– Fagprøven for utanlandsmedisinarar vil bestå

Helsedirektoratet hadde i går det første møtet med Det medisinske fakultetet om kva som skal skje med fagprøven for utanlandsmedisinarar. Statens autorisasjonskontor for helsepersonell var også på plass.

FAGPRØVEN OVERLEVER:  Fagprøven for utanlandsmedisinarar består, stadfestar fakultetsdirektør Bjørn Hol på medisin etter møte med Helsedirektoratet og Statens autorisasjonskontor for helsepersonell. (Arkivfoto)

Foto: Ola Sæther

– Fagprøven vil bestå. Det slår fakultetetsdirektør Bjørn Hol fast etter møtet med Helsedirektoratet og Statens autorisasjonskontor for helsepersonell i går.

– Det var dårleg kommunikasjon som gjorde at me tolka det annleis, legg han til. Dermed blir det halde ein ny fagprøve for utanlandsmedisinarar i 2014.

Det var i førre nummer av Uniforum det blei kjent at Statens autorisasjonskontor for helsepersonell hadde avlyst fagprøven for utanlandsmedisinarar i 2014. Grunngjevinga var at det ikkje hadde meldt seg «noen kandidater til OSCE-testen 2014». Medisindekan Frode Vartdal og fakultetsdirektør Bjørn Hol uttrykte i eit svarbrev at dei frykta at konsekvensen kunne bli at legar kan få autorisasjon utan bestått fagprøve. Dei ville også vita om nokon hadde fått autorisasjon som legar utan å ha meldt seg opp til fagprøven.

Ynskjer tettare dialog med UiO

Kritikken frå fakultetsleiinga på medisin fekk Helsedirektoratet og Statens autorisasjonskontor til å senda ei presisering av kva dei meiner saka handlar om. Presiseringa blei adressert til både Uniforum og Det medisinske fakultetet ved UiO. I brevet inviterer konstituert avdelingsdirektør Silje Anine Bell i Helsedirektoratet og direktør Anne Herseth Barlo i Statens autorisasjonskontor for helsepersonell (SAK) Universitetet i Oslo til eit møte. Dei uttrykkjer likevel håp om at dei kan sikra ein betre kommunikasjon og tettare dialog med leverandøren sin, som i dette tilfellet er Det medisinske fakultetet. Det første møtet blei altså halde i går. Førebels veit me ikkje kva som kom ut av møtet.

Ikkje alle treng fagprøve

I brevet frå Helsedirektoratet og SAK, kritiserer dei både Universitetet i Oslo og Uniforum for at Helsedirektoratet ikkje blei kontakta før saka blei kjent i media. Dei viser til at direktoratet har inngått avtalen og er den einaste parten som kan avlysa den. Samtidig seier Statens Autorisasjonskontor for helsepersonell seg lei for at dei sende eit brev til UiO, som gav inntrykk av at dei ville avlysa avtalen. Helsedirektoratet understrekar samtidig at det i dag ikkje er naudsynt å krevja ein fagleg test for alle medisinarar som er utdanna i utlandet og som søkjer om autorisasjon i Noreg. Det er berre i dei tilfella der søkjaren sine kvalifikasjonar ikkje let seg avgjera berre på grunnlag av dokument. Helsedirektoratet foreslo i 2010 at det skulle bli obligatorisk med ein fagleg test for alle legar utdanna utanfor EØS, og dette framlegget har Helse- og omsorgsdepartementet no til vurdering, går det fram av brevet.

 

Emneord: Studentsaker, Medisin, Internasjonalisering, Studentforhold Av Martin Toft
Publisert 12. des. 2013 15:45 - Sist endra 12. des. 2013 15:53
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere