Dei 24 medarbeidarane har vore i minimum 30 års samanhengjande teneste i meir enn 50 prosent stilling. Mellom desse tilsette er det både tannhelsesekretærar, professorar, driftsteknikarar og ingeniørar.
Kontinuitet er viktig
Rektor Ole Petter Ottersen opna utdelinga med å hylla dei medarbeidarane som blir verande lenge på Universitetet i Oslo. – Både innanfor forsking og undervisning er det viktig med kontinuitet. Det er det også i dei teknisk-administrative stillingane. Og de representerer ein slik kontinuitet, slo han fast.
Langt etterslep
Dekan Pål Barkvoll understreka kor viktig det er med lojalitet og kor høgt det heng å få tildelt Noregs Vels medalje for lang og tru teneste. «Alle dei ulike gruppene av tilsette er like viktige som delar av eit stort tannhjul som i fellesskap kan jobba for å nå målet til fakultetet om å levera best mogleg forsking og undervisning til samfunnet», skriv han i ein epost til Uniforum. Grunnen til at det er så mange som får tildelt medaljen i år, er det lange etterslepet av medarbeidarar som ikkje har fått denne heideren tidlegare. Dei som fekk denne æra denne gongen var medarbeidarar som blei tilsette seint på 1960-talet og heilt fram til 1983.
Vil ha årleg seremoni
Dekanatet på odontologi ynskjer å innføra dette som ein årleg seremoni for å heidra gode medarbeidarar av alle kategoriar, opplyser dekan Pål Barkvoll til Uniforum.
Logg inn for å kommentere