Studentvarsling skal bli enklare

Universitetet i Oslo innfører no eit felles system som studentane kan bruka for å varsla, klaga og gi positive tilbakemeldingar. – Eg er veldig spent på korleis det vil fungera, seier studentombod Marianne Høva Rustberggard .

POSITIVT: – Det er positivt at UiO stadfestar at studentane ikkje skal oppleva negative fylgjer av å varsla om negative ting. Slik kommenterer studentombod Marianne Høvra Rustberggar d det nye Sei frå-systemet for studentar på UiO.

Foto: Martin Toft

Den 18. september innfører Universitetet i Oslo eit nytt Sei frå-system for studentane. Dette får trafikklyset som symbol.

– Då blir det ei klar skiljelinje mellom raud og gul linje om det studentar varslar om. Den raude linja skal brukast når studenten varslar om straffbare, farlege og uetiske forhold, opplyser viserektor Ragnhild Hennum og rådgjevar Ellen Marie Tefre i Studieavdelinga til Uniforum.

– Då skal den det gjeld varsla gjennom å bruka eit kryptert nettskjema. Frå det sentrale mottaket skal nettskjemaet gå vidare til eitt av Sei frå-mottaka på fakulteta. Dei som sit i dei mottaka får også eigne tilgangskodar i ePhorte: VS. Kravet er at dei skal svara studenten i løpet av ei veke. Eining for internrevisjon får innsyn og kopi av sluttrapporten, fortel dei.

– Dei mest alvorlege sakene skal meldast til politiet, legg dei til.

Opne klager på fysisk og sosialt læringsmiljø

Klager på fysisk og sosialt læringsmiljø blir ikkje unntatt frå offentleglova. Desse klagene kan også sendast inn via eit ukryptert nettskjema og skal gå via fakultetet sitt postmottak og vidare til Sei frå-mottaket. Dei som arbeider med desse sakene får tilgangssaker i ePhorte etter behov. Kravet er at dei skal svara studenten i løpet av tre veker. I desse tilfella blir ikkje Eining for internrevisjon informert, går det fram av eit skriv om Sei frå-tenesta for studentar.

– Eigentleg har me lagt inn eit grønt lys også, og då gjeld det positive tilbakemeldingar på undervisninga og på læringsmiljøet. Det er viktig å få formidla desse meldingane vidare til dei det gjeld også, synest både Ragnhild Hennum og Ellen MarieTefre.

Positivt studentombod

Studentombod Marianne Høva Rustberggard har kome med innspel til Sei frå-tenesta under heile utforminga.

– Det er positivt at UiO stadfestar at studentane ikkje skal oppleva negative fylgjer av å varsla om negative ting. Først og fremst vil det vera saker som handlar om seksuell eller anna trakassering det vil bli aktuelt for studentar å varsla. Dessverre er ikkje forbodet mot seksuell trakassering med i Universitets- og høgskulelova, berre i Arbeidsmiljølova. No vil me arbeida for også å få den med i UH-lova som omfattar studentane for å auka merksemda rundt dette, fortel Høva Rustbergard.

Ho viser til at studentar som arbeidet på eit laboratorium blir dekte av to lover.

– Så lenge dei er i eit laboratorium er det Arbeidsmiljølova som gjeld. Dei kan då varsla om ting som utgjer ein fare for arbeidsmiljøet i laboratoriet. Arbeidsgjevar  har plikt til å leggja til rette for varsling etter Arbeidsmiljøloven, ein utdanningsinstitusjon har ikkje den samme plikta overfor studentar. Straks dei er ute av laboratoriet, er det Universitets- og høgskulelova som gjeld for dei. Då er ikkje punkt som rett til godt og trygt arbeidsmiljø på plass. Me ei slik Sei frå-teneste vil likevel studentar få høve til å klaga på fysisk og sosialt læringsmiljø på ein god måte, synest ho.

– Fint med lågare terskel for å varsla

For henne er det svært viktig at rettsstryggleiken til studentane blir tatt vare på i det nye varslingssystemet.

– Det er viktig at ein klage mot ein UiO-tilsett eller ein annan medstudent ikkje blir handsama av ein kollega eller ein annan som er venn med dei som det blir klaga på, og at dei som tar imot varsling har eit medvite forhold til når ei sak høyrer heime hos politiet. Dei som varslar skal heller ikkje risikera at dei ikkje får positive svar på søknader om permisjon eller utanlandsopphald som ei hemn for at dei har varsla om kritikkverdige forhold. Det er bra at det blir ein lågare terskel for studentar å varsla, understrekar Høva Rustberggard.

Sakshandsaminga skal bli lettare

For viserektor Ragnhild Hennum og rådgjevar Ellen Marie Tefre er det viktig at systemet også gjer det lettare for dei tilsette i dei administrasjonen å handsama desse sakene. Alle fakultet får eit eige sentralt mottak på tre personar som skal vurdera om ei sak skal sendast til eit institutt, handsamast av fakultetet eller sendast vidare til Sentraladministrasjonen.

– Det er også innført eigne prosedyrar for korleis kvar enkelt sak skal handsamast. Alle dei som får slike saker har deltatt på kurs der me har brukt ulike døme på moglege saker, og funne ut korleis desse sakene skal handsamast på ein best mogleg måte, seier Tefre.

I dei mest alvorlege sakene vil sakshandsamarane få hjelp frå ei bistandsgruppe.

Viserektor Ragnhild Hennum trur systemet vil fungera godt.

– Det er blitt utarbeidd på grunnlag av tilbakemeldingar frå tilsette og studentar. Anonyme meldingar frå studentar blir derimot vanskeleg å handsama gjennom dette systemet. Det må i tilfelle skje gjennom å ringja, senda eit brev til fakultetet, gå via studentombodet eller via advokat. Så lenge vedkomande er anonym er det vanskeleg å undersøkja om varselet er rett eller ikkje. Difor vil me helst at dei som varslar står fram med fullt namn. Då er det langt lettare å finna ut kva som har skjedd og gjera noko med det, seier Hennum.

Sei frå-systemet for studentar blir opna og lansert måndag 18. september. Seinare vil det også koma ein versjon på engelsk.

INNFØRER SEI FRÅ-SYSTEM FOR STUDENTAR: – Den raude linja skal brukast når studenten varslar om straffbare, farlege og uetiske forhold, opplyser viserektor Ragnhild Hennum og rådgjevar Ellen Marie Tefre i Studieavdelinga.(Foto: Martin Toft)

Emneord: Studentforhold, Studentsaker, Arbeidsforhold, Arbeidsmiljø Av Martin Toft
Publisert 11. sep. 2013 01:12 - Sist endra 11. sep. 2013 09:22
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere