Studentane vel studium av interesse for faget

Yrkesplanar, fagleg interesse og godt omdømme for god studiekvalitet er dei viktigaste grunnane for studentane sitt val av studieprogram. Det går frå av svara Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (NOKUT) har fått frå 17 641 studentar frå heile landet.

FAGINTERESSE VIKTIGAST: Studentane vel studium utifrå fagleg interesse, viser ny undersøking frå NOKUT. UiO-rektor Ole Petter Ottersen talar her til ferske studentar hausten 2013. (Arkivfoto)

Foto: Ola Sæther

Studentane bestemmer altså i stor grad sjølve kva studium dei vil gå på utifrå den jobben dei ynskjer å ha i framtida.

Berre rundt 23 prosent av studentane fylgjer tilrådingane frå familie, venner eller kjærast. Når det gjeld ynsket om å gå på ein bestemt høgskule eller universitet, er dette svært viktig eller ganske viktig for 56 prosent av studentane. At institusjonen ligg i ein bestemt by eller tettstad blei  sett på som viktig eller svært viktig av 54 prosent av studentane då dei valde studieprogram.

Sju av ti studerer det dei ynskjer

Det mest gledelege i undersøkinga er truleg funnet som viser at det er fagleg interesse og jobbplanar som blir peika på som dei aller viktigaste faktorane for at dei har vald eit bestemt studieprogram. 90 prosent av dei spurte gir opp fagleg interesse som hovudgrunnen til at dei valde det studieprogrammet dei går på. Og 79 prosent gjorde det fordi det er ein del av deira yrkesplanar. 70 prosent av dei svarar at dei er på det studieprogrammet dei helst vil gå på. Stort sett er dei også godt nøgde med studieprogrammet og eit fleirtal av dei vil gjerne tilrå det til andre.

Undervisninga kunne vore betre

Når det gjeld spørsmål som handlar om undervisninga, er svara litt mindre positive. Berre 12 prosent er svært tilfreds med faglærarane si evne til å gjera undervisninga engasjerande. Rundt 72 prosent er mellomnøgde med dette. Og dei er heller ikkje strålande nøgde med faglærarane si evne til å gjera vanskeleg stoff forståeleg. Berre 10 prosent av dei spurde gir beste karakter til det spørsmålet. Ifylgje studentane er det også godt rom for betring, både når det gjeld kvaliteten på tilbakemeldingane på eige arbeid og på den individuelle oppfylginga av studentane. Når det gjeld det sistnemnde punktet, svarar 42 prosent at dei ikkje er tilfredse. 28 prosent er ikkje nøgde med kvaliteten på tilbakemeldinga på eige arbeid.

Svært nøgde med biblioteka

Både det sosiale og det faglege miljøet på studieprogrammet får ståkarakter av studentane. Det gjer også undervisningslokala, utstyr og hjelpemidlar i undervisninga og IKT-tenester. Bibliotek og bibliotektenester skårar høgast og nesten 80 prosent av dei som sende inn svar, er svært tilfredse med det tilbodet.

Relevant studieprogram

Studieprogrammet studenten har valt, er også i stor grad relevant for yrkesvalet studenten har gjort. Det meiner 83 prosent av desse studentane. I undersøkinga fekk studentane også spørsmål om eksamen og innleveringsoppgåver. 78 prosent av studentane meinte at det handla om sentrale delar av pensum. 84 prosent meinte at både eksamen og innleveringsoppgåvene i stor grad kravde forståing og resonnement. Og heilt til sist tar me med eit anna viktig poeng i undersøkinga. 71 prosent av studentane er svært tilfredse med læringsutbytet med tanke på evne til refleksjon og kritisk tenking.

Til saman fekk 55 083 studentar høve til å svara på spørjeskjemaet. 17641 av dei gjorde det, noko som gir ein svarfrekvens på 32 prosent.

 

Emneord: Studentforhold, Arbeidsforhold, Universitetspolitikk, Studentsaker Av Martin Toft
Publisert 31. jan. 2014 17:04 - Sist endra 31. jan. 2014 17:24
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere