Støttar Sjøbergs Pisa-kritikk

– Det er i alle fall ikkje på grunn av dårleg kvalitet at bidraga til Svein Sjøberg ikkje er med i medieklippa til Institutt for lærarutdanning og skuleforsking, meiner pedagogikkprofessor Stefan Thomas Hopmann ved Universitetet i Wien.

LATTERLEGGJER: Pisa-konsortiet har for vane å undertrykkja, latterleggjera og om ikkje det hjelper, å oversjå all kritikk, meiner professor Stefan Thomas Hopmann ved Universitetet i Wien. Han støttar Svein Sjøbergs kritikk av Pisa-undersøkingane.

Foto: UV-fakultetet ved UiO

Stefan Thomas Hopmann reknar Svein Sjøberg som ein av dei internasjonalt mest respekterte norske utdanningsforskarane.

Også Hopmann er ein sterk kritikar av Pisa-undersøkingane og dei som står bak dei.

– Pisa-konsortiet har for vane å undertrykkja, latterleggjera, og om ikkje det hjelper, å oversjå all kritikk. Dei ynskjer ikkje å delta i ein offentleg debatt om fordelane og ulempene med Pisa, poengterer han.

Hopmann meiner det kan vera fleire grunnar til dette.

– Den eine grunnen er at dei ikkje kan tilbakevisa med eit einaste døme at kritikarane tar feil. Det vil ikkje vera noka overrasking, for mange av dei avgrensingane og problema som Pisa har, er heilt vanlege for denne typen forsking. Faktisk er Pisa ein av dei teknisk mest velutvikla prosjekta innanfor sitt område. Problemet er ikkje dei vanlege veikskapane ved denne forskinga, men at dei som presenterer og brukar funna, aldri tar desse avgrensingane med i estimatet, understrekar han.

– Pisa er «big business»

Hopmann er overtydd om at det er alle Pisa-forskarar klare over. – Dei vedgår det i private samtalar, men vil ikkje fortelja om desse veikskapane offentleg, seier han. Hopman trur han veit kvifor det er slik.

 – Pisa er «big business», for aldri tidlegare i utdanningsforskinga si historie har det vore tilgjengeleg så mykje pengar for å driva med empiriske forskingsundersøkingar. OECD og deltakarlanda gjer ikkje det av grunnar som har å gjera med vitskap og velgjerd, men fordi Pisa har utvikla seg til å bli eit verdifullt politisk verktøy. Samtidig er den politiske bruken av Pisa basert akkurat på dei vitskapleg svakaste delane  av Pisa, som til dømes tabellane over dei landa som gjer det best og dårlegast. Om Pisa ville ha tatt konsekvensen av det, og berre avgrensa seg til det reint vitskaplege, som me kan seia noko om, ville ingen politikarar gitt ei krone for å halda fram med desse undersøkingane, trur Stefan Thomas Hopmann.

– Har ikkje betra skulesystemet

– Pisa har ikkje betra skulesystemet nokon stad. Mange land har brukt Pisa til å innføra eit skulepensum som har gjort framtida til undervisning og læring til ein katastrofe.Det einaste det tener, er testindustrien og dei som er interesserte i å knusa fagforeiningar. Det finst ikkje noko prov for at skulepolitikk basert på Pisa har redusert sosiale ulikskapar eller klart å oppnå berekraftige mål. Det finst heller ingen indikasjonar på at Pisa-prosjektet gir oss gode oppskrifter på overgang frå skule til arbeidsliv. Kva er grunnen til at Pisa-taparen Austerrike er mykje flinkare til å få unge folk inn i arbeidslivet enn Pisa-vinnaren Finland? Og kva er grunnen til at dei landa som økonomisk gjer det aller best, som Tyskland, Austerrike og Noreg, alltid hamnar midt på tabellen i Pisa-undersøkingane? spør han.

Hopmann peikar på at Pisa aldri offentleggjer alle data i undersøkingane sine.

– Difor treng Pisa ein Snowden som kan gjera alle  Pisa-funna offentlege. Yngre forskarar må oppmuntrast til å publisera og fortelja om alle funn, og ikkje lata seg kua av Pisa-fundamentalistar. Når det er sagt, har seg stor respekt for mine skandinaviske fagfellar som driv med Pisa-undersøkingar. Pisa-forskarane føler at dei ikkje kan eller ikkje har råd til å fortelja om funna sine offentleg. Den internasjonale Pisa-konsortiet har heile tida gjort alt dei kan for å gjera livet vanskeleg for dei som går offentleg ut med kritikk av Pisa. Heldigvis tyder alt på at politikarar og andre no er begynt å gå leie av Pisa. Det leverer faktisk ikkje det det lovar, meiner Hopmann.

– Om nokre år vil mange av mine fagfeller skjemma seg over at dei ein gong var ein del av Pisa-systemet, trur han.

Emneord: Universitetspolitikk, Arbeidsforhold, Forskingspoltitikk Av Martin Toft
Publisert 20. aug. 2014 16:32 - Sist endra 20. aug. 2014 23:35
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere