Forsvarar Argentinas betalingsnekt

– Dommen som kravde at Argentina skulle betala tilbake gjelda si til amerikanske hedgefond, blei tatt av ein 82 år gammal dommar som ikkje har peiling på økonomi. Det sa nobelprisvinnar i økonomi, Joseph Stiglitz i eit foredrag på UiO før helga.

KRITISERTE GLOBALISERINGA:  –  Globaliseringa av økonomien fører til meir ulikskap på grunn av mangelen på felles reglar og reguleringar, sa nobelprisvinnar i økonomi, Joseph Stiglitz frå Columbia University.

Foto: Ola Sæther

Både auditorium 1 og foajeen i Eilert Sundts hus var stappfull då vinnaren av Nobels minnemedalje i økonomi, Joseph Stiglitz heldt Eilert-Sundt-førelesinga 3. oktober. Joseph Stiglitz gjekk til frontalåtak på dommaren Thomas Griesa, som i juli i år avgjorde at hedgefondet NLM Capital hadde rett til å krevja at Argentina skulle betala tilbake gjelda til selskapet. Det var eit av dei få selskapa som ikkje aksepterte gjeldsforliket med Argentina.

Vil tvinga Argentina til å betala gjeld

– Ingen andre dommarar ville ta i denne saka, før dei klarte å finna ein 82 år gammal dommar i New York som ikkje kunne noko om økonomi. Argentina hadde allereie før den økonomiske krisa i 2007 inngått eit forlik med 92 prosent av kreditorane sine, då denne dommen kom. Dommen inneber at Argentina ikkje lenger kan halda fram med å gjera opp for gjelda berre med dei som inngjekk forliket, men også med selskapet som nekta å gå med på det, sa Joseph Stiglitz.  Det har landet nekta å gå med på.

I ein artikkel Stiglitz publiserte saman med fagfellen Martin Guzman i The Guardian frå 7. august i år, forklarar dei dette nærare. Der viser dei til at om den argentinske regjeringa hadde akseptert dommen, måtte kvar argentinar ha betalt 3200 dollar tilbake til selskapet. Det er ein tredjedel av ei gjennomsnitts årslønn i Argentina. Om dei skulle ha kravd det same av USA, måtte kvar amerikanar ha betalt 20 000 dollar til hedgefond-selskapet, peikar dei på. I foredraget kom han også inn på gjelda som Argentinas naboland, Chile har hatt.

Forgjelda i 30 år

– I Chile klarte marknadsøkonomar å gjera landet til eit økonomisk laboratorium under diktaturet til Augusto Pinochet. Resultatet blei at landet vil måtta tilbakebetala

Joseph Stiglitz (1943-):

- økonomiprofessor ved Columbia University i New York

- har vore sjefsøkonom i Verdsbanken og har leidd president Bill Clintons råd av økonomar.

 - vinnar av Nobels minnepris i økonomi i 2001

utanlandsgjeld i 30 år etter at diktaturet tok slutt, konstaterte Joseph Stiglitz. Han brukte desse to landa som døme på at globaliseringa av økonomien ikkje fører til mindre, men til meir ulikskap.

– Når amerikanske selskap flyttar verksemdene til Kina, fører ikkje det til at lønnene til kinesiske arbeidarar går opp, men til at lønnene til amerikanske arbeidarar blir pressa nedover, slo han fast.

– Må ha felles internasjonale reglar og reguleringar

Etter hans meining var det ein heilt opplagd grunn til at situasjonen blir slik.

– Global styring skjer utan ei global regjering. Ein får til internasjonale avtalar om kvalfangst, men ikkje om globaliseringa av økonomien eller om global oppvarming. Ei global semje om felles spelereglar på desse områda har vore ein fiasko, fordi USA har vore imot det. USA vil svært gjerne at andre land skal redusera utsleppa av CO2, men dei vil ikkje gjera noko på heimebane. Om økonomisk globalisering skal fungera godt for alle, er det naudsynt med felles reglar og reguleringar, understreka han.

Stiglitz viste til korleis den økonomiske krisa i Europa blir forsøkt løyst ved at dei som har minst, må ofra mest. – Dei må akseptera lågare lønner, samtidig som dei rike får redusert skatten. Resultatet blir dårlegare offentlege tenester. Alt dette blir gjort for at valutakursen på euroen skal halda eit bestemt nivå, meinte Joseph Stiglitz.

 

 

Emneord: Internasjonalisering, Økonomi Av Martin Toft
Publisert 7. okt. 2014 15:20 - Sist endra 7. okt. 2014 15:20
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere