Storsatsing på realkarriere

Kripos, Avinor og Bekk var mellom arbeidsgjevarane som prøvde å gjera seg attraktive for realfagsstudentane på UiO i dag.

KAPRING AV REALFAGSSTUDENTAR: Kripos var mellom dei som gjerne ville rekruttera realfagsstudentar til arbeidsplassen sin. Også for Avinor er realfagsstudentar ettertrakta.

Foto: Ola Sæther

Torsdag 12. februar kom arbeidsgjevarar innanfor teknologi- og realfag til Blindern, og dei hadde eigne stands, heldt eigne  bedriftspresentasjonar og inviterte studentane på speedintervju. Mellom arbeidsgjevarane som ville gjera seg lekre for studentane var både Kongsberg, Jotun, Avinor og Kripos.

Interessa var stor, og då Uniforum var på besøk i Realfagsbiblioteket tidlegare i dag, var heile bygningen full av både studentar og arbeidsgjevarar.

Nettverksdagen for teknologi- og realfag blir avslutta med tapas og med show frå NRK-kjendis Selda Ekiz, mest kjend som programleiar for reality-serien "Anno".

 

YNSKJER REALFAGSSTUDENTAR: Selskapet Bekk var mellom dei selskapa som sterkt ynskte seg arbeidstakarar med realfagsbakgrunn. (Foto: Ola Sæther)

Emneord: Studentforhold, Rekruttering, Studentsaker Av Martin Toft
Publisert 12. feb. 2015 16:24
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere