I Victoriahuset var det fullt av liv i går, då førsteklassen frå ei av skulefritidsordningane i Oslo kom på besøk. Dei store og flytande plantane i dammen, vekte stor interesse. Og barna måtte svara på spørsmål om korleis peparplanten ser ut.

Litt lenger borte, i Zoologisk museum, møter med Tor Karlsen frå Ensjø med dottera Øyvor. – Eg likar å gå i museum, og eg har også med meg dei to sønene mine. Måndagsope museum er eit veldig bra tilbod for oss no i påskeferien, synest han. Ute var det fleire barn på besøk i Botanisk hage saman med foreldre og besteforeldre.

2200 besøkjande tok turen innanfor portane til Botanisk hage i går. 286 av dei gjekk inn i musea. Det er 40 prosent fleire enn måndag i påskeveka i fjor. Det opplyser Hanne Lene Skjeklesæther i Seksjon for utoverretta verksemd ved Naturhistorisk museum på Universitetet i Oslo. Og det var 70 prosent fleire enn fjor som besøkte Botanisk hage. – Påska 2013 låg snøen her, medan hagen no viser seg frå si vakraste side med tidleg vårblomstring, forklarar ho. Naturhistorisk museum vil halda ope alle dagar i påska, også måndag 2. påskedag. Botanisk hage held ope frå kl. 07.00 til 21.00, medan musea opnar dørene klokka 11.00 og stengjer dei klokka 16.00.

Logg inn for å kommentere