Opna studenthage på Blindern
Alle studentar med grøne fingrar kan no få utfalda seg i studenthagen bak Svein Rosselands hus. I dag blei hagen offisielt opna av universitetsdirektør Gunn-Elin Aa. Bjørneboe.

OPNA STUDENTHAGEN: Universitetsdirektør Gunn-Elin Aa- Bjørneboe har nettopp opna studentagen og blir takka av Torstein Tvedt Solberg, som er leiar for Blindern Studenthagelag. Opninga blei gjort ved at Bjørneboe avduka plommetreet i bakgrunnen.
Det er Blindern Studenthagelag som saman med Grønt UiO har tatt initiativet til studenthagen og som både driv og haustar frukt og grønsaker der. Hagelaget blei starta i april, og dei tok i fellesskap kontakt med Teknisk avdeling for å høyra om Universitetet i Oslo kunne stilla med ein hageflekk til dei.
Husmannsplassen
Svaret fekk dei ganske raskt frå driftsleiaren i Parkavdelinga, Tørres Rasmussen. – Me fann straks ut at den grøne lunga bak Svein Rosselands hus, også kalla husmannsplassen, ville vera den rette staden. Der var det både god og urørd jord, fortalde Tørres Rasmussen under opninga.
– Fantastisk
Universitetsdirektør Gunn-Elin Aa. Bjørneboe fylgde opp med å fortelja kor glad ho var for dette tiltaket frå studentane.
– Det er fantastisk å få opna denne hagen. Og så set eg svært stor pris på at de satsar på å dyrka økologisk frukt og grønsaker. Som ernæringsekspert gler eg meg til å smaka på det de har hausta frå eigen hage etterpå, sa ho.
Så blei ho førd bort til eit tildekt plommetre, og fekk i oppdrag å få opp knuten i bandet som heldt presenningen på plass. Det gjekk fort og greitt, og plommetreet kunne koma ut av presenningen sitt harde grep og ut i dagslys.
– Dette er noko av det kjekkaste eg gjer, sa Bjørneboe etterpå.
200 medlemar
Blindern Studenthagelag har allereie fått 200 medlemar. Men både leiar Torstein Tvedt Solberg og nestleiar Marte Guttulsrød vil gjerne ha endå fleire medlemar.
– Det er klart me vil. Og kvar torsdag mellom klokka 16.00 og 21.00 inviterer me alle interesserte studentar til hagedugnad saman med oss, seier dei svært entusiastiske.
Prøvesmakinga av varene frå hagen gjekk svært bra. For alle dei som forsynte seg av lunsjen, syntest både smaken og kvaliteten var god.
STUDENTANE SIN EIGEN HAGEFLEKK: Blindern studenthage ligg bak Svein Rosselands hus og like ved gjesteforskarbustadene på Blindern. (Foto: Martin Toft)
Logg inn for å kommentere
Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere