I dag blir Torbjørn Røe Isaksen kunnskapsminister

Høgres Torbjørn Røe Isaksen vil i formiddag overta som kunnskapsminister etter SVs Kristin Halvorsen, stadfesta påtrappande statsminister Erna Solberg i dag.

NY KUNNSKAPSMINISTER: Torbjørn Røe Isaksen frå Høgre overtar i dag som kunnskapsminister etter Kristin Halvorsen frå Sosialistisk Venstreparti. (Foto: Erik Norrud, Høgre)

Seinare i dag vil Torbjørn Røe Isaksen (fødd i 1978) overta nøkkelen til Kunnskapsdepartementet frå Kristin Halvorsen. Den arbeidspolitiske talsmannen til Høgre og medredaktøren i Minerva er rekna som ein av Høgres viktigaste ideologar.

Statsvitar frå UiO

Røe Isaksen er lærarson frå Porsgrunn, og har site på Stortinget som vara frå 2005, og som fast representant frå Telemark sidan 2009.  I den siste stortingsperioden sat han i arbeids- og sosialkomiteen. Tidlegare har han vore leiar for Unge Høgre, og han kan også visa til ein mastergrad i statsvitskap frå Universitetet i Oslo. Då skreiv han ei masteroppgåve om F.A.Hayek, ifylgje Minerva. I 2008 gav han ut boka "Høyre om! For en ny konservatisme" og i 2013 "Den onde sirkelen", også ifylgje Minerva.

Presenterer regjeringa for folket

Etter at klokka har slått tolv, vil statsminister Erna Solberg visa Torbjørn Røe Isaksen og dei andre statsrådane fram for folket på baksida av Slottet etter at ho først har presentert dei 18 statsrådane sine, inkludert seg sjølv, for kong Harald. Regjeringa er sett saman av ni kvinner og ni menn.

UiO-rektor nøgd med Erna Solbergs val av kunnskapsminister

UiO-rektor Ole Petter Ottersen synest Erna Solberg har plukka ut rett person til å styra Kunnskapsdepartementet.

- Eg synest det er eit veldig bra val. Eg kjenner godt til  karrieren hans. Han har statsvitskap frå Universitetet i Oslo. Elles har han ein svært variert bakgrunn. Difor har eg stor tillit til han som ny kunnskapsminister. Dette ser positivt ut.

- Og når blir det det første møtet ditt med den nye statsråden?

- På hans bord vil det liggja eit brev med førespurnad om  eit møte frå Universitets- og høgskulerådet. Me har også notert oss at regjeringserklæringa har høge ambisjonar for forsking og høgare utdanning. Det gler me oss til å sjå resultatet av, seier Ole Petter Ottersen.

Nøgde studentar

Leiar for Norsk studentorganisasjon, Ola Magnussen Rydje, er også nøgd med valet av Torbjørn Røe Isaksen som kunnskapsminister.

– Han er ein person me har stor respekt for. Han er ung, reflektert, ideologisk og har ei sterk og tydeleg politisk stemme. Eit av politikar-Noregs  store talent, og han har eigenskapar som passar ein studentminister godt, seier Magnussen Rydje i ei pressemelding.

 Studentane er spente på kva grep den nye statsråden vil ta.

– Det første me ynskjer å sjå frå Røe Isaksen er ei stadfesting på at tiltaka i statsbudsjettet for betra studentøkonomi blir ein viktig del av satsinga for den nye regjeringa. 11 månader studiestøtte og fleire studentbustader er byggjesteinar for kunnskapssamfunnet, legg Rydje til.

Får råd frå Forskarforbundet

Leiar for Forskarforbundet Petter Aaslestad har eit klart råd til den nyutnemnde kunnskapsministeren Torbjørn Røe Isaksen.

– Noreg er det einaste landet i Norden som ikkje har nådd EUs mål om at minst tre prosent av bruttonasjonalproduktet skal gå til forsking og utvikling. Det første han må gjera er å laga ein forpliktande opptrappingsplan for forsking og høgare utdanning som lyfter innsatsen opp på nivå med våre naboland, seier Aaslestad.

Forskarforbundet ventar mykje av Torbjørn Røe Isaksen.

– Både Høgre og Frp gjekk til val på ei kraftfull satsing på kunnskap og forsking og dei gjentar lovnadene i regjeringsplattforma. Me skal  vera ein god alliert, slik at Røe Isaksen innfrir det me ventar av dei etter dei vonene dei sjølve har skapt, seier Aaslestad.

 

 

Emneord: Forskningspolitikk, Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 16. okt. 2013 09:30 - Sist endra 16. okt. 2013 11:43
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere