UiO skal investera 100 millionar i vitskapleg utstyr i 2014

UiO skal bruka 100 millionar kroner til ulike naudsynte investeringar og 100 millionar på innkjøp av vitskapleg utstyr. Ein stor del av pengane skal brukast til vedlikehald og restaurering av bygningar, bestemte Universitetsstyret denne veka.

UNIVERSITETSBUDSJETTET 2014: Slik blir 4,7 milliardar kroner i kalkulerte løyvingar frå staten fordelte på einingane ved UiO neste år.

 

Foto: Martin Toft

Denne veka vedtok Universitetsstyret universitetsbudsjettet for 2014 utifrå kva det blir kalkulert med at Universitetet i Oslo får tildelt på framlegget til statsbudsjett for 2014. Utrekninga går ut på at UiO vil få ei løyving på 4,7 milliardar kroner på statsbudsjettet for neste år.

Dei to største enkeltinvesteringane er begge på 100 millionar kroner. 100 millionar kroner blir førehandsdisponerte for å redusera nivået på ubrukte midlar til forsking og utdanning. Og det blir også ei ekstraordinær investering  på 100 millionar kroner til  innkjøp av vitskapleg utstyr.

Styrkjer rammene for forsking og utdanning

I styredokumenta peikar universitetsdirektøren på at mange eksterne pengekjelder er villige til å betala for å bruka vitskapleg utstyr. Dermed kan også investeringa i vitskapleg utstyr gi einingane høve til å auka inntektene sine i framtida og investera i utstyr. Dessutan skal ein pott på 30 millionar ekstra gå til å styrkja  rammene for forsking og utdanning på fakulteta. Den generelle styrkinga av fakulteta som blei sett i gang i 2013, held dermed fram også i 2014, ifylgje budsjettkommentaren frå universitetsdirektør Gunn-Elin Aa. Bjørneboe og økonomidirektør Marianne Mancini.

Prognosen for ubrukte midlar for 2014 er på 194 millionar, men det blir rekna med at den summen  i 2015 er komen ned i 134 millionar kroner i ubrukte midlar på statsløyvinga.

Universitetsstyret bestemte også at det skal setjast av 2 millionar kroner årleg for å dekkja kostnader med publisering og fagfellevurdering av vitskaplege artiklar som blir brukte i Open Access-tidsskrift.  Av mindre løyvingar går det 1 million kroner til utvikling av eit masterstudium i Global Governance (Global styring). Det er også sett av 10 millionar kroner over sju år til det nyetablerte  Peder Sather Center of Advanced Studies ved Berkeley-universitetet i USA.

Satsar på vedlikehald og restaurering

Innanfor Eigedomsavdelingas eksisterande rammer for 2014, blir det sett av 72 millionar kroner til forbetringar av studentareal og sikringstiltak. Det er likevel  i Kulturhistorisk museum i sentrum og i Naturhistorisk museum på Tøyen dei største investeringane i bygningar og vedlikehald skal gjerast.

Magasinlokala til Kulturhistorisk museum i Frederiks gate 3 har eit dårleg inneklima, og difor må dei som arbeider der flytta ut av lokala. Difor vedtok Universitetsstyret å utvida areala på Økern der både Kulturhistorisk museum og Naturhistorisk museum har samla store delar av samlingane sine i moderne lokale. 22 millionar kroner er sett av til investeringar og flyttekostnader for dette prosjektet.

Prosjektet for å sikra og ta vare på Oseberg-samlinga i Kulturhistorisk museum får 3.6 millionar kroner årleg i tre år for å sluttfinansiera prosjektet som sikrar Osebergsamlinga og bidrar med viktig forsking knytt til å ta vare på denne typen gjenstandar.

På den andre sida av byen, på Tøyen, finst det også store vedlikehalds- og restaureringsbehov i bygningane til Naturhistorisk museum. Brøggers hus, Geologisk museum er ein av tre bygningar som treng total rehabiltering, ifylgje universitetsdirektøren. Universitetsstyret vedtok å gi 11 millionar kroner i 2014 til sluttføring av prosjekteringa, som blei starta opp i år.

Markeringa av Grunnlovsjubileet neste år fekk også ei avsetjing på rundt 5 millionar kroner.  Internhusleiga til einingane blir sett ned, men dei reduserte leigekostnadene fører samtidig til at dei får redusert løyvingane frå Universitetsstyret med den same summen.

Opplæring for styremedlemar

Universitetsstyret vedtok også samrøystes at det skal vera klart eit opplæringstilbod for medlemar av styre og råd på alle nivå i organisasjonen innan 5. januar neste år.

Det blei også vedtatt at det skal gjennomførast ein strategisk gjennomgang av PhD-utdanninga.

Krav om budsjettbalanse i 2018
 

I vedtaket frå Universitetsstyret får alle fakulteta og tilsvarande einingar streng beskjed om å setja i verk tiltak som fører til budsjettbalanse i 2018. Det teologiske fakultetet og Universitetsbiblioteket må ha balanse i budsjetta sine allereie frå 2016. Universitetsdirektøren har fått  fullmakt til å fordela løyvinga til intern fordeling av pengar i Sentraladministrasjonen.

Heile budsjettfordelinga finn de i saksdokumenta til Universitetsstyret.

 

 

 

 

Emneord: Universitetspolitikk, Økonomi Av Martin Toft
Publisert 18. juni 2013 18:29 - Sist endra 19. juni 2013 14:15
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere