Etterlyser lyse idear

– Me håpar å få inn langt fleire idear i fjor enn dei 30 me fekk i fjor. Det seier Jannicke I. Kristoffersen som  er prosjektleiar for Idéprisen hos Inven2.

IDEJEGER: Jannicke I. Kristoffersen er prosjektleiar for Idéprisen hos Inven2. No er ho på jakt etter idérike personar som har lyst til å delta i konkurransen.

Foto: Ola Sæther

Teknologioverføringsselskapet Inven2 lever av vidareutvikling av gode idear.  No vil dei ha inn fleire gode idear både frå tilsette og studentar frå Universitetet i Oslo og frå tilsette ved Oslo universitetssykehus (OUS). 

– Det blir delt ut to prisar, ein på 100 000 kroner og ein på 50 000, og ein av prisane vil gå til den beste forskingsbaserte ideen, medan den andre vil gå til ein idé som ikkje er eit resultat av forsking., fortel prosjektleiar Jannicke I. Kristoffersen i Inven2 til Uniforum.  

Samarbeider med start.uio

Det er tredje gongen Inven2, som er resultatet av fusjonen mellom Medinova og Birkeland innovasjon, arrangerer Idéprisen.   – For at alle skal bli klar over Idéprisen, har me begynt å samarbeida med studentorganisasjonen start.uio som arbeider for at studentar  skal bli interesserte i omsetja gode idear til små selskap. I kveld, torsdag 27. september,  vil studentane ha ein eigen idéverkstad på studentkroa i Ole-Johan Dahls hus der fem eller sju studentar presenterer ideane sine og får dei vurdert av eit eige dommarpanel, med vår teknologileiar Jonny Østensen som juryleiar, fortel Kristoffersen. 

Kunngjer vinnaren 18. oktober

Ho opnar også for at personar utanfor universitetet og Oslo universitetssykehus kan delta i konkurransen om å få Idéprisen. 

– Hovudmålet vårt er likevel å få flest mogleg av dei som arbeider for eigarane våre, altså UiO og OUS, til å melda på gode idear til konkurransen, understrekar ho. 

Fristen for å melda seg på er 12. oktober. Namnet på vinnaren av Idéprisen blir kunngjort på Gründerdagen den 18. oktober.  Og dei som vil vita meir, kan gå inn på nettsida til  Idéprisen

 

 

Emneord: Forskning, Forskningspolitikk Av Martin Toft
Publisert 27. sep. 2012 15:51 - Sist endra 27. sep. 2012 16:00
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere