Stefedrar truleg overrepresenterte i barnedrap

Stefedrar er overrepresenterte i barnedrapssaker. Det er eitt av funna UiO-forskar Vibeke Ottesen truleg kan gjera i kartlegginga av omfang og kjenneteikn ved barnedrap i Noreg frå 1990 til og med 2009.

STEFEDRAR MEST VALDELEGE: – Dei genetiske foreldra har langt sterkare kjensler for barna enn det stefaren som regel har. Dei grip difor ikkje like fort til vald, trur kriminolog Vibeke Ottesen ved UiO, som er i ferd med å kartleggja alle barnedrap i Noreg mellom 1990 og 2009.

Foto: Ola Sæther

I Christoffer Gjerstad Kihle-saka frå Vestfold var det stefaren som blei dømd for å ha mishandla den åtte år gamle guten til døde, medan mora har fått ein dom på vilkår for å ha vore ein passiv tilskodar til det som skjedde.

Kriminolog og psykolog Vibeke Ottesen er no i ferd med å skaffa seg eit oversyn over alle barnedrap i Noreg mellom 1990 og 2009. Opplysningane skal ho bruka i doktoravhandlinga si i psykologi.

– Forsking i andre land viser at det som er typisk for barnedrap utførte av stefaren, er at han har overtatt ansvaret for å oppdra barnet til den nye sambuaren eller kona. Det skjer ofte med eit ynskje om å disiplinera barna, og dersom ingen set grenser, kan valden bli dødeleg, seier Vibeke Ottesen til Uniforum. Ho vil gjerne understreka at det er fleire slike tilfelle i land der det er tillate å slå barn, enn i land der det er forbode.

– I Noreg er det både få drap og få barnedrap samanlikna med til dømes USA. Men likevel er det likskapar mellom barnedrap her i landet og i USA, seier ho.

– Genetiske foreldre grip ikkje like fort til vald

Ottesen viser til forsking på foreldrepsykologi og evolusjonspsykologisk teori for å forklara skilnadene mellom barnedrap utført av genetiske foreldre og steforeldre.

– Dei genetiske foreldra har langt sterkare kjensler for barna enn det stefaren som regel har. Dei grip difor ikkje like fort til vald, trur ho. – Steforeldre har sterke kjensler for den nye partnaren, men opplever ikkje så sterke kjensler for stebarna. Det kan lett føra til konfliktar. Men barnedrap er sjølvsagt ei ekstremåtferd, legg ho til.

I Noreg har det truleg aldri vore så mange stefedrar som i dag. Det vil ikkje seia at det er større fare for barnedrap her i landet i dag enn før.

– På ingen måte. Men ein må vera merksam på at steforhold kan ha høgare konfliktnivå, og ikkje alle familiar klarer å løysa konfliktar på eiga hand, konstaterer ho.

I Christoffer-saka i Vestfold var det tydeleg at guten var blitt mishandla med synlege merke etter slag og spark på kroppen hans. Nokre reagerte på det, men ingen hindra det.

– Saka har fått mykje merksemd, og det hjelper å auka medvitet om at barn som blir utsett for vald, kan døy av skadane. Men ikkje alle barnedrap er eit resultat av langvarig vald. Det er sjeldnare at genetiske foreldre har vore valdelege mot barnet, før dei drep det, understrekar Ottesen.

Stemødrer mishandlar først

– Hender det ikkje at stemødrer også kan bli valdelege når dei flyttar inn til ny mann som har barn frå før?

– Det er vanskeleg å forska på barnedrap utførte av mødrer sidan mødrene som oftast får forsørgjaransvaret ved samlivsbrot. Men ein studie som samanlikna genetiske mødrer og fedrar med stemødrer og stefedrar, fann at når stemødrer stod bak barnedrapet, så var forsøminga og mishandlinga deira av barnet før drapet, meir alvorleg enn når stefedrar stod bak drapet, fortel Ottesen.

Straffar sjeldan mødrer som drep nyfødde

På eitt område er det likevel nesten alltid mora som står bak drapet på barnet.

– Ja, det er i dei tilfella der nyfødde barn blir drepne i løpet av dei første 24 timane etter fødselen. Desse mødrene førestiller seg at dei ikkje kan fostra opp barnet. Dei er redde for at graviditeten skal bli oppdaga av partnaren eller annan familie, og held graviditeten hemmeleg. og dei føder barnet heime, på toalettet på arbeidsplassen eller ein heilt annan stad. I staden for å søkja hjelp til fødselen, føder dei barnet åleine, før dei tar livet av det. I Noreg er ingen domfelt for slike drap i åra 1990 til 2009. Men det tyder ikkje at slike drap ikkje har skjedd, presiserer Ottesen. Ho viser til at internasjonalt så ser ein at mødrer som drep nyfødde, ofte ikkje blir straffa for det.

– Riksadvokaten i England og Wales uttalte på 1990-talet at det ikkje var i samfunnet si interesse å ta ut tiltale mot desse kvinnene. Men kva med barna sitt rettsvern? Dei må ha den same retten til å leva som dei vaksne, poengterer Ottesen.

Andre kvinner i same situasjon prøver å unngå å ta livet av barnet. – Dei plasserer det på ein offentleg plass, som i tilfellet der eit nyfødd barn blei funne i ein park i København nyleg, eller i eit nabolag, slik som var tilfellet med «Stavanger-babyen» i 2009. I det siste tilfellet døydde barnet. Mange ser det som noko heilt anna moralsk og juridisk å setja eit barn på ein plass der det kan bli funne i live, enn å ta livet av det, men psykologien og omstenda er ofte dei same, slår Ottesen fast.

– Kva andre årsaker fører til at vaksne går så langt at dei tar livet av barn?

– Det kan skje på grunn av samlivsbrot, psykisk liding og sjølvmord.

Alle data ho samlar inn, vil ho få frå arkivet over alle dommar i slike saker, men også frå Kripos sitt drapsregister. Barnedrapa handlar om alle drap på personar under 18 år utførte av foreldre eller steforeldre frå 1990 til 2009.

Håpar funna kan hindra barnedrap

– Det teoretiske rammeverket eg nyttar for å utvikla hypotesar, identifisera risikofaktorar og tolka resultata, er henta frå evolusjonspsykologi. Difor gjer eg studien som gjesteforskar på Senter for økologisk og evolusjonær syntese (CEES) ved Institutt for biovitskap, der eg samarbeider med professor Tore Slagsvold. Eg har alltid studert tverrfagleg. I ein studie som dette får eg nytta kunnskapen min både innanfor kriminologi, psykologi og biologi.

– Kva vil du oppnå med denne avhandlinga?

– Eg vil kartleggja kva som kjenneteiknar barnedrap i Noreg. Slik kan eg avdekkja kva som utgjer ein sårbar faktor. Dette er kunnskap som styresmaktene, hjelpeapparatet og alle me andre treng for å kunna hindra slike drap.

 

 

Emneord: Psykologi, Forskningsformidling Av Martin Toft
Publisert 13. mars 2013 12:45 - Sist endra 13. mars 2013 12:56
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere