Grunnlovsveka på Universitetet i Oslo blei opna av rektor Ole Petter Ottersen måndag morgon. Etter at han hadde æra Georg Sverdrup ved å leggja ein krans rundt hovudet på bysten av han i foajeen i Georg Sverdups hus, kunne forelesingane for alvor ta til.
Først ute var historieprofessor John Peter Collett og jusprofessor Ola Mestad. Førstnemnde leidde arbeidet med å skriva UiOs historie, medan den sistnemnde er leiar av den nasjonale forskingskomiteen for grunnlovsjubileet. Seinare på dagen fortalde forfattaren Carl Emil Vogt om grev Wedel Jarslberg medan retorikkprofessor og generalsekretær i Vitskapsakademiet, Øyvind Andersen fortalde om Georg Sverdrup.
Les heile programmet for Grunnlovsveka.
MED KRANS: Bysten av Georg Sverdrup har fått krans på hovudet. (Foto: Alv Reidar Dale)
Logg inn for å kommentere
Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere