Verda vil læra av lærarutdanninga i Finland

– Det er verdas viktigaste jobb å læra barn å læra. Difor vil me bli lærarar, seier studentane Susana Jokimies og Riikka-Lotta Pehkonen på lærarutdanninga ved Helsingfors universitet. Heilt sidan 1974 har universiteta hatt ansvaret for lærarutdanninga i Finland.

IMPONERTE: Lærarstudentane Susanna Jokimies og Riikka-Lotta Pehkonen ved Helsingfors universitet er imponerte over korleis ein i framtida kan bruka iPad, Smarttelefonar og Apple-Tv som nye kommunikasjonsmiddel mellom læraren og elevane. – Problemet er at ikkje alle lærarane har lært å bruka det, konstaterer dei.

Foto: Ola Sæther

Helsingfors:

År etter år kjem Finland på topp i PISA-undersøkinga som viser kva ungdomsskuleelevar lærer i matematikk, i naturfag og i morsmål. Det har ført til at utanlandske delegasjonar både frå Saudi-Arabia, Thailand, Jordan og frå andre europeiske land har strøymt til lærarutdanninga ved Universitetet i Helsingfors for å finna ut kva som er grunnane til dei gode finske prestasjonane. Ein grå oktoberdag besøkte også Uniforum lærarutdanninga ved Helsingfors universitet.

– Ville endra skulen innanfrå

Utanfor framtidas klasserom trefte me framtidas lærarar, Riikka-Lotta Pehkonen og Susana Jokimies. Begge er svært motiverte og overtydde om at det er lærarar dei vil bli:

 – Eg likte å gå på skulen til eg kom til sjuande klasse. Då blei mykje annleis enn dei første åra på skulen, og eg vart fast bestemt på at lærar skulle eg i alle fall ikkje bli. Seinare fann eg ut at det kanskje ikkje ville vera så dumt å bli lærar likevel, for då kunne eg endra skulen innanfrå, seier 20 år gamle Riikka-Lotta Pehkonen.

– Og eg vil bli lærar fordi eg likar å undervisa barn og gjera noko godt for dei. Eg er glad i alle faga og vil gi det eg har lært, vidare til barna, seier 22 år gamle Susana Jokimies. Dei bestemte seg tidleg for å bli lærarar og søkja seg inn på lærarutdanninga Helsingfors universitet.

– Godt motiverte og flinke

– Lærarutdanninga er svært populær og har eit svært godt renommé. Det er også eitt av dei studia det er vanskelegast å koma inn på i Finland. Det fører til at dei som blir tatt opp på studiet, er svært godt motiverte og veldig flinke, meiner dei to lærarstudentane.

Dei er absolutt klare over at det finske skulesystemet skårar høgt på Pisa-undersøkingane.

– Men det at skulesystemet er godt no, vil ikkje seia det same som at det ikkje treng å forandra seg. Den endringa og vidareutviklinga kan me vera med på, slik at den finske skulen blir ein god plass for alle elevane, seier dei to . – Og då handlar det også om å endra litt på kulturen i skulen, legg Pehkonen til.

100 av 4000 søkjarar får studieplass

I Finland har universiteta ansvaret for utdanninga av førskulelærarar, grunnskulelærarar og lærarar for den vidaregåande skulen, både på yrkesretta linjer og i allmennfag. Det er aller hardast å koma inn på klasselærarlinja. Det er dei som underviser elevar frå 1. til og med 6. klasse. Av dei 4000 søkjarane, får berre 100 plass. På førskulelærarlinja er det 2000 søkjarar og rundt 100 får plass. Også på dei andre linjene er det vanskeleg å koma inn samanlikna med andre universitetsfag.

– Finland er blitt Finland på grunn av lærarane

Professor Patrik Scheinin er dekan ved fakultetet som tilsvarar Det utdanningsvitskaplege fakultetet på Universitetet i Oslo. Han synest det er vanskeleg å svara på kvifor det er blitt så populært å bli lærar i Finland, men han meiner det har mykje å gjera med landet si historie.

 – Det har vore viktig i utviklinga av korleis Finland er blitt Finland. Etter frigjeringa frå Sverige var det viktig å bruka og å læra det finske språket i staden for svensk, og då var det viktig å utdanna lærarar som kunne undervisa folk i det. Slik kom lærarutdanninga i gang på slutten av 1800-talet. Om ikkje det prosjektet hadde kome i gang, ville mange av innbyggjarane ikkje kunna lesa aviser og fylgja med i politikken. Mange stader hadde læraryrket difor høg status, sjølv om det hadde mindre status enn både lege og prest. Seinare har Finland utvikla seg frå eit jordbrukssamfunn til eit bysamfunn, og dermed har også læraryrket endra seg, fortel Scheinin.

LÆRAREN VAR VIKTIG: – Etter frigjeringa frå Sverige, var det viktig å bruka og læra det finske språket i staden for svensk, og då var det om å gjera å utdanna lærarar som kunne undervisa folk i det. Slik kom lærarutdanninga i gang på slutten av 1800-talet, seier dekan Patrik Scheinin ved Det utdanningsvitskaplege fakultetet på Helsingfors universitet.

Svensk idé blei finsk røyndom

– Men korleis hamna lærarutdanninga på universitetet?

– For 30 år sidan såg Finland til Sverige og studerte nøye den nye mønsterplanen dei hadde laga for grunnskulen. I den blei det stilt svært strenge krav til kva som måtte til for å bli lærar. Eitt av framlegga var at lærarutdanninga måtte flyttast frå lærarskulane til universiteta. Det forslaget blei ikkje vedtatt i Sverige på grunn av stor motstand frå universiteta. Også i Finland var det stor motstand mot forslaget, men i 1974 blei det likevel innført ei fem år lang lærarutdanning på finske universitet. Fram til Bologna-avtalen blei underskriven, var det obligatorisk for alle å ta ei fem år lang utdanning om dei ville bli lærarar. No kan dei fleste studentane avslutta med ein bachelorgrad etter tre år, men for lærarutdanninga er det framleis eit krav at dei skal ta magistergrad (mastergrad), seier Scheinin.

– Eit egalitært skulesystem

Han er overtydd om at den store suksessen til den finske skulen har minst to andre viktige grunnar enn at lærarutdanninga er på universitetsnivå. Då peikar han på det egalitære skulesystemet:

– For det første går alle finske barn på dei same skulane, uavhengig av om dei har fattige eller rike foreldre. Og så lenge den offentlege skulen er god, kjem det ingen krav om at det bør etablerast fleire privatskular. For det andre syter ein felles mønsterplan for at alle elevar får fylgja det same opplegget også om dei flyttar frå Helsingfors til Lappland. Alle lærarane vil vita kvar dei er i pensum, for dei brukar også dei same lærebøkene. For når mønsterplanen er lik for alle skular, er det lettare å gi ut lærebøker som me veit blir brukte, konstaterer Scheinin.

Samarbeid og profesjonalisering

Han får støtte frå professor Jari Lavonen, den valde leiaren for Institutt for lærarutdanning og den store eksperten på dei finske tala i PISA-undersøkinga.

Barnehagelærar:

Tre år lang pedagogikkutdanning på universitetet.

Underviser barn frå 1 til 6 år.

Førskulelærar:

Byggjer både på barnehage- og klasselærarutdanninga.

Klasselærar:

Fem år lang masterutdanning på universitetet.

Underviser elevar frå 1. til 6.klasse i alle fag.

Om ein lærar også har tatt grunnstudium i eit fag som det blir undervist i gjennom heile grunnskulen frå 1. til 9. klasse, kan han eller ho undervisa elevar i dei øvste klassane i tillegg.

I dag får dei praksis i øvingsskular som tilhøyrer universitetet frå og med 1. studieår. Tidlegare fekk dei det frå 3. studieår.

Emnelærar:

Fem år lang masterutdanning i eit spesielt fag på universitetet.

Underviser frå 7. til 9. klasse i grunnskulen og på allmennfag i den vidaregåande skulen.

 

– Nøkkelen til suksessen for den finske skulen er ikkje å finna i meir konkurranse, fleire privatskular og fleire nasjonale prøvar. Nei, forklaringa er samarbeid og profesjonalisering, like moglegheiter for alle elevane, å delegera ansvar til lokale styresmakter, ansvar basert på tillit gjennom sjølvevalueringar og gjennom å lytta på synspunkta til studentane og foreldra. Sist, men ikkje minst kan det finske skulesystemet skryta av meir profesjonalisering og mindre byråkratisering, understrekar Jari Lavonen.

Samanlikna med to av dei andre landa som gjer det bra på PISA-undersøkinga, Singapore og Sør-Korea, skil Finland seg ut på to område.

– Lærarane får ikkje prestasjonsbasert lønn, og skulane konkurrerer heller ikkje med å tilby den høgaste lønna for å få dei beste lærarane, slår Lavonen fast. Han minnest godt at på slutten av 1990-talet var det mange i Finland som meinte at den offentlege skulen ikkje var god nok og måtte endrast.

– Den kritikken tok slutt då dei første PISA-resultata kom, humrar han.

Saknar menn i skulen

Tilbake i rommet utanfor framtidas klasserom sit framleis studentane Riikka-Lotta Pehkonen og Susanna Jokimies. Også dei er imponerte over korleis ein i framtida kan bruka iPad, Smarttelefonar og Apple-TV som nye kommunikasjonsmiddel mellom læraren og elevane.

FRAMTIDAS KLASSEROM: På Institutt for lærarutdanning har dei bygd om det gamle biblioteket til å bli framtidas klasserom. Der må lærarane venja seg til at folk kan observera dei gjennom glassveggene. Elevane kan senda meldingar til læraren med iPhone, og så kjem meldinga opp på den elektroniske tavla. Dei kan også visa arbeidsprøver som fjernsynsbilete på ein Apple-TV.

– Mange skular har dette utstyret allereie. Problemet er at ikkje alle lærarane har lært å bruka det. Difor er det viktig at lærarstudentane får opplæring i dette og kan læra det vidare til andre, synest dei. Dei gler seg til å koma ut i skulen for å bli lærar, men dei har likevel eit hjartesukk.

– Det kunne godt ha vore litt fleire menn i barneskulen.

 

 

 

 

 

 

 

 

Emneord: Finland, Undervisning, Studentforhold, Internasjonalisering Av Martin Toft (tekst) og Ola Sæther (foto)
Publisert 23. okt. 2012 16:45 - Sist endra 24. okt. 2012 09:58
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere