Kamp om dekanvervet på HF

Både Arne Bugge Amundsen og Jens E. Braarvig  ynskjer å bli dekan på HF etter Trine Syvertsen. Valet blir avgjort den første veka i november.

– Ja, eg stiller opp som dekankandidat, seier professor i religionsvitskap, Jens E. Braarvig til Uniforum.  Det vil også professor i kulturhistorie, Arne Bugge Amundsen: - Ja, eg er meldt på som dekankandidat, stadfestar han.

For Jens Braarvig er det ein vesentleg grunn til at han stiller opp som dekankandidat: – Det er viktig at det blir ein opposisjon på Det humanistiske fakultetet som kan setja i gang ein samtale om kva universitet me vil ha, seier han til Uniforum.  Den første sjansen han får til å setja i gang den samtalen er på eit valdebattmøte den 20. oktober. Då vil dekankandidatane Jens Braarvig og Arne Bugge Amundsen møte kvarandre i ein verbal duell.

– Førebels har eg ingen prodekankandidatar, men eg reknar med at dei melder seg når eg har vunne valet, seier ein optimistisk Jens E. Braarvig. Arne Bugge Amundsen har funne prodekankandidatar, men han vil ikkje avsløra kven dei er, før valkomiteen førstkomande måndag offisielt har godkjent dei to dekankandidatane.

Hanne Gram-Simonsen er leiar for valkomiteen ved Det humanistiske fakultetet. Ho stadfestar at to kandidatar har meldt seg på til dekanvalet, men ho vil ikkje ut med kven dei er. – Eg er veldig glad for at det er to kandidatar. Då blir det eit reelt val. Eg vil oppfordra alle til å bruka røysteretten sin, understrekar ho. Dekanvalet blir gjennomført som eit elektronisk val frå 3. til 7. november.

Mann avløyser kvinne

HF-dekan Trine Syvertsen går altså av i år etter å ha sete som dekan i to valperiodar. Dei to mennene  Jens E. Braarvig og  Arne Bugge Amundsen vil gjerne overta vervet. Sistnemnde blir av mange rekna som ein tilhengjar av den politikken Trine Syvertsen har ført medan ho har vore dekan.  I dag er han instituttleiar ved Institutt for kulturstudium og orientalske språk. Jens E.Braarvig kjem frå same institutt, men er kandidat for dei som føler at dei har fått det dårlegare under dekanatet til Trine Syvertsen.  Mange av dei finst innanfor språkfaga, filosofi og religionshistorie. Fristen for å melda seg som kandidat til dekanvalet, gjekk ut i dag,  fredag 10. oktober kl. 14.00.

Også dekanskifte på Det teologiske fakultetet

Dekan Trygve Wyller på Det teologiske fakultetet må også gå av som dekan etter å hatt vervet i to valperiodar. Så langt har valkomiteen på fakultetet sjølv foreslått professor Aud V.Tønnessen som dekankandidat. Fristen for å melda på fleire kandidatar går ut 15.  oktober. Om fleire melder seg på, blir det halde eit elektronisk val frå 27. til 31. oktober.

Attval på Det medisinske fakultetet

Dekan Frode Vartdal på Det medisinske fakultetet var også på val i år etter å ha sete fire år i dekanstolen.  Då fristen for å melda seg som kandidat til dekanvalet gjekk ut i førre veke, var det ingen på Det medisinske fakultetet som hadde utfordra den sitjande dekanen. Dermed er han blitt attvald utan motkandidat for fire nye år. 

Dei andre fem fakulteta vil ha dekanval neste år eller i 2016

 

Emneord: Universitetspolitikk, Dekanvalg Av Martin Toft
Publisert 10. okt. 2014 15:43 - Sist endra 10. okt. 2014 15:43
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere