Medisindekanar krev testing av alle legar med utdanning utanfor EU/EØS

Manglande testing av legar med utdanning utanfor EU/EØS kan gå utover pasienttryggleiken. Det går fram av eit brev dei fire medisindekanane i Noreg har sendt til Helse- og omsorgsdepartementet. Dei krev at alle må bestå den medisinske fagprøven for å få autorisasjon.

UHELDIG: – Me meiner det er uheldig at legar utanfor EU/EØS får autorisasjon utan fagprøver, seier medisindekan Frode Vartdal ved UiO. Saman med dei tre andre medisindekanane i Noreg krev han at alle som har legeutdanning utanfor EU/EØS må ta den medisinske fagprøven.

Foto: Ola Sæther

Medisindekanane i Noreg er svært uroa over at fleire legar som er utdanna utanfor EU/EØS får positivt svar på autorisasjonssøknaden sin, sjølv om dei har stroke til den medisinske fagprøven. Dei krev difor at alle legar utanfor EØS-området må bestå ein fagprøve for å få autorisasjon som lege i Noreg.  Etter deira meining er det uforsvarleg å ha ei godkjenningsordning som er basert på formell kompetanse, dokumentert ved å visa fram berre eksamenspapir og timeplanar. Dei viser til mange år røynsle og praksis  med testing av utanlandske kandidatar. Konklusjonen er at ein fagprøve er den einaste måten ein objektivt og uavhengig kan testa kandidatane sine reelle og kliniske kunnskapar på.

Krev endring i føreskrift no

Dei fire dekanane, Frode Vartdal frå Universitetet i Oslo, Stig Slørdahl frå NTNU i Trondheim, Arnfinn Sundsjord frå UiT, Noregs arktiske universitet og Nina Langeland frå Universitetet i Bergen bed difor Helsedirektoratet prioritera arbeidet med å revidera den naudsynte føreskrifta i Helsepersonellova. Allereie i 2010 fekk departementet eit forslag om å endra den aktuelle føreskrifta. Forslaget går ut på å heimla ei fagleg testing av medisinarar som er utdanna utanfor EØS-området, og som søkjer om autorisasjon i Noreg.

60-70 prosent stryk

Medisindekan Frode Vartdal ved UiO synest der er blitt eit alvorleg problem at fleire får autorisasjon utan å ha tatt fagprøven.

– Me meiner det er uheldig at legar utanfor EU/EØS får autorisasjon utan fagprøver. Statistikken viser også at mellom 60 og 70 prosent av dei som tar den medisinske fagprøven stryk, og mange av dei stryk fleire gonger, peikar han på.

Den medisinske fagprøven er den same stasjonseksamenen som alle medisinstudentar i Oslo må gå gjennom.

– Den testar både kunnskapar, ferdigheiter og kommunikasjon. Difor er den ein veldig god eksamen som testar kandidatane breitt, seier Frode Vartdal.

Dei siste ti åra har dei aller fleste av legar utanfor EØS som søkjer om autorisasjon i Noreg, tatt den medisinske fagprøven.

– No ser det dessverre ut som om det oftare blir gitt autorisasjon basert berre på eksamenspapir og timeplanar. Framleis er det ingen kandidatar som er melde på til den medisinske fagprøven i 2014, fortel han. Han veit også om tre tilfelle, to i 2010 og eitt i 2012, der legar fekk autorisasjon, sjølv om dei hadde stroke på den medisinske fagprøven.

Den medisinske fagprøven:

Alle som har medisinutdanning frå land utanfor EU/EØS-området har fram til nyleg måtte bestå denne prøven for å få autorisasjon til å arbeida som legar i Noreg.

Det er ein eksamen med både digitale og praktiske oppgåver, også kalla OSCE-eksamen.

Alle medisinstudentar i Oslo må ta denne eksamenen.

Sidan 2012 har Det medisinske fakultetet ved UiO hatt ein avtale med Helsedirektoratet om å organisera denne fagprøven.

I 2012 var det 42 kandidatar, 18 stod og 24 strauk.

I 2013 har det vore 31 kandidatar, 9 stod og 22 strauk. Ni kandidatar klaga på resultatet. Ingen fekk medhald.

I 2013 var det ni kandidatar frå Russland, fem frå Serbia og fire frå Ukraina. I tillegg var det kandidatar frå 13 andre land.

(Kjelde: Det medisinske fakultetet)

Frode Vartdal rettar hovudskytset mot Helsepersonellnemnda.

– Vårt inntrykk er at den er meir opptatt av kandidatane sine rettar enn omsynet til rettane til dei framtidige pasientane, seier Frode Vartdal til Uniforum.

Urolege for utviklinga

Dei fire medisindekanane viser til at det har skjedd ei endring i handsaminga av søknadene om å få autorisasjon som lege i Noreg. Tidlegare blei det gitt autorisasjon på bakgrunn av ein akademisk jamgodvurdering av vitnemålet til søkjaren og bestått fagprøve. I dag kan søkjaren få autorisasjon berre på bakgrunn av jamgodvurderinga, går det fram av brevet.

Denne utviklinga gjer dei fire medisindekanane svært urolege. Dei peikar på at Helsepersonellovas formålsparagraf har grunnlag i pasienttryggleiken. Dette er ein av dei viktigaste rettesnorene som medisinutdanninga har, understrekar dei i brevet til Helse- og omsorgsdepartementet.

Ber Kunnskapsdepartementet ta opp saka

Rektor Ole Petter Ottersen og universitetsdirektør Gunn-Elin Aa. Bjørneboe har sendt eit likelydande brev til Kunnskapsdepartementet. I brevet vidareformidlar dei uroa til dei fire medisindekanane over at fleire og fleire kandidatar får autorisasjon på grunnlag av eksamenspapira, utan at dei treng visa kva dei duger til i ein medisinsk fagprøve. Dei oppfordrar difor Kunnskapsdepartementet til å ta opp denne saka med Helse- og omsorgsdepartementet.

 

 

 

 

 

 

 

Emneord: Medisin, Universitetspolitikk, Internasjonalisering, Studentsaker Av Martin Toft
Publisert 19. des. 2013 12:43 - Sist endra 20. des. 2013 14:53
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere