Idar Kreutzer og Anne Aasheim inn i Universitetsstyret

Idar Kreutzer , Anne Aasheim og Anne-Marie Engel blir nye eksterne representantar i Universitetsstyret for Universitetet i Oslo frå 1. august. Kjetil Trædal Thorsen er gjenoppnemnt for ein ny periode.

NY: Idar Kreutzer blir ein av dei tre nye eksterne representantane i Universitetsstyret i neste periode. Han er i dag direktør for Finansnæringens Fellesorganisasjon.

Foto: CF Wesenberg

Frå før var det klart at Grete A. Berget hos Likestillings- og diskrimineringsombodet ikkje lenger kan sitja som ekstern styrerepresentant etter at ho har site der i to fireårsperiodar.

Eksterne styrerepresentar ved UiO 2013-2017:

Idar Kreutzer (Oslo) (NY) med personleg vara Quisar Farooq Akram (Oslo) (NY)

Anne-Marie Engel (København) (NY)med personlig vara Kristin Hollung (Langhus) (NY)

Kjetil Trædal Thorsen (Oslo)med personlig vara Erik Sauar (Oslo) (NY)

Anne Aasheim (Oslo) (NY)med personlig vara Guro Slettemark (Oslo) (NY)

Heller ikkje REC-direktør Ole Enger og Uppsala-professor Kerstin Sahlin får bli sitjande i ein ny periode i Universitetsstyret. Det er klart etter at Kunnskapsdepartementet i dag kunngjorde namna på dei som er oppnemnde som eksterne representantar i Universitetsstyret til UiO.

Tidlegare Storebrand-direktør og noverande direktør for Finansnæringens Fellesorganisasjon, Idar Kreutzer er ei av dei nye andleta me vil sjå på møta i Universitetsstyret den neste fireårsperioden.Tidlegare Dagblad-redaktør og noverande direktør i Kulturrådet, Anne Aasheim blir ein annan som vil delta på møta som ekstern representant.

Den einaste utanlandske representanten er Anne-Marie Engel som er forskingssjef for  Lundbeckfonden i København. Snøhetta-direktør Kjetil Trædal Thorsen er den einaste av dagens eksterne representantar som blir sitjande i ein periode til. Dei nye eksterne representantane vil møta for første gong i Universitetsstyret i september.

 

Emneord: Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 17. juni 2013 15:06 - Sist endra 17. juni 2013 16:02
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere