– Vil ha friare forskarar

– Eg vil ha endå friare forskarar enn i dag, lova FrP-leiar Siv Jensen i ein partileiardebatt på Forskarforbundets forskingspolitiske seminar i ettermiddag.

BEST: – Noreg kan berre hevda seg i forskingskonkurransen fordi me er best, aldri fordi me er billegast, sa FrP-leiar Siv Jensen på det forskingspolitiske seminaret til Forskarforbundet i ettermiddag. (Foto: Ola Sæther)

Foto: Ola Sæther

Riset bak spegelen var eit anna forslag.

– Me må sjå nærare på dagens struktur av universitet- og høgskulesystemet. Dessutan må forskinga sjå på korleis offentleg sektor og byråkrati kan bli meir effektivt etter at alle landa rundt oss har slanka sin offentlege sektor ned til beinet, meinte Siv Jensen.  

– I verdsklasse om 20 år

Høgreleiar Erna Solberg understreka at det var viktig å ha ambisjonar for forskinga.

– Målet vårt er at delar av norsk forsking skal vera i verdsklasse om 20 år. Då må investeringane starta no, konstaterte ho.

Nestleiar Helga Pedersen i Arbeidarpartiet insisterte på at situasjonen for norsk forsking ikkje var dårleg.

– I dei sju åra den raudgrøne regjeringa har hatt makta, har forskingsinvesteringane auka med 32 prosent. Både samferdsel og helse og annan politikk byggjer på forsking. Me lovar at forskingspolitikken blir heva høgare opp på agendaen. Men det har også dei som sit i salen på dette seminaret, ansvaret for blir gjort, slo ho fast. 

Inga tru på forsking i valkampen

KrF-nestleiar Dagrun Eriksen hadde inga tru på det: 

– Vanlegvis har eg mykje tru, men eg trur ikkje at forsking vil bli eit så viktig tema at det blir ein del av sluttreplikken i ein partileiardebatt i norsk fjernsyn, spådde ho. 

– Det som hjelper, er eit målretta arbeid for å investera pengar i forsking. Det var grunnen til at tidlegare forskingsminister Jon Lilletun etablerte Fondet for forsking og nyskaping, minna ho forsamlinga om.

– Norske selskap har ikkje investert i forsking

Senterpartiets Lars Peder Brekk meinte at dei største norske selskapa hadde hovudansvaret for at Noreg ikkje har kome opp i forskingsinvesteringar på 3 prosent av bruttonasjonalproduktet.

– Statoil forskar mindre enn det svenske selskapet Ericson. Og kvifor har Telenor lagt ned forskingsavdelinga si? Næringslivet investerer ikkje så mykje i forsking som før. Samtidig må det offentlege satsa endå meir pengar på dei næringane som går godt, til dømes havbruk og skipsfartsteknologi. For me kan heilt sikkert bruka pengane betre enn det me har gjort til no, vedgjekk han.

Sverige satsar!

Venstreleiar Trine Skei Grande syntest Noreg må tenkja meir langsiktig også når det gjeld forsking.

– I Sverige har dei nettopp vedtatt ein langsiktig plan for forskingsinvesteringar. Difor skal eg snakka med den svenske utdanningsministeren, som er ein partikollega av meg. Og i valkampen skal eg ha med forsking i talane mine, slik eg hadde i førre valkamp, garanterte ho.

– 3 prosent-målet står fast

SV-leiar Audun Lysbakken var klar over at han hadde både kunnskapsminister Kristin Halvorsen og resten av den raudgrøne regjeringa i ryggen, då han kom med fylgjande garanti:

– Målet om at investering i forsking og utvikling skal utgjera 3 prosent av bruttonasjonalproduktet når ein legg saman den offentlege og private pengebruken, står fast.

– Noreg må satsa på det me er gode på, og samtidig investera pengar i forskingsområde som me ikkje har i dag, sa SV-leiaren. 

 

Emneord: Forskningspolitikk, Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 6. nov. 2012 16:48 - Sist endra 6. nov. 2012 17:08

Logg inn for å kommentere