Akademisk fridom må inn i universitetsrankingane!

I Noreg er akademisk fridom blitt lovfesta. Også i USA og i dei fleste andre demokratiske land er det berebjelken i rettane til alle vitskaplege tilsette.Uniforum meiner det også bør inn som ein kategori i dei internasjonale rangeringane av universiteta.

FORSKAR I ASYL: Boneza Rumvegeri var professor i geologi og rektor ved Universitetet i Goma i Kongo då styresmaktene starta forfylginga av han. I 2002 fekk han forskarasyl ved Noregs geologiske undersøking i Trondheim ved hjelp av organisasjonen Scholars at Risk. (Arkivfoto: Gudmund Løvø, NGU)

Me trur det vil kunna gi meir akademisk fridom til universitet som kjem høgt opp på desse listene i dag, men som vil ramla nedover om graden av akademisk fridom blir ein av kategoriane. Det går ikkje an å gi unntak til universitet som ligg i totalitære og undertrykkjande land som til dømes Iran, Kina, Zimbabwe og Kviterussland.

Den amerikanske professorforeininga American Association of University Professors (AAUP) har definert akademisk fridom slik: "institutions of higher education are conducted for the common good and not to further the interest of either the individual teacher or the institution as a whole. The common good depends upon the free search for truth and its free exposition" (1940, Statement of Principles on Academic Freedom and Tenure).

I dei aller fleste demokratiske land har vitskaplege tilsette full fridom til på eiga hand å søkja sanninga og publisera funna sine der han eller ho ynskjer det. Den vitskaplege tilsette skal verken ta omsyn til interessa til institusjonen eller til eigne interesser, men berre gjera det vedkomande kan for å søkja sanninga anten ein likar den eller ikkje.

I mange land bli ikkje den klassiske definisjonen av akademisk fridom oppfylt. Forskarar blir fengsla fordi dei uttrykkjer synspunkt eller gjer funn som går imot oppfatningane til dei politiske styresmaktene. Både i til dømes Iran, Kina og Kviterussland, gjer styresmaktene det dei kan for å hindra vitskapsfolk og studentar i å kritisera dei. Organisasjonen Scholars at Risk arbeider for å verna forfylgde forskarar over heile verda. På lista deira over forskarar som søkjer vern, finst det vitskapsfolk frå mellom andre Burma, Iran, Irak, Cuba, Zimbabwe , Pakistan og Sudan.

I USA har to amerikanske universitetslærarar nekta å skriva under på ei lojalitetserklæring til delstaten California. Ei av dei mista jobben sin på grunn av det. Det meiner den amerikanske professorforeininga er eit klart brot på den akademiske fridomen.

Uniforum vil oppfordra både den Shanghai-baserte rangeringa World Ranking of Universities og Times Higher Education Supplement (THES)- undersøkinga til å leggja vekt på graden av akademisk fridom i vurderingane sine av verdas universitet.

Det er også ein eigenskap som gjer eit universitet til eit universitet, og bør vera like opplagt å ha med som talet på nobelprisar og i kor stor grad forskarane publiserer i dei mest prestisjefylte tidsskrifta.
 

 

Emneord: Internasjonalisering, Menneskerettar, Rangering Av ansvarleg redaktør Martin Toft
Publisert 11. mars 2010 11:26 - Sist endra 2. sep. 2014 14:14
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere