– Skulepengar kan skada det internasjonale studiemiljøet

Kvaliteten på masterstudiet «Nordic Media» kan bli svekka. Det fryktar Tanja Storsul og Haakon Berg Johnsen ved Institutt for media og kommunikasjon kan skje om studentar utanfor EØS må betala skulepengar

OVERRASKA: Både instituttleiar Tanja Storsul og studieleiar Haakon Berg Johnsen er overraska over at regjeringa vil innføra skulepengar for studentar frå land utanfor EØS. – Me trur det vil gå utover det internasjonale læringsmiljøet på masterstudiet «Nordic Media», seier dei.

Foto: Martin Toft

Studentar frå land utanfor EU og EØS kan måtta betala skulepengar for å gå på norske universitet og høgskular i framtida. Det går regjeringa inn for i framlegget til statsbudsjett for 2015. Dette vil i stor grad råka studentar som kjem frå land på Balkan, frå Australia og Nord-Amerika, og som ikkje er frå land som er med i ordninga med kvotestipend. Det vil også gå utover studentar frå Asia og søkjarar som opphavleg kjem frå utviklingsland, men som ikkje lenger bur i heimlandet. Også studentar som søkjer på studiet og som ikkje har som mål å bruka utdanninga i heimlandet sitt etterpå, vil bli skadelidande av ei mogleg innføring av skulepengar.

Utgjer ein firedel av studentane

Institutt for media og kommunikasjon fekk nyleg ekstra pengar for å styrkja undervisningstilbodet på det engelskspråklege mastergradsstudiet «Nordic Media» . – Om det blir innført skulepengar for studentar frå land utanfor EØS, vil det vera umogleg å halda målet vårt om å ha studentar frå alle fire kontinent. For studiet er det ein stor fordel med dei sjølvfinansierande studentane, som utgjer over ein firedel av dei som blir tatt opp på studiet. Mange av dei vil heller dra til andre land om dei må betala skulepengar i tillegg til dei andre utgiftene dei har som studentar i Noreg, fryktar instituttleiar Tanja Storsul.

Studieleiar Haakon Berg Johnsen nikkar og viser til konkrete tal. Frå 2013 til og med 2014 var 30 prosent av dei 20 studentane frå land med studentar som vil måtta skulepengar om forslaget blir vedtatt av Stortinget. I dag betalar dei berre for bøker, kost og losji og reiser. Fire prosent av studentane får kvotestipend, medan 66 prosent av studentane er frå EØS-området. – Det vil gå utover det internasjonale studiemiljøet, og studiemiljøet vil bli meir europeisert. Det er me ikkje interesserte i, seier Johnsen.

Norske studentar får dårlegare studiemiljø

Instituttleiar Tanja Storsul er viss på at også dei norske studentane som tar masterkurset vil tapa på det: – Studentar frå Australia, frå Balkan og Sør- og Nord-Amerika kan sjå på det nordiske mediebiletet med heilt andre briller enn me kan. Difor er det svært verdifullt med dei sjølvfinansierande studentane frå desse landa. Om dei drar til universitet i andre land, vil kvaliteten både på studiet og studentane gå ned. Det vil også vera ein stor nedtur både for dei norske studentane og dei som kjem frå EØS-landa, trur ho.

Skulepengar vil gjera det tøffare å få gjennomført dei vidare planane instituttet har for studiet. – Me ynskte å auka rekrutteringa til studiet, slik at studentane kom frå endå fleire land og kontinent. Med innføring av skulepengar vil det bli vanskeleg å få til.

– Blei de overraska då regjeringa foreslo å innføra skulepengar for studentar utanfor EØS?

– Ja, det hadde me absolutt ikkje venta. For dette handlar jo i høgste grad om internasjonalisering. Me håpar sjølvsagt at forslaget ikkje blir vedtatt av Stortinget, seier Tanja Storsul og Haakon B. Johnsen.

– Ikkje glad for forslaget om skulepengar

Ein av studentane på masterprogramstudiet i «Nordic Media» er Nicola Grbavac. Han har vakse opp i Montenegro, men studert ved Universitetet i Beograd i Serbia. Han er sjølvfinansierande student, som altså verken får pengar frå kvoteprogrammet eller frå Lånekassen. Etter at han kom inn på studiet, måtte han difor setja eigne pengar på konto i ein norsk bank som ein garanti for at han ville klara seg sjølv i Noreg. – Eg er ikkje særleg glad for nyhendet om at den norske regjeringa vil innføra skulepengar for oss som kjem frå land utanfor EØS. Om skulepengane blir sett til 5000 euro, ville eg likevel ha valt Universitetet i Oslo, men om eg måtte ha betalt mellom 10 000 og 50 000 euro, ville det vera langt over den prisen eg kan betala, seier han til Uniforum.

IKKJE GLAD FOR SKULEPENGAR: Nicola Grbavac frå Montenegro er sjølvfinansierande mediestudent.

– Akademiske gevinstar tel mest

Det er likevel innhaldet i studiet som tel mest for han. – Det er dei akademiske gevinstane eg kan få av studiet, som er hovudgrunnen til at eg studerer her. Eg synest det er flott at Noreg og Finland til no har stått fast på at også høgare utdanning skal vera gratis for alle, både for dei frå Noreg og dei som kjem frå andre land, synest han.

Sjølv drog han på elevutveksling til Utah i USA etter at han var ferdig med den vidaregåande skulen. – Som student ville eg heller dra til eit universitet i Europa. Eg føler meg meir heime i den europeiske kulturen, fortel han. Det er ein viktig grunn til at han har valt å studera «Nordic Media» ved Universitetet i Oslo.

– Eg vil skriva ein analyse av norsk film. Favorittfilmen min er Oslo, 31. august av Joachim Trier.

 

 

Av Martin Toft (tekst og foto)
Publisert 31. okt. 2014 15:32 - Sist endra 31. okt. 2014 15:32
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere