Forskingsrådet vil øyremerkja pengar til publisering i opne kanalar

– Dess meir kunnskap me deler, dess meir kunnskap blir produsert, sa kunnskapsminister Kristin Halvorsen på eit seminar om open tilgang til forskingsartiklar på UiO i dag, 26. oktober. Forskingsrådet lova å øyremerkja pengar til publisering i opne kanalar.

EIT PARADOKS: – Det er eit paradoks om dei som har betalt skatt for å kunna finansiera forskingsresultata ikkje får tilgang til dei, peika kunnskapsminister Kristin Halvorsen på under møtet om open tilgang av forskingsresultat på UiO, fredag 26. oktober.

Foto: Ola Sæther

– Det kan koma på tale å øyremerkja ein del av pengeoverføringane frå Forskingsrådet til publisering i Open Access-tidsskrift, avslørte adm. dir. Arvid Hallén. Han meinte at open tilgang til forskingsartiklar for alle kunne gjera forskinga betre og kommunikasjonen mellom forskarar i forskjellige delar av verda mykje betre enn i dag. 

– Betre tilgang for forskarar frå fattige land

– Forskarar frå fattige land vil på den måten få tilgang til forskingsresultat som dei elles ikkje ville fått. Også difor er det viktig at all offentleg finansiert forsking skal vera tilgjengeleg for alle, understreka Arvid Hallén.  

I eit fullsett auditorium i Realfagsbiblioteket kom også kunnskapsminister Kristin Halvorsen med eit varmt forsvar for prinsippet om å publisera forskingsresultat i opne kanalar. Første peika ho på kor viktig det er at Universitetet i Oslo går føre og viser veg for andre.

– I fjor publiserte forskarar ved UiO 4000 vitskaplege artiklar. Universitetet i Oslo er stort og tungt, men når det først kjem i siget, er det vanskeleg å stoppa. Difor gratulerer eg UiO med at dei allereie har fått vedtatt ein eigen politikk for open tilgang, sa Kristin Halvorsen. 

I dag skriv norske forskarar likevel berre 0,6 prosent av alle forskingsartiklane i verda. Statsråden viste til at i forskingsmeldinga frå 2005 er open tilgang til forskingsartiklar knapt nemnd, medan det i den siste forskingsmeldinga frå 2009, blir tatt til orde for meir bruk av opne kanalar for å formidla resultat frå offentleg finansiert forsking.

– Dei som har betalt, må få tilgang

– Der står det faktisk svart på kvitt at all offentleg finansiert forsking i prinsippet skal vera tilgjengeleg for alle, presiserte Halvorsen.  

Etter hennar meining handlar det også om rettferd.

– Det er eit paradoks om dei som har betalt skatt for å kunna finansiera forskingsresultata ikkje  får tilgang til dei.  Forskingsresultata må formidlast til alle som er interesserte i dei og til dei som har vore med og finansiert dei. Det vil også vera til stor fordel for forskarar som arbeider ved langt fattigare universitet enn Universitetet i Oslo i andre  land og i andre verdsdelar,  Berre på den måten kan forskinga gi framgang, konstaterte Halvorsen.

Difor vil ho ha meir forsking publisert i opne kanalar.

Meir om open tilgang i forskingsmeldinga

– På den måten kan legar, ingeniørar og teknikarar halda seg oppdaterte om det som skjer på fagfeltet deira, trass i at dei ikkje har tilgang til abonnementsbaserte forskingstidsskrift, var ho viss på. Og ho var i alle fall sikker på ein ting.

– I den neste forskingsmeldinga vil det vera naturleg å leggja inn meir om korleis det skal bli mogleg å auka bruken av open tilgang for vitskaplege artiklar, sa ho.

Adm. dir. Arvid Hallén  i Forskingsrådet understreka likevel at dei ikkje ville tvinga forskarane til å publisera i opne kanalar.

– Det er alltid forskarane som bestemmer kvar dei ynskjer å publisera forskingsresultata sine. Men me oppfordrar dei til å publisera i den opne kanalen om den er like god som det abonnementsbaserte tidsskriftet som ikkje er tilgjengeleg for alle. No vil også Forskingsrådet lenka alle sine publiseringsdata til forskingsdatabasen CRistin. God infrastruktur er føresetnaden for ein god arkiveringsstruktur, peika han på.

– Ein katastrofe for forskarane

Også Uniforums oppslag denne veka om open tilgang til forskingsartiklar kom opp på seminaret. Biologiprofessor Nils Chr. Stenseth kom då med eit omdiskutert utspel:

– Auka bruk av publisering av forskingsartiklar i opne kanalar på Internett, må føra til at pengar frå mellom anna abonnementsutgiftene til biblioteka, blir overførte til forskingsmiljøa, sa han. 

Stenseth meinte at det burde bli konsekvensen av at forskarane må finansiera heile publiseringa i dei opne kanalane på eiga hand. På seminaret om open tilgang i dag, avviste ikkje bibliotekdirektør Bente Andreassen forslaget totalt.

– I framtida vil det truleg bli naturleg å overføra pengar frå medieressursane våre direkte til forskarane.  Det kan derimot ikkje skje no. Då ville Universitetsbiblioteket ha mista abonnementa på dei viktigaste forskingstidsskrifta. Det ville ha vore ein katastrofe for forskarane, slo ho fast.

 

Emneord: Universitetspolitikk, Forskningsformidling, Internasjonalisering Av Martin Toft
Publisert 26. okt. 2012 16:54 - Sist endra 29. okt. 2012 16:35
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere