Samtidig blei det vedtatt å utsetja innføringa av karakterar til eit seinare tidspunkt enn hausten 2014, som var den opphavlege planen. Nestleiar Johannes Slørdahl i Medisinsk fagutval kritiserer avgjerda: – Studentane synest det har vore ein dårleg prosess, og difor kjem me til å klaga på det, opplyser han til Uniforum.
Studiedekan Ingrid Os forsvarte forslaget om å innføra karakterar fordi mange legestudentar frå EØS-området søkjer turnusteneste i Noreg: – Graderte karakterar vil gi rettferdig konkurranse, argumenterte Os på fakultetsstyremøtet, ifylgje Dagens Medisin.
– Har ikkje høyrt på studentane
Nestleiar Johannes Slørdahl i Medisinsk fagutval fortel at studentane har store problem med prosessen opp til det endelege vedtaket i går.
– Fakultetsleiinga har ikkje høyrt på studentane, sjølv om dei hevdar det. Dei tar ikkje spørjeundersøkinga alvorleg, sjølv om den viste at 80 prosent av studentane var imot innføring av graderte bokstavkarakterar.
På møtet i fakultetsstyret i går kom det eit nytt forslag frå representanten Nina Vøllestad. Det gjekk ut på å utsetja innføringa av karakterar. Forslaget blei nedstemt, ifylgje nestleiar Johannes Slørdahl i Medisinsk fagutval.
Brukte 25 minutt på nytt forslag
Etter at debatten hadde gått føre seg i nærare to timar, bestemte dekanatet at det skulle takast ein ti minutt lang pause:
– Dekanatet gjekk inn i eit eige rom i 25 minutt saman med fakultetsdirektør Bjørn Hol. Så kom det med eit nytt forslag, som blei presentert for resten av fakultetsstyret, men det var det same forslaget som før, men med ein annan ordlyd. Deretter blei det avrøysting og forslaget blei vedtatt med sju mot to stemmer. Alt blei avgjort i løpet av to minutt, fortel Johannes Slørdahl, som synest at dette var eit ureint politisk spel.
– Vil klaga til UiO-rektor
– Dette var godt planlagt på førehand. Me synest det var ugreitt. Difor kjem me til å klaga på den prosessen. Og den klagen sender me til rektor Ole Petter Ottersens kontor, forsikrar han oss om.
– Studentane ville utsetja heile avgjera til det er mogleg å gjera eit godt vedtak. Me har ikkje sagt at me vil heilt bort frå karakterar, men vil finna ut kva alternativ som er best før det skal avgjerast. Dekanatet går berre inn for si eiga løysing, og så finn dei ut etterpå korleis den skal gjennomførast. Det er det same som å innføra karakterar, og sjå korleis det fungerer i etterkant, meiner Slørdahl.
Dekan Frode Vartdal seier til Dagens Medisin at dekanatet har lytta studentane.
– Ved å endra forslaget viser me at me høyrer på studentane. Me vil sjå nærare på når me skal innføra karakterar og kva fag me skal innføra karakterar i, seier Frode Vartdal.
Logg inn for å kommentere