Språkrådet vil ha eit forskings- og dokumentasjonssenter for norske språk

Eit forskings- og dokumentasjonssenter med vitskaplege medarbeidarar er den beste løysinga for språksamlingane på universiteta. Det er rådet Språkrådet gir Kulturdepartementet.

YNSKJER SPRÅKSENTER: Språkdirektør Arnfinn Muruvik Vonen og Språkrådet foreslår at det blir oppretta eit forskings- og dokumentasjonssenter for norske språk.

Foto: Ola Sæther

Eit slikt forskings- og dokumentasjonssenter skal ha ansvaret for vitskapleg dokumentasjon av alle dei språka Noreg har ansvar for. Det vil seia både norsk med nynorsk og bokmål, samisk og minoritetsspråka kvensk, romani, romanes og norsk teiknspråk. Språkrådet tilrår at det skal ha tilknyting til eit universitet eller ein høgskule.

Den 13. februar melde Uniforum at språksamlingane til Universitetet i Oslo og fleire av dei andre universiteta risikerer å måtte flytta etter store endringar i organisering av fakultet og institutt.

Etterlyste svar frå UiO

Styreleiar Magnus Rindal i Norsk Ordbok snakka varmt for at universiteta måtte ta vare på desse samlingane også i framtida. Han meinte at Universitetet i Oslo ikkje hadde gitt noko klart svar på spørsmålet.

– For meg ville det vera svært overraskande om universitetsleiinga ikkje har noko ansvar for forsking og formidling av norske stadnamn, norske dialektar og norsk ordtilfang, sa Magnus Rindal til Uniforum.

 

Må vurderast etter kor viktige dei er

UiO-rektor Ole Petter Ottersen kom samtidig med dette svaret:

– Språksamlingane med norske ord, stadnamn og dialektar må vurderast etter kor viktige dei er for forsking og undervisning.

I den same artikkelen fortalde språkdirektør Arnfinn Muruvik Vonen at han i stor grad delte uroa til styreleiar Magnus Rindal når det handla om framtida til språksamlingane.

– Universitetet i Oslo har framleis ansvaret for språksamlingsarbeidet som deira vitskaplege tilsette driv med. Om dei finn det vanskeleg å ta på seg dette ansvaret framover, må det bli opp til den politiske leiinga i Kulturdepartementet og Kunnskapsdepartementet å bestemma kven som skal ta vare på desse samlingane og syta for at språksamlingsarbeidet held fram, sa Muruvik Vonen til Uniforum.

No har språkdirektøren og Språkrådet sendt ei tilråding om kva som bør skje med desse språksamlingane til Kulturdepartementet.

I brevet understrekar eit samrøystes styre i Språkrådet at det er ei tverrdepartemental oppgåve å sikra språksamlingane.

« Me er i tvil om kva som skal til for at eitt eller fleire universitet vil satsa vidare på dette arbeidet, men me er sikre på at ein ikkje må mista kontakten mellom dei språkvitskaplege miljøa og dei miljøa som arbeider med språksamlingar. Det er svært viktig at språksamlingane blir forvalta av ein permanent og sikker organisasjon. Språkrådet meiner eit forskings- og dokumentasjonssenter med vitskaplege medarbeidarar er den beste løysinga", heiter det i brevet til Kulturdepartementet.

Språkrådet foreslår at eit slikt senter anten kan etablerast med tilknyting til eit universitet, til Språkrådet eller som ein sjølvstendig institusjon med eigne vedtekter, eigen administrasjon og eige budsjett, står det i tilrådinga.

Krev endringar av Språkrådet

– Om det skal det leggjast til Språkrådet, krev det endringar i føresetnadene for oss, særleg når det gjeld vitskapleg arbeid, men vi meiner også den løysinga er aktuell, seier språkdirektør Arnfinn Muruvik Vonen. Han viser til at Språkrådet legg stor vekt på at saka får ei løysing som ikkje avgrensar den posisjonen Språkrådet har etter vedtektene, og som ikkje svekkjer dei rettane Språkrådet forvaltar i denne saka.

Går inn for vidare digitalisering av Norsk Ordbok

Språkrådet peikar på at det ynskjer at dei kan spela ei sentral rolle i det vidare arbeidet med saka, og dei utgreier gjerne sider av saka nærmare i samråd med Kulturdepartementet. I skrivet rår også Språkrådet til at alfabetstrekket frå A til H i Norsk Ordbok blir digitalisert med same standard som elles i ordboka og revidert på nivå med dei nyare binda. Språkrådet går også inn for at det blir oppretta ein driftsorganisasjon som skal driva og oppdatera den digitale utgåva av Norsk Ordbok. Samtidig tilrår styret at definisjonsspråket i Norsk Ordbok blir endra til moderne rettskriving.

Ordbokverk for bokmål

Prosjektet Bokmålets og riksmålets ordbokverk er framleis under utvikling, og styret for Språkrådet kjem med klare krav til kva eit slik verk skal innehalda.

- Eit bokmålsprosjekt må tilfredsstilla dei same vitskaplege krava som har vore brukte for andre store ordbokprosjekt, til dømes Norsk Ordbok.

- Det må stillast høge krav til korpus, slik at ein får mest mogleg att for dei offentlege midlane som må satsast.

- Korpus og andre språkressursar som blir utvikla i og for dette prosjektet, skal vera utan eksklusive rettar for nokon og tilgjengelege for alle, slik Norsk ordbank gjer det i dag.

- Eit bokmålsprosjekt må organiserast slik at Språkrådet framleis står for den formelle og faktiske normeringa av bokmål.

- Offentlege midlar må gjevast til eit leksikografisk miljø som står fritt til å levera tenester til ulike aktørar og interessentar.

Prosjektet Bokmålets og riksmålets ordbokverk er ein av fleire moglege måtar å formidla det leksikografiske innhaldet på. Same kva løysing som blir vald, må denne tilfredsstilla dei same krava som er stilte ovanfor. Fram mot 2017 foreslår styret for Språkrådet at det blir gitt naudsynte midlar til å fullføra Det Norske Akademis Store Ordbok på ein god måte, samtidig som det blir arbeidd grundig med eit stort forprosjekt for det store bokmålsordverket, går det fram av brevet til Kulturdepartementet.

Språkrådet kjem også inn på dei tospråklege ordbøkene. Det slår fast at ordbokprosjekt som i hovudsak blir støtta av det offentlege, må ha løysingar både for bokmål og nynorsk. Det viser til Lexin-ordbøkene som eit godt døme på dette. Dei tilrår også at det blir sett i gang ein innhaldsrevisjon av både Bokmålsordboka og Nynorskordboka i 2015. Det arbeidet vil Språkrådet gjerne leia. Både standardordbøkene og Norsk ordbank bør oppdaterast. Dessutan tilrår Språkrådet at dei noverande rettane til standardordbøkene ikkje blir overførte til private forlag.

«Språkrådet ser fram til vidare drøftingar med Kulturdepartementet, ordbokmiljøet og brukargrupper om dei store spørsmåla som melder seg når ein samla ordbokpolitikk blir sett på saklista», skriv styreleiar Ottar Grepstad og språkdirektør Arnfinn Muruvik Vonen i tilrådingsbrevet til Kulturdepartementet.

Emneord: Universitetspolitikk, Forskningspolitikk, Språk, Nynorsk Av Martin Toft
Publisert 5. mars 2014 15:59 - Sist endra 5. mars 2014 16:17

Logg inn for å kommentere