Regnvåt velkomst for nye studentar

Først skein sola på dei nye studentane på Universitetsplassen. Kort tid etter overtok regngudane. Då kom paraplyane fram.

PARAPLYSAMLING: Paraplyane blei slått opp då vergudane slapp laus regnbygene på studentane under velkomstseremonien på Universitetsplassen.

Foto: Martin Toft

Fleire tusen studentar samla seg på Universitetsplassen i går ettermiddag for å delta på den tradisjonelle velkomstseremonien.  Veret var først på studentane og universitetsleiinga si side, men etter kvart blei det ganske vått og grått å stå og høyra på Univesitetets symfoniorkester og talane til mellom andre rektor Ole Petter Ottersen og Oslo-ordførar Fabian Stang.

UiO-rektor Ole Petter Ottersen kom først med ein bodskap til dei utanlandske studentane.

– Me vil gjerne hausta inspirasjon og gode idear frå dykk. De er hjarteleg velkomne til Universitetet i Oslo.

– Morgondagens leiarar

Så oppfordra han alle studentane til å nytta seg av kunnskapen til å skapa ei betre framtid både for Noreg og verda.

– De er morgondagens leiarar både nasjonalt og internasjonalt.  Alle er ein del av det globale samfunnet. Det skal også utdanninga pregast av. Slik kan me også få skapt internasjonal solidaritet, meinte Ottersen.

Han kom inn på både terrorberedskapen i Noreg  for kort tid sidan og den humanitære krisa i Gaza.

– Boikotten av Gaza råkar også samarbeidsuniversitetet vårt Bir Zeit, fortalde han.  Ottersen var også opptatt av berekraft.

– Sosial berekraft er like viktig som økonomisk berekraft. Derfor må me arbeida for å gi folk betre levevilkår. Det må vera grunnlaget både innanfor politikken og økonomien.  Grunnforskinga som me driv på UiO gir eit viktig bidrag til den internasjonale kunnskapsallmenningen. Studentane er den aller viktigaste delen av eit framtidsretta universitet, slo han fast.

OSLO OG UIO: Oslo-ordførar Fabian Stang saman med universitetsdirektør Gunn-Elin Aa. Bjørneboe, ny student Ellen Filmberg, rektor Ole Petter Ottersen, leiar for fadderordninga, Thea Ullhaug,  prorektor Ragnhild H. Hennum og assisterande universitetsdirektør Tove Kristin Karlsen.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

– Gjer Oslo til ein endå betre by!

Ordførar Fabian Stang fylgde opp med å ynskja alle studentane velkomne til Oslo.

– Dette er ein by for alle, for kvinner og menn, for alle etniske grupper, og for heterofile og homofile. Oslo blir ofte utskjelt av andre, det må me vedgå. De blir no ein del av Oslos mangfald. Gjer det de kan for at Oslo skal bli ein endå meir triveleg og inkluderande by. Først kan de begynna å reisa dykk på trikk, buss, T-bane eller tog for dei som treng plassen meir enn dykk, var oppfordringa frå ordføraren.

– Ta dykk ein fest!

Og heilt til slutt kom han med dette rådet:

– Gå ut og ta dykk ein fest. Men samtidig må det passa på å inkludera alle, ikkje minst dei som de ser kan vera litt utanfor, sa Fabian Stang. Dei studentane som heldt ut i regnet, fekk også høyra på talen til leiaren for Studentparlamentet Marianne Andenæs.  Seremonien blei avslutta med Noregs nasjonalsong "Ja vi elsker", med tone- og songfylgje av Universitetetets symfoniorkester, Akademisk korforening, Kvindelige Studenters Sangforening og Den Norske Studentersangforening.

 

INNMARSJ: Studentane marsjerer inn på Universitetsplassen. Då skein framleis sola.

Emneord: Studentsaker, Studentforhold, Universitetspolitikk Av Martin Toft (tekst og foto)
Publisert 12. aug. 2014 13:12 - Sist endra 10. nov. 2016 11:12
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere