Fotograferer fortida for framtida

Den femte dyrehovudstolpen frå Osebergskipet blei kopiert av treskjeraren Jørgen Eriksen før originalen blei øydelagd. No kan alle snart sjå han i 3D-versjon.

KUNSTSTYKKE: – Kopien av dyrehovudstolpen frå Osebergskipet er eit nydeleg kunststykke, synest fotografmeister Mårten Teigen og fotografassistent og treskjerar Bjarte Aarseth på Kulturhistorisk museum, UiO.

Foto: Ola Sæther

Då Osebergskipet blei grave fram i 1905, hadde verdas mest berømte vikingskip fem rikt dekorerte dyrehovudstolpar. Alle fem blei tatt vare på av Oldsaksamlinga, som no er ein del av Kulturhistorisk museum.

 – Legendarisk

Under Den andre verdskrigen blei kontoret der ein av dyrehovudstolpane stod, okkupert av tyske soldatar. På grunn av at glasmonteren den stod i gjekk tom for vatn, blei dyrehovudstolpen øydelagd. Men Oldsaksamlingas første treskjerar Jørgen Eriksen hadde over 30 år tidlegare skore ut ein fullstendig kopi av den vanskjøtta dyrehovudstolpen.

– Jørgen Eriksen var legendarisk og ein av Noregs dyktigaste treskjerarar fram til han slutta i 1908, fortel Bjarte Aarseth, som i dag er den einaste fast tilsette treskjeraren i Kulturhistorisk museum. Saman med fotografmeister Mårten Teigen er han i ferd med å 3D-skanna kopien av dyrehovudstolpen frå Osebergsskipet.

– Dette er ein del av prosjektet «Saving Oseberg» og det fører til at alle viking- og historieinteresserte kan få sjå alle detaljane i utskjeringa på datamaskina si via internett, fortel Teigen.

– Blir tatt vare på i safe

Dei fire originale dyrehovudstolpane er i magasina til Kulturhistorisk museum.

– Men dette er den einaste kopien av den femte dyrehovudstolpen, og difor blir han rekna som så verdifull at den til dagleg blir tatt vare på i ein safe, fortel Bjarte Aarseth, som under dette arbeidet fungerer som fotografassistent.

Brukte feil metode

Dei fleste gjenstandane frå Osebergsskipet som no blir 3D-skanna, er prega av ein heilt feil metode for å ta vare på fornminne. – I stor grad er det blitt brukt alun, ein metode som fører til at tinga går i oppløysing. Noko som slett ikkje var meininga, fortel Teigen og Aarseth. Svovelsyra som blir produsert inne i treverket, har ført til at trecellene sakte, men sikkert, er blir etne opp i løpet av dei siste 100 åra, og resultatet er at trecellene i dag er øydelagde, ifylgje Kulturhistorisk museums nettsider.

Det er grunnen til at «Saving Oseberg» blei sett i gang for to år sidan for å redda det som reddast kunne, før dei kunne ta i bruk ein ny og betre konserveringsmetode. – Målet er å få alle funna frå Osebergskipet 3D-skanna. Til saman utgjer heile 3D-skanninga av dyrehovudstolpen 7,5 gigabite. Som de forstår har bileta ei svært høg oppløysing, seier Bjarte Aarseth og Mårten Teigen.

 

Emneord: Kulturhistorisk museum, Museene Av Martin Toft
Publisert 23. sep. 2014 14:03 - Sist endra 23. sep. 2014 14:34
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere