottersen ordet.

– Må verna akademikarar og studentar på flukt

– Menneskerettane er Universitetet i Oslos ikkje kunngjorde grunnlov. Det er når desse rettane blir sette under press at dei må forsvarast. Retten til liv er den mest fundamentale retten. Men også retten til utdanning er svært viktig. Difor må me verna akademikarar og studentar på flukt frå land som ikkje gir dei desse rettane.  Eit universitet av 2015 må gjera orda til vinnaren av Nobels fredspris i 1986, Elie Wiesel til sine. “Likesæle er den største av alle farer”, sa han då han tok imot prisen i Universitetets aula, minna Ottersen studentane på.

– Må henta inn kunnskapen sjølve

Han understreka også kva som er skilnaden mellom eit universitet og ein skule.

– I skulen blir de servert kunnskap, medan her på universitetet skal de henta inn kunnskapen sjølve.  Eii av die viktigaste oppgåvene for eit universitet er å skapa engasjement, å tenna hjarta, så vel som hjernane. Studia skal gi dykk noko å leva for, ikkje berre leva av.  Om gneisten manglar, vil kunnskap berre bli ferniss som fort kan skrapast av. Eit godt universitet skal skapa denne gneisten. universitet skal få studentane til å slå gneistar i iveren etter å skaffa seg kunnskap, slo han fast.

 – Skal dyrka kritikken

 Ottersen peika på at ei anna viktig oppgåve for eit universitet er å dyrka den vitskaplege fundamenterte kritikken.

– Ei djup forankring av kunnskapen føreset at den blir utfordra gjennom debatt og diskusjonar, gjennom kritisk tenking og ein rikdom på perspektiv, sa Ole Petter Ottersen.

Mennesket som åndsvesen

Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen overtok talarstolen like etterpå, og også han trekte fram universitetsrolla som arena for kritikk, diskusjon og usemje.

– Universiteta skal heile tida stilla kritiske spørsmål til dei som har makt i samfunnet, til politikarar, regjeringa og til Kunnskapsdepartementet.  Universiteta lever heile tida i spenninga mellom to viktige samfunnsoppdrag: utdanning og danning.  Det siste er å forstå kva eit menneske er og forstå at det er eit åndsvesen. Utdanning er den kunnskapen de får gjennom å gå på eit universitet,  konkluderte Røe Isaksen med.

Til slutt kom han også med ei oppfordring til dei nye studentane:

– Jobb hardt og bli kjent med dei du studerer saman med. Ver litt respektlause. Også studentar skal vera kritiske, understreka han.

– Gjer så godt de kan!

Oslo-ordførar Fabian Stang bad studentane om å bruka alle kulturtilboda i Oslo og gjera så godt dei kan.

— Det er ofte godt nok. Og så må de festa, og samtidig inkludera dei som ikkje alltid blir inviterte. Då blir festane mykje betre, var han viss på.

Nyvald leiar for Studentparlamentet Julie Sørlie  Paus-Knudsen  oppfordra studentane til å krevja rettane sine.

– Krev gode universitetslærarar, oppdatert kunnskap og gode undervisningslokale.

Seremonien blei avslutta med at alle saman song Noregs nasjonalsong "Ja vi elsker" til tonefylgje frå Universitetets symfoniorkester.

HISTORISK BILETE: Nokre studentar var opptekne av å få med seg eigne fotominne frå velkomstseremonien for nye studentar på Universitetsplassen i ettermiddag. (Foto: Ola Sæther)

 

Emneord: Studentsaker, Universitetspolitikk, Studentforhold Av Martin Toft
Publisert 10. aug. 2015 18:39 - Sist endra 11. aug. 2015 09:39
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere