Forskingsrådet lanserer eigen plan for grunnleggjande forsking

– Alle institusjonane har eit ansvar for å utvikla den grunnleggjande forskinga, men universiteta har hovudrolla i arbeidet for å utvikla verdsleiande forskingsmiljø. Det er utgangspunktet for administrerande direktør Arvid Hallén når Forskingsrådet no lanserer ein eigen plan for grunnleggjande forsking.

NY PLAN: – Eg er svært tilfreds med at me har fått fram eit dokument som viser korleis Forskingsrådet tenkjer om grunnleggjande forsking og om kva føresetnader som må på plass for å utvikla grensesprengjande forsking, seier adm. dir. Arvid Hallén i Forskingsrådet.

Foto: Martin Toft

Forskingsrådet skal styrkja den beste grunnleggjande forskinga som går føre seg ved institusjonane, uavhengig av fag eller tema, og bidra til å byggja opp miljø og infrastruktur rundt dei beste forskarane på dei prioriterte områda. Forskingsrådet skal støtta opp under dette arbeidet med finansiering. Det går klart fram av planen for grunnleggjande forsking som Forskingsrådet lanserer denne veka. Omgrepet grunnleggjande forsking inkluderer både den tradisjonelle grunnforskinga og forsking som kan utviklast til patent eller produkt, såkalla bruksretta forsking. Planen er ein del av det utfyllande grunnlaget for Forskingsrådets satsing på grunnleggjande forsking før hovudstrategien skal vedtakast av styret ut på nyåret 2015.

– Vil styrkja den frie prosjektstøtta

– Målet vårt er at den frie prosjektstøtta skal styrkjast endå meir. Men det er eit viktig poeng at grunnleggjande forsking kan finansierast gjennom mange av Forskingsrådet sine verkemiddel, fortel adm. dir. Arvid Hallén i Forskingsrådet. Han lovar også å kopla saman forskingsinteresser og samfunnsutfordringar. – Dei store programsatsingane våre som skal leggja grunnlaget for å løysa store samfunnsproblem, skal også opna for grunnleggjande forsking.

Ifylgje den nye planen skal Forskingsrådet gjennom satsingar innanfor område som klima, energi, helse og IKT støtta grunnleggjande forsking der samfunnsrelevans blir vurdert saman med vitskapleg relevans.

– Føresetnader for å utvikla grensesprengjande forsking

Og Arvid Hallén ser heilt klart behovet for å ha ein eigen plan for grunnleggjande forsking.

– Det blir ein viktig del av underlagsmaterialet for den overordna strategien for Forskingsrådet. Eg er svært tilfreds med at me har fått fram eit dokument som viser korleis Forskingsrådet tenkjer om grunnleggjande forsking og om kva føresetnader som må på plass for å utvikla grensesprengjande forsking. Mellom desse føresetnadene er at forskinga held høg kvalitet og at det er eit godt samspel mellom forsking og undervisning. Ein annan føresetnad er at me får til ei god rekruttering til forskingssystemet. Den tredje føresetnaden er at forskingsmiljøa har ein god forskingsinfrastruktur, slik som gode laboratorium, utstyr og andre fasilitetar. God forskingsleiing er også eit viktig grunnlag for at resultata skal bli gode.

– Korleis vil samarbeidet mellom institusjonane og Forskingsrådet vera for å realisera denne planen?

– Det er svært viktig at me nettopp får til eit godt samspel, slik at det blir ein god heilskap mellom den finansieringa institusjonane sjølve disponerer gjennom grunnløyvingane sine, og den finansieringa Forskingsrådet kan koma med. Forskingsrådet er fullstendig klar over at finansiering gjennom konkurransebaserte ordningar er viktig for å få til god fagutvikling.

– Kan gi Noreg fleire nobelpriskandidatar

– Håpar du dette initiativet skal gi Noreg fleire nobelprisvinnarar?

– Då Noreg starta opp dei første sentra for framifrå forsking (SFF) , sa me at målet må vera at norske forskarar skal få ein nobelpris. No har det skjedd, og difor er det ikkje urealistisk å setja nye mål om å få fram fleire norske forskarar som kandidatar til å få ein nobelpris. Ekteparet May-Britt og Edvard Moser sin Nobelpris i medisin gir eit verkeleg løft til norsk forsking. Dei er to levande døme på nobelprisnivå også for forskarar som arbeider ved ein norsk forskingsinstitusjon, understrekar Arvid Hallén.

Heile planen for grunnleggjande forsking kan lesast på Forskingsrådets nettsider.

 

Emneord: Forskningspolitikk, Forskning Av Martin Toft
Publisert 25. nov. 2014 05:00 - Sist endra 25. nov. 2014 09:43
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere