Helseministeren vil ha strengare krav for helsepersonell utdanna utanfor EØS

Alt helsepersonell som er utdanna i land utanfor EØS må bestå språkprøve og kurs i nasjonale fag for å få autorisasjon i Noreg. Legar, tannlegar og sjukepleiarar må også ta ein fagprøve. Det kjem Helse- og omsorgsdepartementet med framlegg om i eit høyringsnotat om ny autorisasjonsordning.

EIN FØRESETNAD: – Gode norskkunnskapar er ein føresetnad for at helsepersonell skal kunna utføra arbeidsoppgåvene sine forsvarleg, seier helse-  og omsorgsminister Bent Høie.

Foto: Ola Sæther

Om dei føreslegne endringane blir vedtekne, vil alt helsepersonell utdanna utanfor EØS få dei same krava til språknivå som dei som søkjer opptak til høgare utdanning ved norske høgskular og universitet. Det vil seia at alle må gjennomføra og bestå den såkalla Bergenstesten.

– Av omsyn til pasienttryggleiken

– Gode norskkunnskapar er ein føresetnad for at helsepersonell skal kunna utføra arbeidsoppgåvene sine forsvarleg, seier helse- og omsorgsminister Bent Høie i ei pressemelding. Han forsvarar at departementet ynskjer å skjerpa krava for helsepersonell utdanna utanfor EØS skal få autorisasjon i Noreg. – Av omsyn til pasienttryggleiken foreslår me at dei må dokumentera naudsynte tilleggskvalifikasjonar for å få autorisasjon her i landet, seier Høie.

29 helsepersonellgrupper omfatta av nye krav

Det grunnleggjande kravet om jamgodvurdering av utdanninga blir vidareført. Det vil seia at Statens autorisasjonskontor må ha vurdert søkjaren si utdanning som jamgod med tilsvarande norsk utdanning før søkjaren kan kvalifisera seg fram mot norsk autorisasjon. 29 ulike helsepersonellgrupper vil, om forslaget blir vedtatt, få krav om bestått språkprøve og kurs i nasjonale fag. For legar, tannlegar, sjukepleiarar og helsefagarbeidarar blir det foreslått at dei i tillegg skal ha bestått fagprøven. Både dei og farmasøytane kjem også til å få krav om bestått prøve i legemiddelhandtering.

– Glad for forslaget

Dekan Frode Vartdal ved Det medisinske fakultetet på Universitetet i Oslo er godt nøgd med framlegget frå Helse- og omsorgsdepartementet.

– Det medisinske fakultetet er glad for at departementet no går inn for at legar må ta og bestå ei fagprøve i medisinske fag. Det er i samsvar med det dei fire medisinske dekanane heile tida har gått inn for, seier Frode Vartdal til Uniforum. Han er også svært tilfreds med kravet om at søkjarane skal bestå den same norskprøven som dei som søkjer seg inn på høgare utdanning på universitet og høgskular.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

NØGD: Dekan Frode Vartdal ved Det medisinske fakultetet er godt nøgd med endringane Helse- og omsorgsdepartementet foreslår i ny autorisasjonsordning for helsepersonell utdanna utanfor EØS.(Foto: Ola Sæther)

– Når det gjeld norskkunnskapar, går departementet inn for at kandidatane anten skal ha bestått den såkalla Bergenstesten for norsk på høgare nivå eller kan dokumentera norskkunnskapar på tilsvarande nivå. Så lenge me veit at dette blir gjennomført, vil me nok ikkje krevja at kandidatane skal ha gjennomført språktesten før dei tek fagprøven hos oss. Når det er sagt, så er vår fagprøve også ein indirekte test på språkkunnskapar, då det er vanskeleg å gjennomføra og bestå fagprøven med mangelfulle språkkunnskapar, understrekar medisindekanen.

Helsedirektoratet får ansvaret for å skaffa både nasjonale kurs og fagprøver for alle helsepersonellgruppene. Tidlegare hadde Helsedirektoratet ansvaret for å skaffa fagprøve for legar. Etter endringane vil direktoratet også få ansvaret for å sørgja for fagprøve til tannlegar, sjukepleiarar og helsefagarbeidarar. Reint konkret vil det innebera å få ansvaret for å gjera greie for det faglege innhaldet i dei ulike kursa og prøvane, og å gjera avtalar med utdanningsinstitusjonar og andre som kan organisera slike kurs. Statens helsepersonellnemnd vil som i dag vera klageinstans for avslag på autorisasjon, går det fram at høyringsnotatet frå Helse- og omsorgsdepartementet.

Kostnadene aukar med 56,5 millionar kroner

Dersom den nye godkjenningsordninga blir vedtatt, vil det føra til at kostnadene aukar med 56, 5 millionar kroner. Endringane vil også føra til auka utgifter for den som søkjer om autorisasjon. Ein lege som er utdanna utanfor EØS, vil til saman få utgifter på rundt 70 000 kroner.

Det blir innført ein frist på tre år frå dei det gjeld søkjer om autorisasjon, til dei har bestått alle tilleggskrava. Dette kravet kan bli utsett med eitt år, om søkjaren blir gravid eller alvorleg sjuk i perioden. Ein søkjar får sjansen til å ta ny prøve to gonger, om den første ikkje blir bestått. Til saman kan altså søkjaren få tre forsøk på å bestå den aktuelle prøven.

Alle høyringsinstansane har fått frist til 2. februar 2015 med å koma med sitt syn på framlegga til endringar i føreskriftene.

Les høyringsnotatet

Les også tidlegare saker i Uniforum:

Medisindekan fryktar legar kan få autorisasjon utan bestått fagprøve

Helsedirektoratet med presisering om avlyst fagprøve for utenlandsmedisinere

Fagrpøven for utanlandsmedisinarar vil bestå

Medisindekanar krev testing av alle legar utanfor EU/EØS

Avlyser fagprøven for legar utanfor EU/EØS

 

 

Emneord: Medisin, Universitetspolitikk Arbeidsforhold, Undervisning Av Martin Toft
Publisert 12. nov. 2014 13:32 - Sist endra 12. nov. 2014 15:51
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere