Mange offentlege nettstader kan ha blitt råka av eit hol i sikringa av programvaren OpenSSL. Men IT-tenesta ved UiO (USIT) opplyser at dei har ingen grunn til å tru at passord er på avvege på UiO. Men dei viser til at tenester som behandlar passord er blitt utsette for dette sikringsholet, så difor har dei ingen garantiar, skriv USIT i ei melding som ligg på UiOs nettsider.
Det blir peika på at det akkurat no ikkje er noko grunnlag for å påleggja studentar og tilsette på UiO om å skifta passord. Dei som likevel vil gjera det, kan gå inn på UiOs passordsskifteteneste på https://brukerinfo.uio.no/account/password.php medan studentar også kan gjera det på tenesta for gløymt passord https://brukerinfo.uio.no/forgotten/password/mobile.php Alle blir også oppfordra til å skifta passorda sine hos andre tenester dei brukar, dersom dei får beskjed om det. Samtidig blir alle bedne om å vera på vakt mot falske meldingar med pålegg om å skifta passord.
Straks USIT veit noko meir, vil dei koma tilbake med meir informasjon, lovar dei.
Les heile meldinga frå USIT.
Logg inn for å kommentere