Ein av dei flottaste utferdsstadane i Oslo i påska var Botanisk hage ved Naturhistorisk museum på Tøyen. Andre påskedag var praktblomstrane på eitt av kirsebærtrea ein fryd for auget, og mange tok bilete av seg sjølv og andre under treet.
Den kvite snømagnoliaen (biletet under) frå Honshu i Japan blomstrar også, og håpet er at den raude magnoliaen skal blomstra når Naturhistorisk museum inviterer folk på omvising i Botanisk hage i morgon, onsdag 23. april klokka 18.00. Dei som har lyst, kan møte opp framfor Botanisk museum (Lids hus). Universitetslektor Kristina Bjureke ved Naturhistorisk museum vil leia omvisinga.

Logg inn for å kommentere