Avlyser fagprøven for legar med utdanning utanfor EØS

Statens autorisasjonskontor for helsepersonell har nok ein gong gitt Det medisinske fakultetet melding om at dei ikkje har kandidatar til fagprøven i 2014 for legar som har tatt utdanninga utanfor EØS. – Uforsvarleg, seier dekan Frode Vartdal.

LEGAR UTANFOR EØS: - Eg meiner at det i mellomtida fram til ei føreskriftsendring ikkje er forsvarleg å sleppa kandidatar gjennom utan at dei har teke eksamen, seier medisindekan Frode Vartdal ved UiO.

Foto: Ola Sæther

Det var i førre veke Det medisinske fakultetet fekk inn melding frå Statens autorisasjonskontor for helsepersonell (SAK) om at dei ikkje har kandidatar til fagprøven for legar med utdanning frå land utanfor EU og EØS. Det statlege organet viser til at kontoret no får nok grunnlagsdokumentasjon i kvar einskild søknad. Dermed går vurderinga føre seg på grunnlag av dokument på same vis som for andre helseprofesjonar. Slik er også dagens forståing av lova, står det i ein epost avdelingsleiar Kjell Magne Mørk har sendt til Det medisinske fakultetet. Der går det også fram at Statens autorisasjonskontor har knytt til seg ein fagleg rådgjevar som assisterer i dei sakene kontoret treng det.

– Ikkje fullgod evaluering av kandidatane

Dette er likevel ikkje godt nok for dekan Frode Vartdal ved Det medisinske fakultetet på UiO:

– Eg meiner som tidlegare at det ikkje er mogeleg å gjera ei fullgod evaluering av kandidatane sin kunnskap berre basert på gransking av eksamenspapir. Det viser seg nemleg at det har vore ein høg strykprosent blant kandidatar som tidlegare har gjennomgått vår eksamen. Denne eksamenen testar kunnskapar, kliniske ferdigheiter og evne til kommunikasjon med pasientar, og den er nokså lik den me nyttar til å testa våre medisinstudentar ved slutten av studiet. Mange av kandidatane stryk jamvel fleire gonger i denne eksamenen. Når no SAK har slutta å bruka denne testen, er det vanskeleg å tru noko anna enn at mange som elles ville stryka slepp gjennom.
– Kva blir konsekvensane av det?
– Konsekvensane av dette er at det no blir autorisert kandidatar som ikkje har dei nødvendige kunnskapane og ferdigheitene som skal til for å vera legar.

–Uforsvarleg
– Fryktar du desse fylgjene?
– Ja, det er uforsvarleg, noko som dei fire medisindekanane har sagt frå om både til tidlegare og noverande helseminister skriftleg og munnleg. Dersom det er slik at fagprøven må vera ein del av pakken når føreskriftene blir endra, så tyder det på at noverande minister har høyrt på oss, og det er bra. Men eg meiner at det i mellomtida fram til ei føreskriftsendring ikkje er forsvarleg å sleppa kandidatar gjennom utan at dei har teke eksamen.
–Vil du sjølv tora å gå til ein lege med utdanning utanfor EU og EØS som ikkje
har tatt eller bestått fagprøven?

– Det er ikkje så farleg med meg, fordi eg er lege. Men eg ville definitivt rå andre frå å gjera det, seier Vartdal.

 I 2010 fekk Helsedirektoratet i oppdrag å utgreia og føreslå ei ny godkjenningsordning.  I 2013 fekk Helsedirektoratet i oppgåve å koma med forslag til ny føreskrift, på bakgrunn av denne godkjenningsordninga. Forslaget til ny føreskrift blei oversendt til  Helse- og omsorgsdepartementet i 2013, som framleis har den til vurdering. Det stadfestar konstituert avdelingsdirektør Silje Anine Bell i Helsedirektoratet. Ho understrekar at det i dag ikkje er noko krav om fagprøve for legar med utdanning frå land utanfor EU og EØS.

– Kan ikkje krevja fagprøve

– Helsepersonellova seier at søkjarar som har utanlandsk eksamen som blir anerkjent som jamgod med tilsvarande norsk eksamen, eller som på annan måte har godtgjort å ha den nødvendige «kyndighet», har rett til autorisasjon etter søknad. Det ligg ikkje føre nokon heimel for å påleggja legar å gjennomføra fagprøven som vilkår for autorisasjon.

Legeautorisasjonar i Noreg

Frå 1. januar til 31. oktober 2013, fekk til saman 2644 personar autorisasjon som legar i Noreg. 1256 var frå Noreg, 458 frå Norden utanom Noreg, 740 frå EØS utanom Norden, medan 190 kom frå land utanfor EØS-området.(Kjelde: Statens autorisasjonskontor for helsepersonell)

Søkjarar som ikkje oppfyller dei nemnde krava skal bedast om å gjennomføra den medisinske fagprøven.

– Det medisinske fakultetet meiner at dette er uansvarleg og at ein kan risikera at personar som er utan gode nok kvalifikasjonar får jobba på norske sjukehus.  Er dette ein frykt som du deler?

– Ein autorisasjon er ikkje det same som at personen er kvalifisert til ei bestemt stilling.
Helselovgjevinga sitt krav til ei forsvarleg behandling pålegg arbeidsgjevar ansvaret for å tilsetja legar med tilstrekkeleg kompetanse og erfaring. Arbeidsgjevaren må vurdera kva oppgåver ein lege kan setjast til, og om det er nødvendig med oppfylging og rettleiing for at oppgåvene kan løysast på ein forsvarleg måte.

Silje Annine Bell gjentar at arbeidet med å endra føreskriftene framleis ligg til handsaming hos Helse- og omsorgsdepartementet.

Resultat frå fagprøven for legar med utdanning utanfor EU/EØS:

I 2012 var det 42 kandidatar, 18 stod og 24 strauk.

I 2013 har det vore 31 kandidatar, 9 stod og 22 strauk. Ni kandidatar klaga på resultatet. Ingen fekk medhald.

I 2013 var det ni kandidatar frå Russland, fem frå Serbia og fire frå Ukraina. I tillegg var det kandidatar frå 13 andre land.

 

(Kjelde: Det medisinske fakultetet, UiO)

– På oppdrag frå Helse- og omsorgsdepartementet har Helsedirektoratet greidd ut forslag til godkjenningsprosedyrar og kvalifiseringstiltak for helsepersonell med utdanning utanfor EØS som søkjer autorisasjon i Norge. Det er departementet som har ansvaret for å vedta endringar i føreskriftene og å fastsetja tidspunkt for iverksetjing av ny godkjenningsordning. Faglege testar for legar, tannlegar, sjukepleiarar og helsefagarbeidarar er eit av kvalifiseringstiltaka som er foreslått, opplyser Bell.

 

 

 

 

 

 

Emneord: Medisin, Forskningspolitikk Av Martin Toft
Publisert 20. mai 2014 10:29 - Sist endra 20. mai 2014 14:53
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere