Pål Barkvoll ny dekan på odontologi

Professor Pål Barkvoll er vald til ny dekan ved Det odontologiske fakultetet for 2013-2016. Sidan 1999 har han vore leiar for Institutt for klinisk odontologi.

NY DEKAN: Pål Barkvoll er vald til ny dekan ved Det odontologiske fakultetet.

Foto: Ståle Skogstad

Fakultetsstyret ved odontologi valde i går samrøyster professor Pål Barkvoll til ny dekan frå 2013 til 2016. Han vil då overta etter Pål Brodin som har hatt dekanvervet sidan 2005.

Pål Barkvoll har heilt sidan 1999 vore leiar ved Institutt for klinisk odontologi. Med seg i dekanatet får han professor Anne Merete Aass som prodekan for studium, og Ståle Petter Lyngstadaas som prodekan for forsking. Anne Merete Aas vil også fungera som dekan dei gongene Pål Barkvoll ikkje kan stilla opp som dekan.

Emneord: Odontologi, Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 14. nov. 2012 10:41 - Sist endra 14. nov. 2012 11:01
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere