Ole Petter Ottersen: - Eg er svært lei meg

UiO-rektor Ole Petter Ottersen synest det er trist at Ruth Vatvedt Fjeld i går gjekk av som prorektor: – Ja, eg er svært lei meg for at ho trekkjer seg som prorektor, og det har eg gitt uttrykk for, seier han til Uniforum.

LEI SEG: Rektor Ole Petter Ottersen er lei seg for at Ruth Vatvedt Fjeld i går trekte seg frå vervet som prorektor.

Foto: Ola Sæther

Gårsdagens møte i Universitetsstyret ved Universitetet i Oslo blei mykje meir dramatisk enn det som var mogleg å sjå av saklista. Midt under møtet kom det opp ei ekstrasak. Innhaldet i den var kort fortalt at prorektor Ruth Vatvedt Fjeld ville trekkja seg frå vervet sitt, og at Valstyret ved UiO difor ville foreslå at styret konstituerte viserektor Ragnhild Hennum som ny prorektor.

Forslaget blei vedtatt mot dei to røystene til studentrepresentantane. Dei ville ha nyval på prorektor. Dermed blei Ragnhild Hennum valt til ny prorektor av fleirtalet av Universitetsstyret, medan Ruth Vatvedt Fjeld går ut av prorektorvervet og tilbake til stillinga som språkprofessor.

– Respekterer valet hennar

I ein epost til Uniforum svarar UiO-rektor Ole Petter Ottersen at han er lei seg.

– Ja, eg er svært lei meg for at ho trekkjer seg som prorektor, og det har eg gitt uttrykk for. Men eg respekterer valet hennar og ynskjer henne lykke til vidare, skriv han. Ole Petter Ottersen gir denne forklaringa på kvifor Ruth Vatvedt Fjeld går av.

– Avgjerda hennar er basert på at dei arbeidsoppgåvene ho har fått, ikkje står i samsvar med dei som ho blei førespegla. Eg må berre akseptera at ho føler det slik, uttrykkjer han.

– Ingen ny viserektor enno

Ole Petter Ottersen har stor tru på tidlegare viserektor Ragnhild Hennum som ny prorektor.

– Når det gjeld Ragnhild Hennum, så har eg jo samarbeidd med henne i fleire år, og eg er sikker på at dette samarbeidet vil halda fram i same gode spor.

– Vil UiO få ein ny viserektor?

– Eg har ingen planar no om å utnemna ny viserektor, opplyser Ole Petter Ottersen til Uniforum.

Les også fylgjande saker:

Ruth Vatvedt Fjeld trekkjer seg som prorektor

Trekker seg etter langvarig mangel på arbeidsoppgaver

 

Emneord: Universitetspolitikk, Arbeidsforhold Av Martin Toft
Publisert 7. mai 2014 11:53 - Sist endra 7. mai 2014 12:48
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere