Vil ha språksamlingane til Bergen

Nynorsk kultursentrum meiner at staten bør gi Universitetet i Bergen ansvaret for både språksamlingane og Norsk Ordbok. – Ein utmerka idé, seier rektor Dag Rune Olsen.

VIL HA PENGAR: – Me ønskjer ikkje å overta oppgåver frå UiO utan at det følgjer midlar med, seier UiB-rektor Dag Rune Olsen i ein kommentar til forslaget om å flytta språksamlingane og Norsk Ordbok til Bergen.

Foto: Tor H. Monsen

Torsdag sende Ottar Grepstad, direktør for Nynorsk kultursentrum i Ørsta, eit brev til Kulturdepartementet. Her presenterer han ei skisse der ansvaret for både språksamlingane og Norsk Ordbok ved Universitetet i Oslo vert lagt til Universitetet i Bergen, melder På Høyden.

Som På Høyden tidlegare har skrive, har Nynorsk kultursentrum, saman med representantar frå mellom andre UiB, Høgskulen i Volda og Det Norske Samlaget, danna ei ordbokgruppe. Det er denne gruppa som no kjem med ei skisse til korleis dei meiner språksamlingane og ordboka bør takast vare på. Det heile starta med at Universitetet i Oslo i sommar sa at dei ikkje lenger vil ta ansvar for verken ordbok eller samlingar.

– Me meiner den nye driftsorganisasjonen bør opprettast som eit nasjonalt fellesføretak, skriv Grepstad i brevet.

Grepstad seier til Landssamanslutninga av nynorskkommunar si nettside at Norsk Ordbok og språksamlingane bør verta eit fellesføretak slik Artsdatabanken er det.

Staten kan gi fellesoppgåve
– Eg skjønar det slik at både språksamlingane og ordboka passar inn i fagprofilen miljøet ved UiB og HF har, og då synest eg at dette er ein utmerka idé, seier rektor Dag Rune Olsen.

Han meiner at sidan UiB er det universitetet som har den tydelegaste nynorskprofilen, er det naturleg at ansvaret hamnar her.

Grepstad viser til paragraf 1.4-4 i universitets- og høgskulelova. Der heiter det at enkelte institusjonar kan få eit særskilt nasjonalt ansvar for å bygga opp, driva og halda ved like forskingsbibliotek, kunnskapsbankar og databasar, samt museum med vitskapelege samlingar og publikumsutstilingar for særskilte fagområde. Det heiter òg at departementet i samråd med institusjonen kan legga drifta av ei nasjonal fellesoppgåve til ein bestemt institusjon, utan at institusjonen sine eigne styringsorgan har ansvaret for den faglege verksemda.

– Det bør vera nasjonale ressursar som sikrar at ordboka held fram med å utvikla seg i takt med forsking på området og at samlingane vert lagt til rette for forsking, og ikkje berre for tilsette ved UiB, seier Oddrun Samdal, viserektor for utdanning.

Ho seier at UiB gjerne vil både få og ta det faglege ansvaret for samlingane og ordboka.

Fire hovudoppgåver
Ordbokgruppa presenterer ei skisse over både oppgåver og kostander. Dei peikar på fire hovudoppgåver:

– Halda oppe og utvikla språksamlingane for namn, norrønt og moderne norsk vidare

 – Digital tilrettelegging, fagleg revisjon og integrering av oppslagsord a-h

– Oppdatera og feilretta oppslagsord i-å

– Jamleg utvida heile ordbokverket

Gruppa meiner at ei samlokalisering av språksamlingane og ordbokredaksjonen er det beste, og at dette fagmiljøet bør etablerast ved UiB. Alternativet er ei delt løysing, der UiB får ansvaret for språksamlingane og Høgskulen i Volda får ansvaret for Norsk Ordbok.

– Kulturpolitisk viktig
– Samlokalisering er ein spanande tanke, og modellen kan vera både fagleg interessant og kulturpolitisk viktig for UiB, seier Johan Myking, instituttleiar ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium.

– Men løysinga er i seg sjølv nøytral med omsyn til geografi, dette handlar først og fremst om at dei ressursane som trengst, kjem inn som friske midlar, seier han.

Myking seier at han trur ei samla løysing er fagleg og personalpolitisk best.

Nynorsk kultursentrum har teke på seg rolla som koordinator, og skriv i brevet til departementet at dei er villige til å ta på seg ansvaret for midlar som vert stilt til rådvelde, men utan risiko for seg sjølve.

– Nynorsk kultursentrum sin innsats har vore svært verdfull, seier Myking.

17 millionar
Dersom ein skal halda oppe og vidareutvikla språksamlingane og ordboka, vil det kosta om lag 17 millionar kroner i året. Det viser skissa som no er sendt til departementet. Det er lagt opp til 17,5 stillingar, 12 av dei er språkfaglege stillingar.

– Me halverer då dagens stab, seier Ottar Grepstad til Landssamanslutninga av nynorskkommunar si nettside.

– Det finst gode argument for at staben bør vera større, og minst like gode argument for at han i alle fall ikkje må vera mindre, seier han vidare.

Rektor Olsen er tydeleg på at dersom det skal vera aktuelt for UiB å ta over ansvaret, må det følgja pengar med.

– Me ønskjer ikkje å overta oppgåver frå UiO utan at det følgjer midlar med, seier han.

Johan Myking meiner òg at dette er ei felles, nasjonal kulturpolitisk oppgåve.

– Eg ser ikkje for meg at det eksisterande fagmiljøet kan gå inn med driftsoppgåver. Utan eigne ressursar er ikkje dette realistisk, og det er alle medvitne om, seier han.

– Kva skjer dersom staten ikkje vil gå inn med pengar?

– Det vert spekulasjon om storpolitiske implikasjonar. No må først departementet og politikarane få sjansen til å setja seg inn i saka, og eg synest paragraf 1.4-4 gir ei realistisk og relevant ramme for den diskusjonen som må koma.

Emneord: Språkpolitikk, Nynorsk, Språk Av Hilde Kristin Strand i På Høyden
Publisert 28. nov. 2014 16:51
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere