Storsatsing på studentbustader

1300 studentbustader skal få byggjestart i 2014 og studentane skal få utdanningsstøtte i 11 månader og ikkje berre i 10 månader i året. Det går fram av Stoltenberg-regjeringas forslag til statsbudsjett for 2014.

STUDENTVELFERD VINN FRAM: Kunnskapsminister Kristin Halvorsen deler ut meir pengar til bygging av studentbustader og utdanningsstøtte i budsjettforslaget for 2014. Biletet viser dei nyaste studentbustadane i Vestgrensa studentby.

Foto: Ola Sæther

– 11 månaders utdanningsstøtte er noko studentane har ønskt i lang tid. Innføringa betyr at det vil kome ei ekstra utbetaling av studiestøtte i juni på toppen av det studentane får i dag, seier kunnskapsminister Kristin Halvorsen i ei pressemelding.

Den avtrappande regjeringa foreslår òg å prisjustere utdanningsstøtta for å halde oppe kjøpekrafta til studentane. Prisjusteringa og utvidinga til 11 månader fører til at basisstøtta aukar med over 11 000 kroner til 105 600 kroner i året i 2014–2015.

Regjeringa vil satse vidare på studentbustader ved å auke finansieringa for 2014 med 100 millionar kroner i forhold til budsjettet som blei vedteke i fjor. Budsjettramma blir dermed på 359 millionar kroner, noko som vil gi om lag 1300 nye studentbustader.

– Med dette har vi overoppfylt Soria Moria II ved å gi tilsegn om tilskot til over 1000 studentbustader kvart år sidan 2008, seier kunnskapsminister Kristin Halvorsen.

På grunn av høgare byggjekostnader foreslår regjeringa å auka dagens kostnadsrammer for oppføring av studentbustader med 100 000 kroner per hybeleining. Regjeringa vil dessutan auka statstilskotet per hybeleining med 20 prosent. Det vil sikra studentane ei rimeleg husleige, trur regjeringa.

Stoltenberg-regjeringa vil utvida perioden med foreldrestipend gjennom Lånekassen med fem veker, frå 44 til 49 veker. Dette gjeld elevar og studentar som får barn frå hausten 2014.

Regjeringa, som går av denne veka,  foreslår å innføra støtte til det første året (freshman) av bachelorutdanning av høg kvalitet i USA. Talet på universitet og høgskolar der norske studentar kan få støtte til freshman-året, kjem til å auka kraftig: frå 60 til opp mot 400. Regjeringa foreslår å løyva 14,8 millionar kroner til tiltaket i 2014.

400 nye studieplassar

Regjeringa til Jens Stoltenberg foreslår å oppretta om lag 400 nye studieplassar i 2014 til fagområde med spesielt stort behov for meir kompetanse. Regjeringa foreslår òg å løyva 1,3 milliardar kroner til bygg i universitets- og høgskolesektoren.

– Regjeringa legg opp til å finansiera 24 800 fleire studieplassar i 2019 enn då vi tok over regjeringskontora i 2005. Det inneber ein kostnad på om lag 2,8 milliardar kroner og er ei formidabel investering i framtidige generasjonar og i kunnskapssamfunnet vårt, seier kunnskapsminister Kristin Halvorsen.

I budsjettforslaget for 2014 blir studieplassar innanfor mellom anna ingeniør­utdanning, maritim utdanning, rettsvitskap og medisin­utdanning prioriterte. I forslaget ligg det også inne pengar til etablering av ein master i film og fjernsyn.

1,2 milliardar til vidareføring av åtte pågåande byggjeprosjekt

Regjeringa foreslår startløyvingar på totalt 80 millionar kroner til rehabilitering av Noregs idrettshøgskole og nybygg for medisin og helsefag ved Universitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet. Prosjekta skal etter planen stå ferdige i 2017 og har kostnadsrammer på høvesvis 837 millionar og 1,28 milliardar kroner.

Regjeringa foreslår i tillegg å løyve 1,2 milliardar kroner til å vidareføre åtte pågåande byggjeprosjekt ved universiteta i Bergen, Oslo, Tromsø og på Ås, ved høgskolane i Bergen og Sør-Trøndelag og ved Kunst- og designhøgskolen i Bergen.

– Vi har sidan 2005 gitt startløyving til 15 byggje- og rehabiliterings­prosjekt, inkludert dei to nye prosjekta som er foreslått i budsjettet for 2014. Dette gir ei solid oppgradering av bygningsmassen i universitets- og høgskolesektoren. Den samla kostnads­ramma for alle desse bygga er på meir enn 18 milliardar kroner, seier kunnskapsministeren.

Regjeringa har varsla ei ny stortingsmelding om kvalitet i høgare utdanning og foreslår å løyve 15 millionar kroner over tre år til ei forskingsbasert evaluering av kvaliteten i høgare utdanning. Evalueringa vil mellom anna vurdere i kva grad utdanningane som norske universitet og høgskolar tilbyr, held høg internasjonal kvalitet, og om dei førebur studentane godt nok på arbeidslivet.

 

 

Emneord: Universitetspolitikk, Økonomi, Forskingspolitikk
Publisert 14. okt. 2013 10:34 - Sist endra 14. okt. 2013 12:25
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere