Fuskevedtak ved Universitetet i Bergen er ugyldig

Universitetet i Bergen bryt lova i saka om den utestengde doktorgradsstipendiaten på Det medisinsk-odontologiske fakultetet. Han kan òg ha krav på erstatning, meiner jussprofessor Jan Fridthjof Bernt.

SLAKTAR FUSKEVEDTAK: Jussprofessor Jan Fridtjof Bernt plukkar ifrå kvarandre alle argumenta til UiB-leiinga for  å hindra ein utestengd doktorstipendidat i å levera doktoravhandlinga si til ny vurdering.

Foto: Silje Gripsrud / UiB

– Det er mi klare oppfatning at vedtaket er ugyldig, seier Bernt til På Høyden.

Saka var i august oppe i den sentrale klagenemnda ved UiB etter at universitetet fikk kritikk frå Sivilombodsmannen for ikkje å ha handsama klagen korrekt. Ombodet stilte òg spørsmål ved om det var riktig av UiB å gi mannen ein så sterk reaksjon, og peikte på manglar ved lova når det gjeld rettstryggleiken til stipendiatar.

I august blei saka tatt opp i den sentrale klagenemnda ved UiB, og utfallet blei det same som før: Stipendiaten får aldri levere oppgåva si, som delvis allereie har vore publisert som vitskaplege artiklar. Klagenemnda er leia av tingrettdommar Beate Blom, og i nemnda sit dessutan to vitskapleg tilsette og to studentar.

Men Bernt konkluderer med at vedtaket frå den sentrale klagenemnda er i strid med lova. Hovudinnvendinga til Bernt er at universitets- og høgskulelova ikkje har heimel for å utvise studentar for lengre periode enn eitt år. Etter ei omfattande vurdering av universitets- og høgskulelova samt forarbeida, meiner Bernt at jussen UiB baserer seg på ikkje held mål: «Slik jeg ser det, er den lovforståelse som klagenemnda, og kanskje Sivilombudsmannen, baserer seg på her, basert på en feillesing av forarbeidene.»

Ligg under universitetslova
Bernt viser til at tilsetting som stipendiat og vurdering av ei avhandling er to ulike tilhøve. Sjølv om eit engasjement kan avsluttast etter reglane i tenestemannslova, er vurderinga av avhandlinga like fullt regulert av universitets- og høgskulelova, der utestenging i eitt år er den mest djuptgripande, lovlege sanksjonen.

Manglar heimel
I tillegg peiker Bernt på at stipendiaten ikkje har fått opplyst om at det finst høve til å klage på avgjerda frå klagenmenda. Avgjerda er allereie klaga vidare til Kunnskapsdepartementet.

– Det er ikkje heimel i lova for å fatte eit vedtak av ein så kraftig karakter som her. Det å gjere eit inngrep i retten til å levere ei avhandling må ha eit heimel i lov. Ein kan ikkje frata doktorgradsstudenten denne retten berre ved å lage eit internt reglement, meiner Bernt.

Erstatningsansvar
Han er og kritisk til at ei nemnd der to av fem medlemer er studentar, skal handsame ei tilsettingssak.

– Klagenemnda er kalibrert for å ta imot studentklager. Vi bruker ikkje organ med så stor studentrepresentasjon til å handsame tilsettingssaker. Her skulle det i staden

ha vore representantar for stipendiatgruppa, seier jussprofessoren.

– Er UiB erstatningsansvarleg dersom utestenginga ikkje har heimel i lov?

– UiB kan absolutt ha pådratt seg eit erstatningsansvar her, til dømes viss kandidaten blir forseinka i yrkeslivet fordi han ikkje har fått leggje fram avhandlinga si, seier Bernt.

Han finn det og oppsiktsvekkande at klagenemnda denne gongen meiner at sitatfeila er forsettlege.

– Dette er ei skjerpa vurdering av studenten sine feil, som han så vidt eg veit ikkje har fått høve til å uttale seg om, seier Bernt.

 

Rektor vil ha avklaring
Då saka går langt tilbake i tid har rektor Dag Rune Olsen avgrensa kjennskap til ho.

– Difor skal eg vere forsiktig med å uttale meg om ho, men eg registrerer at departementet meiner at lovgivinga kanskje har vore for utydeleg her, og eg har veldig stor respekt for Jan Fridthjof Bernt og vurderingane hans. Eg ser at vi treng ei avklaring av kva som eigentleg følgjer av lovverket, men vi kan vanskeleg overprøve den sentrale klagenemnda, seier Olsen.

Men dersom det viser seg at UiB har gjort feil i saka er han klar til å ta ansvar.

– Vi har ikkje reflektert over eit eventuelt erstatningsansvar så lenge eg har vore rektor her. Men om det viser seg at vi har påført doktorgradsstudenten inntektssvikt på grunn av ei uriktig avgjerd, må vi eventuelt ta det til etterretning.

 

Emneord: Juss, Arbeidsforhold, Forskning Av Dag Hellesund i På Høyden
Publisert 24. okt. 2013 14:10 - Sist endra 24. okt. 2013 14:37
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere