– Det finst truleg ikkje eit einaste fakultet ved Universitetet i Oslo som ikkje vil ha nytte av tungrekneanlegget Abel, sa UiO-rektor Ole Petter Ottersen då han opna det nye tungrekneanlegget i Ole-Johan Dahls hus. Han viste til korleis det kan koma til nytte for medisinsk forsking. – Når det gjeld lidinga utposing i hjernen, vil det bli mogleg å simulera ein mogleg operasjon med dette anlegget for å sjå om ein bør operera pasienten eller ikkje, konstaterte Ottersen.
Tungrekneanlegget Abel har kosta 27 millionar kroner og er finansiert av Noregs forskingsråd gjennom UNINETT Sigma og Universitetet i Oslo. Det er også ein del av den nasjonale infrastrukturen for forsking. Rekneanlegget vil også bidra med reknekraft til CERN og PRACE (Det europeiske programmet for tungrekning). Det er det nest raskaste anlegget i Noreg, og det tredje raskaste i Norden.
USIT-direktør Lars Oftedal oppfordra så mange forskarar som mogleg til å ta i bruk Abel.
– Me har ein stab på 15 godt kvalifiserte tilsette, også med doktorgrad, som kan hjelpa dei som meiner dei vil ha nytte av å ta i bruk Abel, slo han fast. Det er det tyske selskapet MEGWARE som har levert anlegget.
Logg inn for å kommentere