Mange tusen av dei som deltok i den to timar lange politiske streiken i dag, deltok på markeringa på Eidsvolls plass framfor Stortinget. Der høyrde dei på appellar frå LO-leiar Gerd Kristansen (biletet), Unio-leiar Anders Folkestad (biletet) og YS-leiar Jorunn Berland.

Dei fagorganiserte ved Universitetet i Oslo deltok også etter at både NTL,Forskarforbundet og Parat hadde oppfordra alle medlemane sine til å delta. Berre Akademikarane ved UiO nekta å delta i streiken. Då den politiske streiken tok til kl. 14.00 samla dei seg på Frederikkeplassen og gjekk i samla tropp til Blindern T-banestasjon (biletet under) for å dra vidare til fellesmarkeringa framfor Stortinget.

Logg inn for å kommentere