UiO markerte 70-årsminnet for Tysklandsstudentane

Den 30. november 1943 blei 1200 mannlege studentar arresterte av den tyske okkupasjonsmakta og mange av dei blei seinare sende til konsentrasjonsleirar i Tyskland. UiO markerte 70-årsminnet om denne hendinga i Universitetets aula sist laurdag.

ÆRA TYSKLANDSSTUDENTANE: Ein fullsett Aula æra Tysklandsstudentane 70 år etter at dei blei arresterte og sende til Tyskland. Til venstre på biletet sit  rektor Ole Petter Ottersen saman med  historikar Jorunn Sem Fure.

Foto: Martin Toft

95 år gamle Elling Kvamme og 92 år gamle Johan Baarli var to av Tysklandsstudentane som var til stades under minnemarkeringa i Universitetets aula. Dei fekk oppleva at ein fullsett aula æra dei og deira innsats mot okkupasjonsmakta.

Må ta stilling

Rektor Ole Petter Ottersen viste til korleis dei var gode døme på at i nokre politiske spørsmål er det uungåeleg at universitetet ikkje tar stilling.

- Slik var det i kampen mot nasjonalsosialismen i Noreg og slik er det no i kampen mot dødsstraff. Universitetet i Oslo har difor tatt initiativet til ein verdsomfattande allianse av universitet som skal jobba mot dødsstraff, sa han.

"Likesæle er den verste synda"

Han viste til at Tysklandsstudentane hadde vist mot og absolutt late ord fylgja handling. - Motstanden frå lærarane, universitetstilsette og studentane under krigen var eit godt døme på dette.- Som fredsprisvinnaren Elie Wiesel sa i denne aulaen i 1986: "Likesæle er den verste synda av alle," siterte Ottersen.

 Verna forfylgde akademikarar og studentar

- Difor må universitetet kjempa for menneskerettane og reagera når menneskerettane blir brotne. I alliansen "Scholars at Risk" og i "Students at Risk" arbeider me for å gi vern i trygge land til akademikarar og studentar som blir forfylgde for meiningane sine i heimlandet, fortalde UiO-rektoren.

Historikar Jorunn Sem Fure fortalde om Universitetet i Oslo under krigen. Dei musikalske bidraga stod Vertavo-kvartetten og Valkyrien Allstars for.

I papiravisa til Uniforum som kjem ut den 12. desember, vil me trykkja eit intervju med Tysklandsstudenten Elling Kvamme.

Emneord: Menneskerettar, Universitetspolitikk, Universitetshistorie Av Martin Toft
Publisert 2. des. 2013 11:43 - Sist endra 2. des. 2013 12:19
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere