USA og Cuba krev meir av lærarstudentane enn Norden

Lærarutdanninga i Stanford i USA og i Havanna på Cuba har strengare opptakskrav og evnar å kopla teori og praksis langt betre enn lærarutdanninga i Norden. Det viser førebelse analysar i ein studie frå Institutt for lærarutdanning og skuleforsking,UiO.

KAN LÆRA: – Både Noreg og Finland kan truleg læra litt av modellane til lærarutdanninga på Stanford og i Havanna, meiner forskar Ole Kristian Bergem og professor Kirsti Klette ved Institutt for lærarutdanning og skuleforsking, UiO.

Foto: Martin Toft

– Det mest overraskande var at me fann så mange likskapar i undervisninga i matematikk og førstespråk på lærarutdanningane i Noreg og Finland, seier professor Kirsti Klette ved Institutt for  lærarutdanning og skuleforsking. Ho leier det internasjonale forskingsprosjektet Coherence and Assignment Study in Teacher Education (CATE), som er finansiert av Forskingsrådet. Der ser forskarane på likskapar og skilnader i den fagdidaktiske undervisninga i matematikk og førstespråk på lærarutdanningane ved til saman åtte universitet i Finland, Chile, Cuba, Noreg og USA.

Feltstudiar

Forskarane har observert undervisninga på seminar på lærarutdanninga i desse to faga. Deretter har dei intervjua eit par av studentane, faglæraren og den studieansvarlege. Dei har også spurt om synspunkta til studentane knytte til korleis kursa og heile studieprogrammet koplar teori og praksis. Forskarane har òg sett på skilnader i pensumlistene, fordelinga mellom opplæring i teori og praksis og bruken av pedagogikk og fagdidaktikk. Dessutan har dei sett på kva type teori studentane les i dei fagdidaktiske kursa.

– Eg vil understreka at me framleis manglar tala frå Chile. Likevel har med nok data til at me kan visa fram nokre førebelse resultat, seier Kirsti Klette.

I alle landa har forskarane observert lærarutdanningane på eitt eller to universitet: I Noreg var det lærarutdanningane på UiO og NTNU, i Finland Helsingfors universitet og Åbo akademi, i USA Stanford og Santa Barbara University i California og på Cuba Det pedagogiske universitetet i Havanna.

Matematikk og førstespråk

– Me fokuserer analysen vår på koplinga mellom teori og praksis i dei fagdidaktiske kursa. For at det ikkje skulle bli altfor omfattande, har me konsentrert oss om undervisninga i matematikk og førstespråk; i Noreg vil det seia norsk (bokmål og nynorsk), i Finland finsk og svensk, i USA engelsk og på Cuba og i Chile spansk, fortel forskar Ole Kristian Bergem, som også deltar dette prosjektet. Alle lærarstudentane som deltok i undersøkinga, tok ei utdanning som ville spesialisera dei til å undervisa elevar frå 7. til 13. klasse. – På Cuba, Stanford og i Helsingfors stiller dei langt meir omfattande krav for opptak til lærarutdanninga enn det norske universitet gjer. Ved Helsingfors universitet i Finland tar dei først opp 1000 studentar, og så intervjuar dei alle saman før dei til slutt sit igjen med mellom 300 og 400, opplyser Kirsti Klette.

Også i Havanna er det strenge opptakskrav. Berre dei beste studentane frå heile landet kjem inn. – Der har dei også eit gratis førebuande kurs for alle som skal ta opptakseksamen. Samtidig har Cuba også eit fem år langt løp der studentane spesialiserer seg i å bli matematikklærar eller spansklærar, fortel Bergem, som gjorde feltstudiet sitt på Det pedagogiske universitetet i Havanna.

Viktig motivasjonssamtale

– I Noreg reknar me med at lærarstudenten alltid er motivert når han eller ho har søkt seg inn på studiet. Eit teikn på at det ikkje er slik, er at mange hoppar av lenge før dei er ferdige med studiet. Frå Finland understrekar dei at denne første motivasjonssamtalen er viktig for at studentane skal fullføra studiet, og at den fungerer som ein gjensidig kontrakt mellom utdanningsinstitusjon og student, seier Kirsti Klette.

Undersøkinga deira viste at lærarutdanningane i Santa Barbara og Stanford og Havanna var dei som både hadde mest opplæring i teori og mest praksis. Det vil seia at dei hadde dei lengste pensumlistene. – I Havanna var studentane tre dagar i veka ute i praksis og to dagar på universitetet for å få undervisning. Slik hadde dei rundt 60 prosent praksis og 40 prosent teori gjennom store delar av studiet. I dei nordiske landa har lærarstudentane rundt 18 veker praksis i året. Det vil seia at dei har ei om lag lik fordeling mellom teori og praksis det året dei skal ut på skulane for å undervisa. Flest obligatoriske innleveringar er det ved Stanford og i Havanna, fortel Ole Kristian Bergem.

Ikkje negativt å stilla strenge krav

Kirsti Klette konkluderer med at det ikkje er negativt å stilla strenge krav til studentane.

– Det er nettopp dei to universiteta som har dei lengste pensumlistene, høgaste inntakskrava og høgaste talet på innleveringar, som har dei mest nøgde studentane. Lærevillige studentar har ikkje noko imot å lesa om faget sitt og visa faglæraren kva dei har lært, konstaterer ho.

– Kva konklusjon vil de trekkja av dei førebelse resultata av denne undersøkinga?

– Både Noreg og Finland kan truleg læra litt av modellane på Stanford og i Havanna. Særleg deira tydelege og klart formulerte fokus og krav om kurs, innleveringar og leselister med meir, ser ut til å hjelpa studentane til å gjera koplingar mellom den teoretiske opplæringa på campus og det faktiske arbeidet i klasserommet. Det interessante er at me ser eit heilt tydeleg skilje mellom ein nordisk modell og ein amerikansk modell i denne undersøkinga, seier Klette.

– I Norden tenkjer me kanskje studiekvalitet meir via allmenne strukturar, og me fylgjer ikkje studentane så tett, legg ho til.

Resultata frå dei førebelse analysane blei i førre veke presentert for første gong på den årlege europeiske konferansen for utdanningsforsking (ECER) i Istanbul.

– Verdas beste utdanning av matematikklærarar

– Cuba har verdas beste utdanning av matematikklærarar. Det meiner professor i matematikkdidaktikk, Sergio Ballester Pedrosoved Det pedagogiske universitetet i Havanna.

 

PRESTISJE: – På Cuba er det aller mest prestisje i å vera matematikklærar, seier professor i matematikkdidaktikk, Sergio Ballester Pedroso ved Det pedagogiske universitetet i Havanna. (Foto: Martin Toft)

– På Cuba er det aller mest prestisje i å vera matematikklærar, seier professor i matematikkdidaktikk, Sergio Ballester Pedroso. Etter hans meining er grunnen til det dei strenge opptakskrava. – Dei som har den beste karakteren i matematikk etter eksamen frå vidaregåande og som vil bli matematikklærar, må gå gjennom ein eigen kommunal test. Dei beste går vidare til ein eigen provinstest. Og dei beste av dei går vidare til eit av universiteta som tilbyd denne utdanninga. Der må dei gå gjennom ein felles nasjonal opptaksprøve. Dei som klarer den får då begynna på verdas beste utdanning av matematikklærarar, meiner Ballester.

Undervisningsmetodane i matematikk er det ingen land som er betre på enn Cuba, er han viss på. – No har resten av verda oppdaga det, og me er i ferd med å gjera utdanninga og undervisninga endå betre. Dei svenske studentane som nyleg var her, var svært nøgde med boka i didaktikk, seier han. Ballester er glad for å vera ein del av forskingssamarbeidet med Universitetet i Oslo. – Ja, det er spennande. Også forskarar frå Sverige har kome hit for å sjå korleis me underviser dei framtidige matematikklærarane, seier han til Uniforum.

 

 

 

 

PRESTISJE: – På Cuba er det aller mest prestisje i å vera matematikklærar, seier professor i matematikkdidaktikk, Sergio Ballester Pedroso ved Det pedagogiske universitetet i Havanna.

Emneord: Studentforhold, Undervisning, Studentsaker, Internasjonalisering Av Martin Toft
Publisert 18. sep. 2013 00:31 - Sist endra 18. sep. 2013 00:55
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere