Medisinstudentar vil ikkje ha karakterar

Den 17. september skal Fakultetsstyret på medisin ved Universitetet i Oslo bestemma om det skal innførast bokstavkarakterar på medisinstudiet. Åtte av ti medisinstudentar er imot.. – Det vil øydeleggja studiemiljøet, fryktar Ishita Barua og Johannes Slørdahl i fagutvalet.

IMOT KARAKTERAR: – Sjukehusa har i mange år klart å tilsetja legar utan karakterar. Ting som personlege eigenskapar, arbeidsrøynsle og forsking og at dei har vore gjennom eit godt læringsprogram, må telja mykje meir enn karakterar, synest Ishita Barua og Johannes Slørdahl , leiar og nestleiar i Medisinsk fagutval i Oslo.

I 1996 innførte medisinstudiet ved Universitetet i Oslo Problembasert læring (PBL). Samtidig fjerna ein den graderte karakterskalaen og erstatta den med bestått/ikkje bestått.

No er Det medisinske fakultetet i ferd med å koma med forslag til ein ny revisjon av medisinstudiet, og eitt av forslaga er på nytt å bruka ein gradert skala med bokstavkarakterar frå A-F. Eit argument for å ta i bruk karakterar, er at det då vil bli lettare å plukka ut dei beste kandidatane til ei søknadsbasert turnusteneste. Fleire meiner at det vil hindra at nokre kandidatar får turnusteneste fordi dei kjenner ein lege eller har foreldre som er legar.

– Løyser ikkje problema med turnustenesta

– Å innføra bokstavkarakterar vil ha langt fleire negative enn positive konsekvensar, meiner leiar Ishita Barua og nestleiar Johannes Slørdahl i Medisinsk fagutval (MFU). Dei har inga tru på at bokstavkarakterar på medisinstudiet vil hindra at kjennskap og vennskap bestemmer kva turnusteneste ein ferdig kandidat frå medisinstudiet vil få.

– Først og fremst vil det skapa eit dårleg studiemiljø, der nokre studentar heller vil sabotera enn hjelpa medstudentane sine. Truleg vil nokon slutta å låna bort forelesingsnotatane sine til dei som ikkje alltid kan møta opp. Dessutan veit me at like karakterarar på eit universitet eller i eit land, ikkje viser det same, understrekar Ishita Barua og Johannes Slørdahl.

Større strykprosent i Oslo enn i Bergen

Dei peikar på at på medisinstudiet ved Universitetet i Oslo, er minimum for å få bestått at studentane presterer bokstavkarakteren C.

– På medisinstudium med karakterar kan studentar som får D og endåtil E, gå vidare på studiet så sant dei ikkje stryk. I nokre land er grensa for stryk endå lågare enn her i landet, slår dei fast. Strykprosenten ved UiO tar dei også til inntekt for sitt syn.

 – Mellom 7 og 12 prosent av medisinstudentane i Oslo får strykkarakter. I Bergen får berre 1,2 prosent av studentane det. Og der brukar dei altså gradkarakterar.

– Korleis skal sjukehusa kunna plukka ut dei beste til turnusteneste,  om dei ikkje kan gå etter karakterar?

– Sjukehusa har i mange år klart å tilsetja legar utan karakterar. Ting som personlege eigenskapar, arbeidsrøynsle og forsking og at dei har vore gjennom eit godt læringsprogram, må telja mykje meir enn karakterar. Me er ikkje overtydde om at bruk av karakterar vil hindra at studentar brukar kjennskap og vennskap for å skaffa seg turnusteneste, seier Barua og Slørdahl.

80 prosent av studentane er imot

I ei spørjeundersøking Medisinsk fagutval i Oslo utførte i fjor haust, var om lag 80 prosent av studentane imot innføring av karakterar. Like mange meiner at karakterar vil føra til meir stress i studia. 77 prosent er viss på at karakterar vil gi meir negativ konkurranse og 70 prosent svarar at det vil gi eit dårlegare studiemiljø. Både Ishita Barua og Johannes Slørdahl er glade for at dei har eit stort fleirtal av medisinstudentane bak seg.

– Den uroa medisinstudentane uttrykkjer i spørjeundersøkinga må fakultetsleiinga ta på alvor, og leggja vekk framlegget om å innføra karakterar på medisinstudiet, er oppmodinga frå dei to studentleiarane.

I Tidsskrift for Den norske legeforening argumenterer medisinsk redaktør Petter Gjersvik for karakterar på medisinstudiet i Oslo. Studentane får også støtte.

– Medisinprofessor ved lungemedisinsk avd. Ole Henning Skjønsberg deler vårt syn. Det medisinske fakultet ved NTNU gjekk nyleg imot å innføra karakterar. På Universitetet i Tromsø har det aldri vore aktuelt å ha karakterar på medisinstudiet. Difor er medisinstudiet på Universitetet i Bergen det einaste i Noreg som framleis brukar karakterar, konstaterer dei.

Jusstudentar ville læra av karakterfritt studium

Dei viser til at Juridisk fagutval har vore på besøk hos dei fordi dei vil sjå korleis medisinstudiet klarer seg utan graderte karakterar.

– På jusstudiet handlar det om karakterjag og konkurranse heile tida. Det skaper ofte eit dårleg og lite inkluderande læringsmiljø, fortel Barua og Slørdahl.

I morgon, torsdag 12. september klokka 17.00, arrangerer Medisinsk fagutval (MFU) ein paneldebatt om forslaget om å innføra graderte bokstavkarakterar på medisinstudiet. Då vil medisinprofessor Ole Henning Skjønsberg delta saman med medisinsk redaktør Petter Gjersvik i Tidsskrift for Den norske legeforening. Det vil også medisinstudent Fredrik Brekke. Også dekan Frode Vartdal og studiedekan Ingrid Os vil vera til stades under debatten.

 

 

Emneord: Medisin, Studentsaker, Studentforhold Av Martin Toft
Publisert 11. sep. 2013 13:56 - Sist endra 11. sep. 2013 15:14
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere