– Farlegast å vera akademikar i Syria og Irak

– Akkurat no er det mest risikabelt å vera student eller universitetslærar i Syria og Irak. Det viser rapporten vår «Free to Think», seier Robert Quinn som er dagleg leiar for Scholars at Risk.

FELLES MØNSTER: – I alle landa går det same mønsteret igjen. Makta vil knekkja ideane, understrekar Robert Quinn, dagleg leiar for Scholars at Risk. Organisasjonen har dokumentert 333 åtak på høgare utdanningsinstitusjonar frå 2011 til 2015.

Foto: Ola Sæther

Rapporten dokumenterer at det var 333 åtak på høgare utdanning i 65 land frå januar 2011 til mai 2015. Drap, vald, forsvinningar og fengsling på feil grunnlag er mellom

Fakta om Scholars at Risk:

- Scholars at Risk Network blei etablert ved Chicago University i 1999

- Nettverket arbeider for å verna forfylgde akademikarar over heile verda.

- Har handsama over 2000 meldingar frå forskarar i fare sidan 2001.

- Tar imot mellom 50 og 60 forskarar ved medlemsinstitusjonane kvart år.

 

- Har medlemar frå meir enn 350 universitet i 36 land.

- I Noreg er 19 institusjonar med i nettverket og det finst også ei eiga avdeling av nettverket.

- Noreg tok imot fire forskarar i 2013-14 og vil ta imot fem eller seks i 2015-16.

- I 2012 fekk grunnleggjaren av Scholars at Risk, Robert Quinn UiOs menneskerettspris.

Juni 2015: Scholars at Risk legg fram rapporten "Free to Think" som dokumenterer 333 åtak på høgare utdanningsinstitusjonar frå 201til 2015.

metodane som blir brukte for å kvitta seg med brysame studentar eller akademikarar på universitet og høgskular. Talet på åtak aukar over heile verda.

– Det er urovekkjande, seier Robert Quinn som både er grunnleggjar og dagleg leiar for Scholars at Risk, organisasjonen som står bak rapporten «Free to Think». Den blei først lansert i Geneve i Sveits i går, før den blei lagd fra på Kulturhuset i Oslo i formiddag. Då var også Robert Quinn til stades.

– Dei siste åra har me fått rapportar om overgrep mot akademikarar og studentar i både Thailand, Pakistan og i Egypt. I alle landa går det same mønsteret igjen. Makta vil knekkja ideane, understreka Robert Quinn.

Blasfemilover mot akademikarar i Pakistan

Han fortalde at Scholars at Risk ofte har gitt vern til akademikarar som har måtta røma frå land som er råka av krigshandlingar.

– No prøver me også å arbeida med akademikarar som blir forfylgde i demokratisk skjøre land, som kanskje ikkje blir direkte forfylgde av styresmaktene, men som politi og rettsvesen arresterer og fengslar etter press frå ulike grupper i samfunnet.

– Eit slikt land er Pakistan, der blasfemilovene blir brukte  for å stansa akademikarar som innfører tema dei ikkje likar på universiteta, peika han på.

Under pressekonferansen viste også ein professor frå Pakistan korleis konservative islamske grupper kravde at ho blei avsett fordi ho hadde forsvart ein utvist student og deretter hatt forelesingar i feministisk lingvistikk og kvinnerettar på universitetet der ho jobba.

Etter kvart følte ho seg så truga på livet at ho måtte flykta frå Pakistan. Slik fekk ho til slutt vern ved ein akademisk institusjon i Noreg etter å ha kome under vengene til Scholars at Risk.

Robert Quinn viste til at også militante og brutale styresmakter ser verdien av å ha eit universitet. – Eit døme på det er at då styrkane til ekstremistorganisasjonen ISIL inntog Mosul i Irak, så stengde dei ikkje universitetet, men berre dei institutta dei ikkje ynskte å ha, fortalde han.

Varslar internasjonal kampanje mot overgrep

– Rapporten vår skal danna grunnlaget for ein internasjonal aksjon Scholars at Risk skal setja i gang i juni 2016 mot overgrep retta mot høgare utdanningsinstitusjonar, la han til.

 Quinn fekk full støtte frå Ole Petter Ottersen som var til stades som leiar for Universitets- og høgskulerådet. – Ytringsfridom er grunnlaget for alle demokratiske statar. For at samfunnet skal koma vidare, er det viktig at akademikarar vågar å kritisera vedtekne sanningar og dogme. Difor må brysame akademikarar ha vern. Scholars at Risk gjer ein svært viktig jobb med å verna dei som ikkje lenger blir verna av styresmaktene i landa dei kjem frå, sa han.

Andre relaterte artiklar:

Akademisk fridom må med i listene over verdas beste universitetet

Gir akademisk nødhjelp

 

 

 

 

Emneord: Menneskerettar, Studentforhold, Internasjonalisering, Arbeidsforhold Av Martin Toft /
Publisert 24. juni 2015 14:56
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere