Rock og klassisk på grillfest
Oslo ESS og Oslo fagottkor var mellom artistane som deltok då UiO arrangerte grillfest for studentar og tilsette på fredag. Dei som møtte opp fekk ei rik konsertoppleving.

TRANGT OM PLASSEN: Oslo ESS trekte mange studentar til Realfagsbiblioteket under grillfesten på fredag.
Dei nye kometane i norsk rock, Oslo ESS og humorkoret Oslo fagottkor var mellom dei som stilte opp då UiO inviterte tilsette og studentar til eit stort grillparty på Blindern sist fredag. I Realfagsbiblioteket var det rockeklubb, medan det var klassisk bar i Georg Sverdrups hus. På den siste staden var det også innslag med Quartetto Testosterone og det var mogleg å høyra operaperler med glimt i auget.
Og i Realfagsbiblioteket kunne folk også høyra moderne rock med gruppene Highasakite og Loveshack.
Mellom slaga gjekk folk rundt og åt hamburgarar, pølser og kjøtrettar frå kjøtforretninga Strøm Larsen i Oslo.
Dei som kom, hadde god plass både i Realfagsbiblioteket og i Georg Sverdrups hus. Folk håpa at det første felles grillpartyet vil bana veg for fleire party med rock og klassisk musikk i skjønn foreining.
Logg inn for å kommentere
Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere